Resepsjonsbygget på Saltstraumen camping i Bodø brant ned natt til lørdag.
KRAFTIG BRANN: Resepsjons- og lagerbygget ved Saltstraumen campingplass i Bodø brente ned natt til laurdag Foto: Politiet

To personar blei sende til sjukehus og éin person blei køyrd til legevakt for vidare undersøkingar.

– Skadegrad er ukjent, men det verkar ikkje alvorleg, opplyser operasjonsleiar Veronica Helen Nylund i Nordland politidistrikt.

Resepsjonsbygget med tilhøyrande lager og verkstad var overtent da nødetatane kom fram til staden.

Kraftig brann ved Saltstraumen Camping i Bodø
Foto: POLITIET

Det var spreiingsfare mot nærliggande campingvogner, hytter og skogsterreng.

– I samband med at det var ein del vind på staden, blei det sett i verk evakuering av dei som budde i dei nærliggande hyttene og campingvognene inne på området, fortel Nylund til NRK.

Brann Saltstraumen Camping, politibil
Foto: Kåre Riibe Ramskjell / NRK

Laurdag morgon opplyser politiet at brannvesenet har avslutta på staden.

Politiet har starta etterforsking.

– Området er avsperra inntil det er klart for å gjere fleire kriminaltekniske undersøkingar, opplyser operasjonsleiar i politiet, Tommy Bech, til NRK:

Frykta brannen ville spreie seg

Rundt klokka 02:00 melder politiet at brannvesenet har kontroll på brannen og at bygningen er nedbrent.

– Vi var bekymra for spreiing til terrenget og til bygningane på baksida av bygget. Men etter kvart som vi fekk nok ressursar på staden, fekk vi kontroll på den biten, fortel innsatsleiar i Salten brann IKS, Tom Tuv, til NRK.

Thom Tuv, innsatsleder Salten Brann IKS
Det var flammar over taket av bygningen da vi kom fram, seier innsatsleiar i Salten brann IKS Tom Tuv. Foto: Kåre Riibe Ramskjell / NRK

Dei evakuerte har fått komme tilbake til hyttene og campingvognene sine. Nødetatane fekk melding om brannen klokka 00:50 natt til laurdag. Brannårsaka er så langt ikkje kjent.

Det vil ikkje bli mogleg for kriminalteknikarar å ta seg inn i branntomta i løpet av helga.

– Saka går nå over i etterforsking, seier Tuv.