Kong Charles kondolerer: – Storbritannia deler Noregs sorg
– Det er med djup sorg at kona mi og eg har mottatt bodskapen om min kjære slektning, kong Harald V av Noregs, bortgang, seier kong Charles av Storbritannia. I trettifem år tente kong Harald sitt folk med dedikasjon, seier kong Charles. – Medan Noreg sørgar over tapet av ein så ruvande skikkelse, foreiner heile familien min seg i minnet om ein høgt elska slektning og venn. Dronninga og eg sender vår djupaste og mest inderlege kondolanse til dronning Sonja og heile familien hennar. Storbritannia deler Noregs sorg.