– Den dagen var han i veldig godt humør, seier Sigmund Hjermann.

Hjermann var kleppar og hjelpemann på fisketuren i Lærdal, 20. juni i år.

Dette vart den siste fisketuren for kong Harald.

Laksen beit på eit av dei første kasta til kongen.

Etter ein kamp med fisken på rundt 20 minutt, hamna laksen i håven.

– Kongen var entusiastisk, seier Hjermann.

Kong Harald får laks i Lærdalselvi
Kongen sa han hadde to dronningar i livet sitt: Sonja og Lærdalselvi. Her frå 2016. Foto: Odd Helge Brugrand

«Kongslaksen» lever framleis

Fisken som kongen fekk, vart ikkje drepen eller sloppen ut.

Laksen vart tatt med til villakssenteret i Lærdal – der den svømmer rundt i dag, i beste velgåande.

Folk kan dra til senteret og sjå fisken.

På videoen står «kongslaksen» fremst:

Fiskelaget hadde lov til å ta tre laks, som alle skulle til villakssenteret.

– Kongen fekk den første. Han hadde tilbod om å halde fram, men syntest at det fekk vere nok med éin. Så gjekk han på land og tok ein pause, mens vi andre fekk to laks til, seier Rolf Jerving.

Jerving var ven og ein av vertane for kongen dei siste elleve åra i Lærdalselvi.

God laksefiskar – til det siste

Få kunne svinge flugestonga på like majestetisk vis som kong Harald. Han var òg svært kunnskapsrik.

– Utan mykje kraft var han i stand til å legge fluga akkurat der han ville. Det var berre å nyte synet, seier Rolf Jerving.

Kong Harald med laks i Lærdal
Kong Harald med laks i Lærdal. Foto: Norsk Villakssenter / NRK

Dei siste åra sat kongen i båt og fiska.

– Det i seg sjølv er krevjande. Heilt til det siste var han ein god laksefiskar, seier Jerving.

På elvebreidda laga fiskelaget all maten sjølve i ei hytte – fersk sjøkreps frå Sognefjorden var fast innslag på menyen.

– Det var eit privilegium å vere med, denne gongen og alle dei føregåande. Alle vi i fiskelaget er veldig takknemlege.

Første og største i Lærdal

Det var i Lærdalselvi kongen tok sin første laks for 73 år sidan, på 4,5 kilo.

Den største laksen tok han òg i Lærdalselvi, på 18,5 kilo, ifølge villakssenteret i Lærdal.

– Eg har vore i Lærdal sidan eg var 15 år. Det er ikkje den store sensasjonen når eg kjem kvart år. Det har alltid vore sånn, sa kong Harald.

Leiaren for villakssenteret, Alf Olsen jr., fekk ein gong høyre ei spinnvill fiskehistorie av kongen.

Lærdal villaks
Alf Olsen jr. seier kongen var utruleg kunnskapsrik om laksefiske. Foto: Nils Ole Refvik / NRK

– Han sa han hadde fått 24 aure på ein dag på tørrfluge. Dei som veit kva eg snakkar om, veit at det er vanskeleg, seier Olsen jr.

Sjå fleire fiskeminne frå Lærdal her:

– Snakka aldri, aldri negativt

Elva var stengd for fiske frå 1996 til 2013.

Etter at elva opna, var det Thomas Hjermann som inviterte kongen tilbake.

Thomas Hjermann døydde i 2018, og han var vertskap saman Rolf Jerving, Rune Svoren og Ole Petter Breistøl. Dei helt fram som vertskap fram til i år. Sigmund Hjermann, Johnny Asp og Lars Petter Forberg var òg med på dette fisket i alle år.

Roar i båten 20. juni var Håvard Fosså.

Kong Harald på fisketur i Lærdal 2020. Rolf Jerving Rune Svoren Ole Petter Breistøl
Kongen båttur i 2020 i samband med fisketuren i Lærdal. I tillegg til kongen er vertskapet her Rolf Jerving (fremst), Rune Svoren (styrbord bak) og Ole Petter Breistøl (babord bak). Bilde frå 2020. Foto: Jan Christian Jerving / privat

Den unge Harald var òg mykje i Lærdal i tida etter at mora hans, Märtha, gjekk bort. Då var den unge prinsen berre 17 år.

– Kongen har sjølv gitt uttrykk for at desse turane til Lærdal betydde mykje for han i ungdommen, men òg seinare i livet, seier Sigmund Hjermann.

– Kongen snakka aldri, aldri negativt om nokon. Det første han gjorde rundt nye folk, var å få dei til å slappe av. Eg har vore veldig privilegert over å ha kjent han, seier Sigmund Hjermann.

Bonde Lærdal
Halv stong på garden til elveeigar Anders Tønjum i Lærdal. Foto: Nils Ole Refvik / NRK