Karianne Kongspart i Trondheim
KONFLIKT: Karianne Kongsparten hamna i konflikt med utleigaren. Det skulle ta over eit år før ho fekk depositumet sitt tilbake. Foto: Henning Levold / NRK

– Eg fekk ingen bilete eller noko. Eg fekk eigentleg berre beskjed om at eg måtte betale, fortel Karianne Kongsparten.

I juni i fjor vaska ho seg ut av studentbustaden i Trondheim og leverte nøklane.

Ein og ein halv månad seinare kom kravet frå utleigaren.

– Eg fekk ein utflyttingsprotokoll der det stod at eg måtte betale 6000 kroner for åtte timar med utvask.

Kravet godtok ikkje Kongsparten. Det blei starten på ein lang konflikt med eigaren.

Karianne Kongsparten sin leilighet hos Umeus etter utvask
Kongsparten vaska den 17 kvadratmeter store leilegheita og leverte nøklane. Foto: Privat

Adresseavisen omtalte Kongsparten sine opplevingar først.

– Heilt sinnssjukt

Kongsparten budde omtrent eit år i studentbustaden som er eigd av selskapet Umeus.

– Det var eigentleg ein ganske ålreit plass. Det var ikkje noko problem før eg flytta ut, seier ho.

Utleigaren kravde pengar for manglande utvask.

– Det var ein steikomn som ikkje var heilt rein og eit par flekkar på nokre av frontane, erkjenner Kongsparten.

– Men det kostar ikkje 6000 å vaske det på nytt.

Summen Umeus kravde, reagerte ho kraftig på.

– Den er heilt sinnssjuk.

Sidan kravet kom såpass seint fekk ho heller ikkje mogelegheita til å sjølv rette opp i vaskinga.

– Til slutt seier dei at dei kjem til å melde det vidare til Husleigetvistutvalet (HTU) dersom eg ikkje signerer protokollen.

Vann saka – etter nesten eitt år

Kongsparten signerte ikkje og saka blei sendt til HTU.

Der var behandlingstida lang. Først i slutten av mai, elleve månader etter at Kongsparten hadde flytta ut, kom avgjerda.

HTU meinte kravet frå utleigaren kom for seint og gav Kongsparten medhald.

Ho fekk heile depositumet tilbake.

Karianne Kongsparten
Kongsparten måtte vente lenge før ho fekk medhald i HTU. Foto: Henning Levold / NRK

At det tok så lang tid reagerer ho på.

– Det burde ikkje vere naudsynt å vente eit heilt år før ein får svar på slike ting.

– Er du glad du orka?

– No er eg det.

– Men eg føler ikkje at eg vann saka. Eg fekk berre pengane mine etter veldig lang tid.

Konklusjon fra HTU
HTU konkluderte med at Kongsparten blei frifunnen frå kravet om å betale erstatning. Foto: Skjermbilde / Vedtak HTU

– Frustrerande

Kongsparten fortel at det har vore slitsamt å ha hatt saka hengande over seg så lenge.

– Det har vore frustrerande.

At det var eit stort firma ho hamna i konflikt med, gjorde situasjonen vanskelegare.

– Når ein har ein privat utleigar kan ein sende ein SMS, ringe eller kanskje banke på døra om du bur i underetasjen.

– Men her så har du ikkje noko kontaktinformasjon på e-post eller eit telefonnummer. Alt går gjennom Hybel.no eller via resepsjonen om han er open.

Karianne Kongsparten viser fram mobilen
Kommunikasjonen mellom Kongsparten og Umeus gjekk via nettstaden hybel.no. Foto: Henning Levold / NRK

– Tar saka på alvor

– Vi synest det er leit at leigetakaren sit igjen med ei negativ oppleving, og vi tar saka på alvor.

Det seier Kristian Aarflot-Nyrud i Umeus. Han seier det er viktig for utleigaren at alle bustadane deira er tilstrekkeleg reingjort.

– Vi har eit særleg ansvar for å sikre at nye leigetakarar overtar ein bustad med den standarden dei har krav på, seier Aarflot-Nyrud.

