Dei siste døgna har vi sett ein lågmælt, men kraftfull demonstrasjon av kva som bur i det norske folket.
SAMLING I BOTN: Folk har strøymt til Slottsplassen for å tenne lys, legge ned blomar og vise eit lågmælt, men sterkt nærvær. Foto: Jon Steffen Krosby / NRK

Folk har alltid søkt mot Slottet.

Turistane kjem for å ta bilete, regjeringa for å møte kongen i Statsråd, barnetoget for å vinke på 17. mai, og fotballsupporterane for å vekkje han.

Men denne veka begynte folk å søkje mot Slottsplassen av ein annan grunn.

Ikkje fordi dei hadde eit ærend, men berre for å vere der.

Det same skjedde ved små og store kyrkjer og samlingsstader over heile landet. Folk kom saman, utan anna ærend enn å vere der.

Det var ein lågmælt gest, men eit sterkt uttrykk for takknemlegheit og kjærleik.

en gruppe mennesker som står rundt et bord med blomster på (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Folk i alle aldrar har samla seg for å legge ned blomar og tenne lys i ein lågmælt, men kraftfull markering. Foto: Sissel Rikheim / NRK

Folket svara med å gjere nøyaktig det same som Kong Harald alltid har gjort når nasjonen har trengt det som mest – ved nyttårsorkanar, naturkatastrofar og terrorangrep.

Dei kom, og dei var der.

Utan fakter eller bravadar, berre med ro og eit dempa nærvær.

Det var ikkje nøydd til å bli slik.

Samling i botn

Vi lever i ei uroleg tid der kjemper fell og ein heil verdsorden står på spel.

Meldingane frå Rikshospitalet kunne lett ha utarta til noko meir panisk og støyande.

Men det var ikkje det som skjedde.

Meldingane aktiverte i staden ein djup, nasjonal refleks.

Nordmenn svara med å halde hender, tenne lys og utvise ein lågmælt ærbødigheit og kollektiv respekt.

At Noreg bestod denne testen, er eit testament til Kong Harald og hans livsgjerning.

Han har jubla med oss. Han har gråte med oss, og han har gått med oss.

Gjennom reisene til små og store grender over heile landet forsegla han banda til det norske folket.

Som avisa Minerva oppsummerer: «Alle har ikkje rista kongens hand, men alle kjenner nokon som har gjort det.»

Flagget på halv stang utenfor Mester Grønn
Flagg på halv stong markerer ei felles sorg som strekkjer seg frå Slottsplassen og helt ut til dei minste grendene i landet. Foto: Tordis Gauteplass / NRK

Kunsten å takle forandringar

Alle desse møta bidrog til at Kongen aldri låste seg fast i eit forelda bilete av kva landet ein gong var, men gjekk inn i si eiga tid og gav rom for det Noreg faktisk har vorte.

Kan hende best symbolisert i talen i Dronningparken i 2016, der han sirkla inn kva det i dag vil seie å vere norsk, og slo fast at nordmenn trur på Gud, Allah, Altet og Ingenting.

På same vis viste han ei heilt eiga evne til å takle sine eigne forandringar.

Heilt sidan kreftoperasjonen i 2003 har han bore alderdomen, krykkjene og helseplagene i full offentlegheit – alltid med ein unik kombinasjon av stoltheit, sjølvinnsikt og humor.

Det er ein elskeleg kombinasjon.

Og det vart han: djupt elska av folket sitt.

Dei siste døgna har vi sett ein lågmælt, men kraftfull demonstrasjon av kva som bur i det norske folket.
Sorg over heile landet: Flagget på halv stong ved fjorden understrekar det stramme og dempa nærværet som har prega Noreg dei siste døgna. Foto: Eivind Bulie / NRK