Blant dei som fekk med seg at kongefamilien var på synfaring i domkyrkja tysdag ettermiddag, var Torild og Hans Sundsvalen frå Nordagutu i Midt-Telemark.
Dei starta turen inn til hovudstaden 05.30 tysdag morgon.
Ikledd bunad defilerte Torild ved båra til kong Harald, før dei tok turen til Oslo Domkirke.
– Eg hadde bestemt meg for at når vi skulle inn i dag i Slottskapellet, skulle eg ha på meg det finaste eg hadde. Det er bunaden som mi mamma har sydd.
For henne har kongen vore ein viktig figur.
– Vi må prøve å leve på ein sånn måte som han har fortalt oss korleis vi skal vere mot kvarandre. Vi skal vere rause mot kvarandre og akseptere forskjellar, seier ho.
– Han var ein eineståande føregangsmann når det kjem til korleis vi skal behandle kvarandre, legg ho til.
Hans har sjølv møtt kongen, og skildrar han som eit samlingspunkt.
Utanfor domkyrkja fekk dei synet av kongefamilien som var på veg ut av kyrkja.
– Det var fantastisk og heilt tilfeldig at vi såg kongefamilien, seier Hans.
– Eg fekk sett litt av dei, seier Torild.
Besøkte kyrkja
Rundt klokka 15 tysdag ettermiddag blei kong Haakon, dronning Sonja, kronprinsesse Ingrid Alexandra og prins Sverre Magnus observert på veg inn i Oslo Domkirke.
Inne i kyrkja blir det gjort klart til gravferda til kong Harald, som skal gå føre seg der onsdag.
Om lag ein halvtime seinare kom familien ut frå kyrkja, og blei køyrde bort i bilar.
Dei siste som defilerte
Theo (7) og Emily Ofstad-Farestad (5) var dei siste i køen for å defilere ved båra til kong Harald. Dei ville seie ha det til kongen.
– Det at vi får vere dei siste som ser han det kjennest kjempespesielt, seier mor Fanny Ofstad-Farestad.
Familien driv Cafe Cathedral, og blei kontakta av det kongelege hoff om å ha ei vaffelvogn i dronning Sonja sin kunsthall denne sommaren.
Familien stilte seg i køen til defilering eit kvarter før han blei stengt for offentlegheita tysdag kveld.
– Det var ein som hoppa over gjerdet elegant, men då sa køen ifrå, seier Fanny.
Barna får tida i køen til å gå med å løpe og klatre i tre.
– Korleis har det vore å stå i køen?
– Litt keisamt og litt gøy, seier Theo.
Den siste veka har det vore fleire timar lange køar av folk som vil helse kongen ein siste gong, sog Slottet har måtte utvide opningstidene.
Totalt har over 46.000 menneske defilert ved kongens båre.
I tillegg har også kongefamilien, representantar for det offisielle Noreg, diplomatar og forsvaret defilert.
Tok farvel med fiskekompisen
Det var mange kjensler i sving då Hans Kristian Kjeldsberg defilerte ved kong Harald si båre.
Kjeldsberg kjente kongen frå dei mange fisketurane han hadde i Altaelva.
– Det var sterkt. Då vi kom ut derifrå, måtte vi halde rundt kvarandre og då kom tårene, seier han til NRK.
For altaværingen var besøket i Slottskapellet eit punktum for det langvarige vennskapet.
– Vi var så gode vennar, og eg såg fram til når han kom opp til elva kvart år for å fiske. No er det slutt, ein epoke er over. Så eg måtte ned hit.
Sjå dei unike bileta frå Altaelva her:
– Det var greitt fram til vi skulle gå ned trappa og inn i kapellet. Då kjente eg klumpen i magen og tårene byrja å trille, seier Johansen om opplevinga.
Kongen har fiska i Alta i over 50 år. Hans siste fisketur i nord var i fjor.
Kjem frå Spania
Fire spanske venninner har tatt turen til Oslo for å få med seg gravferda i morgon.
Gravferda til den norske kongen er den tredje store gravferda dei reiser på tur frå Spania for å få med seg.
Den førre gravferda dei fekk med seg, var gravferda til pave Frans. Før det var kvinnene i England etter dronning Elizabeth sin bortgang.
– Det er ein hobby, seier Gemma Masnou, som er glad i dei kongelege.