Kong Harald har sidan måndag 17. august vore innlagt på Rikshospitalet for behandling for blodsjukdommen hemolytisk anemi.

Rett før klokka 17 torsdag opplyser kongehuset i ei pressemelding at helsetilstanden til kongen er uforandra. Kongens helsetilstand er framleis svært alvorleg.

Fredag morgon er dronning Sonja tilbake på Rikshospitalet. Torsdag var ho på sjukehuset i ti timar. Også prinsesse Ingrid Alexandra og prins Sverre Magnus er på sjukehuset.

Kronprins Haakon vart ikkje observert i å reise frå Rikshospitalet torsdag og ein antar at han har vore på sjukehuset gjennom natta.

En person sitter i baksetet på en mørk bil. Et skilt med en pil er synlig i bilvinduet. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Dronning Sonja er på Rikshospitalet. Foto: Krister Sørbø / NRK

– Når ein nærmar seg 90 år er ein ofte ganske skrøpeleg

Sjukdommen kong Harald lid av er ein form for blodmangel (anemi) der raude blodceller blir brotne ned raskare enn kroppen klarar å lage nye.

Spesialist i geriatri ved Akershus universitetssjukehus Leiv Otto Watne forklarar at eldre personar har mindre motstandskraft mot akutte infeksjonar.

– Jo eldre ein blir, jo meir utsett er ein for å få fleire kroniske sjukdommar. Når ein nærmar seg 90 år er ein ofte ein ganske skrøpeleg person, seier han til NRK.

Blodmangelen tvingar hjartet til å jobbe hardare, samtidig som ein bakterieinfeksjon og biverknadene av medisinane kan setje ein eldre og sårbar kropp på prøve.

– Når me behandlar eldre pasientar ser me ofte at desse enkeltsjukdommane i sum blir vanskelege å behandle, seier Watne.

Familien er saman

Då kongen vart innlagt førre veke hadde han allereie fått kortisonbehandling for sjukdommen, men væskesamling førte til at han måtte behandlast vidare på sjukehus.

En bil med lilla lys (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Prinsesse Ingrid Alexandra og prins Sverre Magnus kom til Rikshospitalet saman. Foto: Krister Sørbø / NRK

Dei siste dagane har fleire medlem av familien besøkt kongen. Fredag er dronning Sonja, kronprinsbarna og barna til prinsesse Märta Louise på Rikshospitalet.

en person som kjører bil (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Leah Behn er også på Rikshospitalet. Foto: Krister Sørbø / NRK

Kongehusekspert i TV 2 Ole-Jørgen Schulsrud-Hansen seier det er viktig for familien å halde saman.

– Dei er saman og det ser ut til at det no alltid skal vere eit medlem av kongefamilien til stades på Rikshospitalet, seier Schulsrud-Hansen til NRK fredag.

Blomar på Slottsplassen

Sidan torsdag har det dukka opp blomsterbukettar utanfor Slottet. Folk har strøyma til for å vise støtte til kongen.

Søstrene Maria og Sofie Aschjem tok turen til Slottsplassen fredag morgon for å sjå havet av blomar.

– Du merker at folk er litt nedpå og visar respekt. Det er nesten litt emosjonelt å stå her, seier dei.

To kvinner blir intervjuet av en journalist foran Det kongelige slott. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Maria og Sofie Aschjem la joggeturen til Slottsplassen fredag morgon. Foto: Jonas Sandboe / NRK

Sverre Coch sykla innom Slottsplassen på veg til jobb fredag. Han vart overraska over kor rørt han vart av synet av helsingane.

– Eg køyrde i full fart nedover og tenkte eg skulle svinge innom. Når eg kjem her så får eg ro. Det var veldig overraskande sterkt.

Kongehuskommentator Schulsrud-Hansen seier helsingane framfor Slottet viser kor populær kongen er.

– Kong Harald har ein heilt uomstridd posisjon i dette langstrekte landet. Det viser jo berre kor populær han er, når så mange blir bekymra når det kjem melding om at han er alvorleg sjuk, seier Schulsrud-Hansen.

Tove Taalesen, forfattar og kongehusekspert for Nettavisen, var på Slottsplassen seint torsdag kveld.

– Det er rørande å sjå korleis Noreg sluttar opp under heile Noregs bestefar.

Ho skildrar situasjonen på Slottsplassen som stemningsfylt.

– Der stod ein skulder til skulder. Unge, vaksne, norske og utanlandske. Ingen sa så mykje, men ein song litt og var heilt roleg saman. Det tenkjer eg er eit ganske godt uttrykk for kva kongen betyr for oss, seier ho.