Ingrid Kreken Neset og Andreas Øren held nyfødte Hanna.
TOPP: Vesle Hanna er med på å snu fødselstrenden dei siste åra. Foto: Nils Jakob Bakke Nydal / NRK

– Begynner du å bli svolten no? spør mamma Ingrid Kreken Neset, medan ho ser ned på den nyfødde dottera Hanna.

Saman med pappa Andreas Øren kviler ho ut på barsel.

Sidan 2023 har talet på nyfødde i landet gått éin veg – nedover. Men vesle Hanna er ein del av ein ny nasjonal trend.

Nemleg at det kjem fleire born.

Ingrid Kreken Neset og Andreas Øren held nyfødte Hanna.
NYFØDD: Ingrid Kreken Neset og Andreas Øren helsar det nye familiemedlemen Hanna. Foto: Nils Jakob Bakke Nydal / NRK

Sju born før klokka to

Hanna er langt frå åleine. Ved utgangen av mai var det fødd 100 fleire born ved sjukehuset i Førde i år samanlikna med same tidspunkt i fjor.

Den markante auken har skapt eit heilt nytt trykk på avdelinga, fortel jordmor Cecilie Kvamme Berge.

– Vi har hatt seks fødslar før klokka to ein dag, med sju born på grunn av at det var tvillingar. Det er mykje meir enn vanleg. Då får vi snudd oss, og då jobbar vi på. Men det er veldig kjekt, smiler Berge.

 Jordmor Cecilie Kvamme Berge
FØREBUDD: Cecilie Kvamme Berge ved sjukehuset i Førde seier trass i høgare fødselstal, så er dei klare for å ta imot alle. Foto: Nils Jakob Bakke Nydal / NRK

Ei bølgje over heile landet

Det er ikkje berre i Førde at barselavdelingane går på høggir. Ferske tal frå Medisinsk fødselsregister (MFR) viser ei solid, nasjonal bølge.

I perioden januar til april i 2026 blei det fødd totalt 18 770 barn i Noreg. Det er ein auke på nesten 2000 fleire fødslar på berre tre år.

Det betyr også at årets tal akkurat no slår «korona-boomen» frå 2021.

Mysteriet løyst?

Norske politikarar har sagt til det norske folk: få fleire barn! No verkar det som at det skjer.

Men kva skal til for at det plutseleg kjem fleire born?

Avdelingsleiar for fødeklinikken i Bergen, Lorentz Linden, trur han har funne ein viktig del av svaret på kvifor det skjer no.

– Det er ikkje eintydig at dette er svaret, men vi veit at dei som blir gravide no, gjerne er fødde på 90-talet, og då var det ein del store kull.

Gjennomsnittsalderen for førstegongsfødande kvinner har stige til litt over 30 år. For menn er det 32 år.

– Så det kan ha noko å seie at det no er mange som er komne i ein alder der dei tenkjer at det er naturleg å få born, forklarer Linde.

Bilde av Lorentz Linde som er direktør på Kvinneklinikken
BALLONGVEGG: På desse ballongane heng Lorentz Linde og resten av gjengen på Haukeland i Bergen ein sløyfe for kvart nyfødde barn. Ballongane markerer kvar månad. Foto: Therese G.Pisani / NRK

Utfordrande logistikk i nytt bygg

Også ved Stavanger universitetssjukehus merkar dei trykket frå dei aukande fødselstala.

Avdelingssjef Marit Halonen Christiansen stadfestar at talet på fødslar ligg høgare enn i fjor, og at dei nærmar seg dei høge tala frå rekordåret 2021.

– I gjennomsnitt har vi kanskje 13 fødslar per døgn, men det svingar kraftig. For eit par veker sidan hadde vi 21 fødslar på eit enkelt døgn, fortel Christiansen.

Ho legg ikkje skjul på at den auka aktiviteten krev sitt av organisasjonen, særleg når dei samtidig skal få logistikken til å gå opp i eit heilt nytt sjukehusbygg.

Baby på Haukeland
GOD KAPASITET: Trass i fleire fødslar seier avdelingane i Bergen, Førde og Stavanger at kapasiteten ikkje er sprengt. Foto: Therese G.Pisani / NRK

Sjølv om avdelinga har nok fødestover og jordmødrer til å yte god fødselshjelp, er ho oppteken av å møte utfordringane som følgjer med den travle kvardagen.

– Det er hyggjeleg med fleire fødslar, men vi gjer vårt ytste for at både mor og familie skal få den tida og hjelpa dei treng, understrekar avdelingssjefen i Stavanger.

Håp om ein «VM-boom»

Lorentz Linde trur at sommarens VM kan påverke fødselstala til neste år.

Forskarane er ueinige om det er ein tydeleg samanheng. Men det finst teoriar om at då Tyskland gjorde det bra i 2014, vart det laga fleire born.

– Dersom Noreg gjer suksess i det pågåande fotball-VM, kan vi då vente oss ein endå større babyboom til neste år?

– Det spørsmålet får vi et svar på om ni månader, ler Linde i Bergen.

– Men vi håpar jo at det kan få positive effektar på fødselstalet også!

Uansett om det vert fotballfest eller ikkje, er jordmødrene klare til å ta i mot dei nye vestlendingane med opne armar.

– Det er kjempekjekt at folk føder born. Og vi er rusta og rigga til å ta imot alle saman. Så det er trygt å føde i sommar, avsluttar jordmor Cecilie Kvamme Berge i Førde.

Norsk feiring
VM-BOOM? Lorentz Linden håpar at dersom Noreg gjer det bra i VM, så vil det slå ut på fødselstala til neste år. Foto: AP