Et skilt tilhørende utleieselskapet Umeus som leier ut hybler og kollektiv til studenter. Det står "Umeus, student co-living".
Umeus fortel at dei tar avgjerda frå HTU på alvor. Foto: Mathias Kartveit Mikalsen / NRK

Han fortel at leigetakarane kan velje om dei vil delta på inspeksjon av bustaden når dei flyttar ut.

– Dersom nøklane blir levert før inspeksjonen er gjennomført, mister leigetakaren moglegheita til å utbetre eventuelle manglar.

Om det er manglar så engasjerer dei eit reinhaldsselskap, fortel Aarflot-Nyrud.

– I denne saka vurderte reinhaldsselskapet at bustaden hadde behov for ytterlegare reingjering.

Depositumet blei betalt tilbake da HTU sitt vedtak var rettskraftig.

–Vi tar vedtaket til etterretning og vil bruke erfaringane frå saka til å forbetre rutinane våre.

Studentane klagar på utleigar i Trondheim: – Me blir verken trudde eller stolte på

Auke i talet på tvistar

– Talet på saker har auka kraftig etter at Husleigetvistutvalet blei ei landsdekkande ordning frå september 2021.

Det fortel fungerande direktør i HTU, Christian Heimdal.

Før 2021 hadde dei i underkant av 2000 saker i året, fortel Heimdal. Sidan den gong har talet på saker meir enn dobla seg.

At ordninga har blitt landsdekkande og betre kjent trur Heimdal har bidratt til auken.

– Ei sentral ekstern årsak til auka tvistehyppigheit er presset som er i leigemarknaden mange stadar, særleg i dei store byane.

HTU ønsker ikkje å kommentere den konkrete saka mellom Kongsparten og Umeus. At det tok ti månader frå saka blei klaga inn til avgjerda kom er ikkje bra, fortel Heimdal.

– Vi beklagar generelt at saksbehandlingstida er så lang. Det er uheldig.

– Årsaka er i stor grad kapasitetsutfordringar på grunn av auka saksmengde, seier Heimdal.

Christian Heimdal, fungerende leder i Husleietvistutvalget
Christian Heimdal fortel at HTU lenge har hatt utfordringar med kapasiteten. Foto: Husbanken

Han fortel at kapasiteten i HTU lenge har vore under press.

– Etter at vi blei ein del av Husbanken frå 1. januar 2026 har vi jobba målretta med å styrke kapasiteten for å få ned saksbehandlingstidene.

Han peiker mellom anna på at dei har tilsett fleire nye medarbeidarar i utvalet.

– Ei forhasta avgjerd kan bli kostbar

Jurist i Forbrukarrådet, Nora Wennberg Gløersen, peiker på at talet på utleigebustadar har falle dei siste åra. Samstundes har leigeprisane stige kraftig.

– Når etterspørselen er større enn tilbodet, aukar risikoen for at leigetakarar tar val dei seinare angrar på.

Nora Wennberg Gløersen fra Forbrukerrådet
Nora Wennberg Gløersen i Forbrukarrådet fortel at presset i marknaden kan gjere at leigetakarar inngår avtalar dei angrar på. Foto: Forbrukerrådet

– Ei forhasta avgjerd kan bli kostbar dersom du ender opp med ein dårleg bustad eller ein urimeleg kontrakt, seier Gløersen.

Ho fortel at Forbrukarrådet oppfordrar alle som skal leige bustad til å ta nokre enkle forholdsreglar:

Kan vere lurt å filme bustaden

Gløersen fortel at det er typisk at det oppstår usemjer når ein flytter ut av ein leid bustad.

– Så det kan vere lurt å filme og ta bilete av bustaden dagen du flytter inn. Da har du dokumentasjon på bustadens tilstand.

Det er enkelte ting det er lurt å sjekke, fortel Gløersen:

Gløersen fortel at det kan vere lurt å sette seg inn i husleigelova. Dersom det oppstår ein konflikt bør ein alltid forsøke å løyse saka med utleigaren først.

– Mykje kan bli laust ved hyggeleg og sakleg dialog.

– Om de ikkje klarar å løyse konflikten sjølv, kan du ta saka inn for Husleigetvistutvalet.