I fjor tok Noreg imot over 1,6 millionar cruiseturistar fordelt på drygt 3900 anløp langs norskekysten.
Det gjorde 2025 til eit rekordår for cruiseaktivitet i landet, opplyser Kystverket.
I april braut det ut hantavirus blant passasjerane på cruiseskipet «Hondius».
Fleire spør seg no om den norske beredskapen er god nok dersom noko tilsvarande skulle skje med eit cruiseskip i våre farvatn.
Norske beredskapshamner på plass
Det er lite truleg at eit liknande scenario vil skje i Noreg, ifølge Knut Berglund, avdelingsdirektør i Helsedirektoratet.
– Risikoen vil vere veldig liten. Det er eit virus som tradisjonelt høyrer heime i ein annan verdsdel, så at det skal komme til Noreg har eg lita tru på, seier han til NRK.
– Samtidig har vi gode system for varsling og overvaking for å kunne ivareta ei slik hending dersom det skulle skje, legg han til.
Berglund understrekar at det er eit godt internasjonalt samarbeid på plass for å kunne handtere slike situasjonar.
Det vanlegaste er smitteutbrot av norovirus og influensa om bord på cruiseskip i Noreg, ifølge avdelingsdirektøren.
– Når det kjem så mange menneske saman, er det risiko for smitteutbrot, men det er ofte snakk om veldig ufarlege magevirus, seier Berglund.
Dersom eit smittsamt utbrot på eit cruiseskip skjer på ein mindre stad i Noreg, har større byar ansvar for å ivareta som beredskapshamner.
– Noreg har hamner som internasjonalt er peikte ut til å handtere beredskapshendingar på cruisebåtar, seier avdelingsdirektøren.
Er sommarferien trygg?
Dersom du har planlagt utanlandsferie i sommar kan du senke skuldrene.
Hantavirusinfeksjonar og smitte mellom menneske er sjeldan på verdsbasis, ifølge Verdas helseorganisasjon (WHO).
– Det er ingen reiserestriksjonar grunna hanta- eller andesvirus, men generelt bør ein unngå kontakt med gnagarar og ekskrement frå dei når ein er på reise, skriv Folkehelseinstituttet (FHI) på sine nettsider.
Generelt er det auka risiko for smittefare på cruiseskip ettersom mange menneske oppheld seg tett over tid, men det er for augneblinken ingen restriksjonar for cruisereiser.
– Eg vil tenke at det er ganske trygt, og eg hadde ikkje vore uroa dersom det var eg som skulle bestille ein cruisetur, seier Berglund til NRK.
Høyr podkastepisoden frå Oppdatert som tar for seg det virusråka skipet på Tenerife:
Det er ingen teikn til auka risiko for smitte for folk på reise, og reiser kan halde fram som normalt, ifølge USAs folkehelseinstitutt (CDC).
Situasjonen med hantavirus blir nøye overvaka av norske myndigheiter, WHO og Det europeiske smittevernbyrået (ECDC), saman med andre europeiske land.
– Dette er ikkje ein ny covid, trygga WHO-sjef Tedros Adhanom Ghebreyesus i ei fråsegn laurdag.