Frå midnatt blei dei vanlege avgiftene på bensin og diesel gjenninnført her til lands.
Auken blir på 4,71 kroner per liter for bensin og 4,51 kroner per liter for diesel, opplyser bransjeforeininga Drivkraft Norge til NTB.
Tysdag morgon er dette snittprisen (medianprisen) nasjonalt, ifølge DrivstoffAppen:
- Diesel: 27,87 kr per liter (1341 stasjonar målt)
- Bensin: 26,84 kr per liter (1190 stasjonar målt)
Ved Esso-stasjonen på Jørpeland i Ryfylke var bensinprisen 22,27 kroner og dieselprisen 25,35 då NRK stakk innom litt over klokka 6.
Kort tid etterpå blei prisane skrudd opp til 27,27 for bensin og 28,49 for diesel.
– Det blir vel høgt. Avgiftene tar jo eigentleg knekken på oss vanlege forbrukarar, seier Arild Børkja som køyrer dieselbil.
Også i Ålesund reagerer fleire sterkt på dei auka drivstoffprisane (sveip under):
Opp til 30 kroner
Ifølge innehavaren av Esso-stasjonen på Jørpeland skal dieselprisen snart opp til 30 kroner.
I firmaet til Arild Børkja har dei mange dieselbilar, og det blir køyrd store avstandar.
– Dette kostar bedrifta ganske mykje, og når du har arbeid som går på ferdigprisar, blir det høgare utgifter for heile bedrifta.
Kraftig auke i fleire byar
I morgontimane møtte bilistane følgjande prisar på Esso Sogn i Oslo.
- Bensin: 27,56 kroner per liter.
- Diesel: 29,25 per liter.
Prisane har også auka kraftig i fleire norske byar, viser drivstoffprisene.no. Tenesta bruker tal som blir sende inn av brukarar.
Prisane har svinga
Dei store prisendringane kom med avgiftskutta i april.
Gjennom sommaren har prisane svinga litt månad for månad, men det er ikkje uvanleg, seier Espen Kristiansen, seksjonsleiar i Statistisk sentralbyrå (SSB). – Vi har ikkje dei endelege tala for august klare endå, men gjennomsnittsprisen i midten av juli var på 19,59 kr for bensin og 20,25 for diesel, seier Kristiansen.
I midten av mars var tilsvarande prisar på 23,50 for bensin og 24,50 for diesel.
– Råoljeprisen har gått ned sidan mars. Men viss avgiftene slår fullt ut er me omtrent tilbake på nivået frå mars, når ting stabiliserer seg litt.
Sidan drivstoffprisane er venta å auka, kan det føra til prisvekst på andre varer som blir transporterte, men Kristiansen trur ikkje at effekten på andre varer vil vera særleg merkbar.
Vegbruksavgifta på drivstoff blei kutta 1. april etter at Sp, Høgre, Frp og KrF sikra fleirtal og overstyrte Ap-regjeringa.
Senterpartiet og Frp ønska å forlenga avgiftskuttet, men fekk ikkje fleirtal for dette.
200.000 kroner spart
Drivstoffprisane blei debattert i Politisk kvarter på NRK radio tysdag morgon.
– Det som har vore bra med at avgiftsletta blei innført er at dei som vedlikehalder og bygger dette landet har fått eit pusterom.
Det seier Julie Brodtkorb, administrerande direktør i Maskinentreprenørens forbund, i Politisk kvarter.
Ho peiker på at maskinar som bygger eller held vegar ved like bruker store mengder drivstoff, noko som gjer arbeidet svært kostbart.
– Om du er ei lita eller mellomstor verksemd og har 20 maskinar, har det betydd 200.000 kroner i månaden. Som har gjort at desse verksemdene nå verkeleg slit fordi dei jobbar på faste kontrakter til fast pris. Dei har kunna overlevd sidan mars, det er det vi snakkar om her.
Trur ikkje på avgiftskutt
Stig Schjølset, dagleg leiar i miljøstiftinga Zero, har forståing for at fleire verksemder står i ein vanskeleg situasjon, men han trur ikkje at avgiftskutt er løysinga.
– Det har vore krise i bygg- og anleggsnæringa i fire-fem år. Hovudproblemet der er at det er mangel på oppdrag.
Schjølset meiner at avgiftene kan bidra til å gi aktivitet i næringa. Han peikar også på at maskinar som går på straum er eit alternativ i bransjen, noko som også vil bidra inn i det grøne skiftet.
– Nå er oljeprisen tilbake på eit vanleg nivå, og då er det også fornuftig at vi gjeninnfører avgifter på eit vanleg nivå.
– Det er ikkje lagt opp til at vi kan bruke elektrisitet over heile landet. Det kjem til å koma, men det er der ikkje no, seier Brodtkorb i Maskinentreprenørens forbund.