Laurdag ettermiddag held kong Haakon kondolanseaudiensar på Slottet.
Dette er eit formelt og offisielt møte på Slottet, der kongen skal ta imot offisielle kondolansar frå stortingspresidenten, høgsterettsjustitiarius og preses for Den norske kyrkja.
Kronprinsesse Ingrid Alexandra deltar også på audiensane.
Først møter kongen og kronprinsessa stortingspresident Masud Gharahkhani. Stortingspresidenten har det høgste offentlege vervet i Noreg etter Kongen.
Før audiensen skreiv Gharahkhani ei helsing i kondolanseprotokollen på Slottet.
Etter audiensen la Gharahkhani ned ein blomsterbukett i blomsterhavet på Slottsplassen, der tusenvis framleis er samla. I møtet med kong Haakon var han oppteken av å vise den nye kongen støtte.
– Det er ikkje alle som får vete at sin far er gått bort og det første dei må gjere er å ringe det offisielle Noreg, seier han til NRK etter audiensen.
Han vil framheve den personlege sorga kongen no står i.
– Då eg besøkte vår nye konge møtte eg ein son som har mista sin far og eit barnebarn som har mista sin kjære bestefar, seier Gharahkhani.
Kongen og kronprinsessa møter også høgsterettsjustitiarius Toril Marie Øie. Ho er dommaren som leier Høgsterett, som er Noregs øvste domstol.
Øie er nummer fire i rangrekkefølgja i Noreg, etter Kongen, stortingspresidenten og statsministeren. Også ho skreiv ei kondolanse i protokollen på Slottet før audiensen.
Den siste kong Haakon og kronprinsesse Ingrid Alexandra skal møte er preses Olav Fykse Tveit. Han er den leiande biskopen i Den norske kyrkja og leiaren for Bispemøtet.
Minnetale klokka 19
Kong Haakon sin første tale er minnetalen over far sin, kong Harald.
Talen blir sendt på NRK1 og NRK TV laurdag klokka 19.
Kong Haakon følgjer dermed i sin fars fotspor. Kong Harald heldt også minnetale over sin far eit døgn etter at kong Olav døde 17. januar 1991.