I 1992 bad kong Harald partisanane i Finnmark om unnskyldning. Dei hadde blitt overvaka av styresmaktene i fleire tiår etter den andre verdskrigen.
Partisanane rapporterte til det sovjetiske forsvaret om den tyske krigsmakta sine operasjonar i Finnmark.
Mange av dei blei oppdaga av dei tyske okkupantane og avretta.
– Her står namna til alle dei som mista livet. Av 26 kibergværingar som var partisanar, blei 13 drepne, fortel ein av etterkommarane til partisanane, Trond Henriksen framføre partisanstøtta i Kiberg.
Bestefaren var svært aktiv partisan
Fiskeværet Kiberg ligg så langt aust i Noreg som ein kan komme. Under krigen var det naturleg å reise til Sovjetunionen for å melde seg til kamp mot dei tyske okkupantane. Svært mange i bygda var anten partisanar eller partisanhjelparar.
Trond Henriksen sin bestefar, Trygve Eriksen, var blant dei mest aktive partisanane og overlevde krigen.
– Han var på rundt 20 oppdrag frå Murmansk til Finnmark for å rapportere om kva tyskarane dreiv på med her.
Freden kom ikkje til Kiberg
Krigsinnsatsen deira blei ikkje anerkjent da Tyskland kapitulerte i 1945.
– Freden kom aldri hit til Kiberg. Veldig mange blei overvaka, avlytta og trakassert av norsk overvakingspoliti i mange tiår etter krigen, fortel Henriksen.
Talen betydde mykje
I 1992 heldt kong Harald talen kor Noreg bad partisanane om orsaking.
– Eg er redd vi urettmessig kan ha påført enkelte store personlege belastningar i skuggen av den kalde krigen, sa han mellom anna.
– For folk i Kiberg betydde den spesielt mykje, seier Henriksen.
Krigsinnsatsen i bygda var omfattande.
– Mange krigsheltar kom herifrå. Dei aller fleste av dei blei overvaka og trakassert i ettertid. Så når kongen kjem og beklagar og seier unnskyld for den behandlinga dei fekk så trur eg det kom eit lettande sukk hos mange.
– Nokre tok til tårane, andre grein litt i kongens armar, seier Henriksen.
Sterk oppleving
Fleire av dei som var til stades den 3. august i 1992 fekk veksla nokre ord med kong Harald.
– Det kom jo gråtande personar, eller folk med tårer i auga. Dei takka meg for det eg hadde sagt, fortalde kong Harald i programmet «Konge og Dronning i 25 år» for ti år sidan.
Før han heldt talen var han ikkje klar over at orda han framførte skulle få så sterk verknad på dei som var til stades og høyrde unnskyldninga.