– Eg har tatt med ei konfirmantkappe. Vil nokon prøve, spør Karin Fjose Olsen, kateket i Gimsøy kyrkje i Skien.

Ho held opp det lange, kvite plagget og ser forventningsfullt på dei fire venninnene.

Dei fniser lågt, men akustikken i kyrkjerommet gjer at latteren ber langt.

– Eg kan prøve, seier Sara Sofie Lie Henriksen (14) og reiser seg opp frå benken.

Jentene har eit innhaldsrikt halvår i vente, før den store konfirmasjonsdagen neste år.

Datoen er allereie sett: laurdag 1. mai – på den internasjonale arbeidardagen.

– Vi er takksame for at dei som eigentleg skulle hatt fri den dagen, heller jobbar og steller i stand konfirmasjon for oss.

Det seier Mina Lovise Naas (13), som synest det er fint å få feire to ting på same dag.

Gimsøy kyrkje skal ha heile tre konfirmasjonsgudstenester 1. mai 2027.

Skienskyrkja er ikkje aleine.

Minst 29 kyrkjer i 10 ulike fylke skal halde konfirmasjon på arbeidardagen, viser ein sjekk NRK har gjort. Det får arbeidstakar­organisasjonane til å reagere.

Kyrkjetilsette som ønsker å vere anonyme, tipsa NRK om 1. mai-konfirmasjonane.

– Svakt

– Sjølv om lovverket tillét kyrkjelege handlingar på 1. mai, meiner vi at det er nokre prinsipielle og solidariske utfordringar ved å velje akkurat denne dagen.

Det seier Veronika Johnsen Lepperød, leiar for teologane i Fagforbundet og LO.

– Det er svakt. Dei har så mange andre laurdagar og søndagar å ta av. Å velje 1. mai meiner vi er ei dårleg løysing, seier ho.

Lepperød understrekar at Den norske kyrkje er ein stor arbeidsgivar og ein viktig samfunnsaktør som burde gå fram som eit godt eksempel for resten av arbeidslivet.

– Store arrangement som ein konfirmasjon gir ringverknader for eit heilt lokalsamfunn.

– Det er ikkje berre presten og kyrkje­tenaren som må på jobb 1. mai, men òg kokkar og tilsette i selskapslokale, seier ho.

Fagforeiningsleiaren fryktar konsekvensane på sikt.

– Kva blir det neste? Skal det vere greitt med dåp og gravferd når 1. mai fell på ein vanleg kvardag? Vi kjem til å vere på vakt mot ei slik utvikling, seier Lepperød.

– Ikkje første gongen

Stein Reinertsen er biskop i Agder og Telemark. Han seier han forstår at folk reagerer på 1. mai-konfirmasjonane.

Likevel påpeiker han at det er tradisjon å ha konfirmasjonar dei to første helgene i mai.

– Vi skal fordele mange konfirmantar på berre to helger. Da blir det krevjande å få kabalen til å gå opp, seier han.

Biskopen forstår at fagforeiningane vil verne om arbeidardagen, men han deler ikkje Lepperød si frykt for skråplaneffekt.

– Det er ikkje første gongen konfirmasjonar hamnar på 1. mai, seier han.

–Eg har vore biskop i 14 år og har ikkje sett noko teikn til at det blir fleire gudstenester denne dagen.

Human-Etisk Forbund har på si side styrt unna 1. mai-helga i alle sine regionar.

– Vi gjer vårt ytste for å unngå kollisjonar med merkedagar som 1. mai, seier leiar for seremoni og konfirmasjonskurs, Andreas Gruvstad Larsen.

– Samtidig forstår vi at det ikkje alltid er mogleg å få heile kabalen til å gå opp i ein travel vår, seier han.

– Eg trur ho vil jobbe

I Gimsøy kyrkje i Skien er soknepresten klar på at konfirmasjonsdato 1. mai er ein glipp i planlegginga.

– Vi burde ha flytta det ei helg fram, men vi oppdaga det for seint til å endre på det, seier Stian Holtskog og legg til:

– Det er uheldig. Eg synest 1. mai bør få vere arbeidardagen utan forstyrringar.

Sara Sofie Lie Henriksen (14) innrømmer at ho fekk sommarfuglar i magen av å ta på seg den kvite konfirmantkappa. Ho gler seg til maidagen, men vil påpeike éin ting:

– Dei fleste skal ikkje i konfirmasjon den dagen uansett, og dei som skal, skal jo ikkje jobbe. Dei skal sitte gjennom ein seremoni og ete kake etterpå.

– Kateket Karin skal nok jobbe.

– Ja, men eg trur ho vil jobbe, seier ho og tittar bort på kateketen med eit smil.

Kateketen ser fram til å feire konfirmasjon 1. mai, men understrekar at ho som alltid kjem til å heise flagget for arbeidarane.

– Eg likar å vere i kyrkja, så for meg gjer ikkje det noko. Sånn blir det i 2027.