KS-leder Gunn Marit Helgesen.
KS-sjef Gunn Marit Helgesen med Kommunenes hus i bakgrunnen. Ved inngangen til regjeringa sin budsjettkonferanse åtvarar ho om manglande pengar til integrering. Foto: Kristian Skårdalsmo / NRK

– Det er veldig uklokt for den enkelte, som ikkje får den språkopplæringa dei treng. Det er veldig krevjande for kommunane. Og det er dårleg for samfunnet, fordi vi får ei svekka integrering, seier styreleiar Gunn Marit Helgesen i KS til NRK.

– Det er denne trippeleffekten som vi nå påpeiker, seier KS-sjefen.

Kommuneorganisasjonen KS snakkar på vegner av alle kommunane i landet. Og før regjeringa sin avsluttande budsjettkonferanse på torsdag, kjem Helgesen med ei tydeleg melding:

Regjeringa har over tid sett av for lite pengar til å dekke kommunane sine reelle kostnadar til opplæring i norsk og samfunnskunnskap for flyktningar og nykomne.

Styreleder i KS, Gunn Marit Helgesen.
Helgesen fryktar ein trippelsmell for integreringa viss ikkje staten pungar ut for språkopplæring. Foto: Mats Rønning / NRK

530 millionar

Forklaringa er enkel, ifølge KS: Dekningsgraden for tilskot til norsk og samfunnskunnskap har over tid vore for låg.

Kommunane sin eigen interesseorganisasjon har sjølv berekna at det statlege tilskotet for neste år må auke med omkring 530 millionar kroner for å sikre full dekning av utgiftene, samanlikna med i fjor.

Slår ein saman 2024 og 2025, er det ei underfinansiering på 400 millionar. Årsaka til at dette talet er noko lågare, er at dekningsgraden var høgare i 2024.

– Vi snakkar om fire–fem hundre millionar kroner, avhengig av om du tar det siste året eller gjennomsnittet av eit par år. Men det er store tal – og dei pengane har ikkje kommunane, seier Helgesen.

Mellom 2020 og 2024 var dekningsgraden mellom 77 og 80 prosent. Men i fjor fall han til 71,7 prosent, ifølge KS' eiga berekning.

– Eit gap

KS-sjefen meiner dette er kritisk for den enkelte, som ikkje lærer godt nok norsk for å komme ut i jobb. Samtidig kan underfinansieringa føre til kutt i andre kommunale tenester.

– Statsbudsjettet er ikkje lagt fram ennå. Så korleis kan du vere sikker på at det ikkje blir sett av nok pengar til neste år?

– Det kan eg ikkje. Men gjennom fleire år så har det vore eit gap mellom det som staten har forplikta seg til, og kva det kostar å gi nødvendig språkopplæring.

– Dette har vi tatt opp med regjeringa ganske mange gonger på konsultasjonar. Så får vi håpe at dei nå har tenkt å oppfylle sin del av samarbeidsavtala og finansiere det det kostar.

Statssekretær Edvin Søvik (Ap) i Arbeids- og inkluderingsdepartementet roser kommunane for innsatsen med å busette flyktningar og kvalifisere dei for arbeid. Men han påpeiker også at staten bruker store summar på integrering.

Fylkesråd for finans i Viken, Edvin Søvik
Statssekretær Edvin Søvik. Foto: NTB

– Språkopplæring er viktig for å få til god integrering. Vi bruker over 20 milliardar kroner i året på norskopplæring, kvalifisering og busetting. Kommunane må også sjå på korleis dei organiserer sitt tilbod, slik at dei får eit best mogleg tilbod ut til dei som skal lære seg norsk, seier han.

Søvik viser også til at eit ekspertutval er sett ned for å vurdere kvaliteten i språkopplæringa ute i norske kommunar.

– Vi veit at det er store variasjonar både i kvalitet og i organisering av tilbodet, seier han.

Kutt i tenester

– For få innvandrarar snakkar godt nok norsk til å komme ut i jobb, slo arbeids- og inkluderingsminister Kjersti Stenseng (Ap) fast tidlegare i vår.

Og det var denne konklusjonen som bidrog til at språkopplæringa nå blir evaluert av ekspertar.

– Regjeringa har allereie konkludert med at språkopplæringa fungerer for dårleg. Er det da nødvendigvis løysinga å gi meir pengar? – Det er lett alltid å peike på kommunane, men dei fleste av flyktningane kjem frå Ukraina. Ein trudde dei hadde betre språkkunnskapar enn dei faktisk hadde. Så ser vi at det kostar meir, også for dei, og da må vi tette dette gapet, seier Helgesen i KS.

– Viss budsjettholet ikkje blir dekka i 2027, kva fryktar du vil skje?

– Da må vi redusere tenester på nær sagt alle felt.

– Kutt i tenestetilbodet?

– Ja, det er ingen annan utveg viss ikkje det blir finansiert.