Kong Haakon tok imot statsministeren til syning
Kong Haakon og kronprinsesse Ingrid Alexandra tok imot statsminister Jonas Gahr Støre til syning av kong Haralds båre i dag. Det opplyste kongehuset i ei pressemelding. – Eg syntest det var ei verdig markering. Det gjer djupt inntrykk å sjå den avdøde kongen, men samtidig var det veldig naturleg og varmt og fint, seier statsministeren til NRK etter syninga. Syning er ein tradisjon i forbinding med eit tronskifte, skriv kongehuset. Den representerer regjeringas markering av overgangen frå avdøde kong Harald V til ny regent, kong Haakon VIII. Preses i Den norske kyrkje, Olav Fykse Tveit var også til stades under syninga. Han bad ei bønn under syninga, seier Støre. – Kongen og Ingrid Alexandra delte gode minner om kongen. Denne familien har ein eigenskap, som går i arv, som er at dei kan snakke om alvorlege stunder på ein måte som gjer at ein senkar skuldrene, slappar av og er godt til stades saman, seier Støre.