Politifolk og en ambulansearbeider i samtale ved en sperret bygning. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Knivangrepet skjedde i storefri, med mange tilsette og elevar i nærleiken. Foto: Hallgeir Braastad / NRK

Ein 17-åring er sikta for drapsforsøk etter å ha knivstukke ein elev på Kuben vgs. tirsdag.

Ein 16 år gamal elev blei alvorleg skadd i knivstikkinga som skjedde i storefri under skoletida, men han er no utanfor livsfare.

Krimtekniker tar bilde av et åsted i regnvær.
Knivstikkinga skjedde utanfor hovudinngangen på skolen. Foto: Zhilwan Manbari / NRK

17-åringen er sikta for drapsforsøk og har samtykt til varetektsfengsling på onsdag.

– Me har bedt om brev- og besøkskontroll i to veker, seier politiadvokat Anders Mørland.

Det fekk dei medhald i, viser kjennelsen frå tingretten.

To veker om gongen er maks tid politiet kan be om for mindreårige.

To dommar frå Oslo tingrett viser at han er tidlegare dømd, mellom anna for å bere kniv.

Ein av dommane fall i oktober 2025, og gjaldt forhold frå då guten var 15 år.

Også ved dette høvet møtte han opp på ein skule med kniv.

Politiadvokat: – Veldig farleg

Fornærma etter knivstikkinga er utanfor livsfare, fortel politiadvokat Mørland onsdag.

– Me veit at han har vore utsett for fleire stikkskadar i overkroppen. Det vil alltid vere veldig farleg, seier han.

Politimann i uniform med korslagte armer i et møterom. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Anders Mørland er politiadvokat. Foto: Hallgeir Braastad / NRK

Politiet jobbar framleis med å kartlegge kva som skjedde før knivstikkinga. Dei har snakka med fleire vitnar og med fornærma.

Sikta er framleis ikkje avhøyrt.

– Me jobbar me å finne ut av om fornærma og sikta kjenner kvarandre, seier han.

Dømd for grovt ran

Saman med to andre oppsøkte dei skulen for å stele ein mobiltelefon, og brukte pistol og machete for å truge dei oppsøkte.

15-åringen hadde med seg ein machete med eit 27 cm langt blad, som han stakk fornærma i låret med under ranet.

Etter hendinga blei han dømd for medverknad til grovt ran, medverknad til grove trugslar og bering av kniv på offentleg stad.

Her blei han dømd til ungdomsstraff.

Politifolk og kriminalteknikere i hvite vernedrakter undersøker et område avsperret med bånd. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Krimteknikarar jobbar på staden tysdag. Foto: Hallgeir Braastad / NRK

Bar kniv på skule

Den andre dommen er frå april i år. Her er han dømd for trugslar mot ein billettkontrollør. Han hadde også med seg ein machete med eit tagga blad på 28 cm.

Berre få dagar seinare bar han kniv på ein vidaregåande skule i Oslo.

Ifølge dommen bar han kniv for å beskytte seg sjølv.

Han blei dømd til framleis ungdomsstraff, og fram til 17. mars i år hadde han dagleg meldeplikt til politiet.

Et hvitt telt på et åsted med kjeledresskledde mennesker.
Åstedsgranskere jobbar på staden tysdag ettermiddag. Foto: Zhilwan Manbari / NRK