Natt til søndag 16. august overnatta Stian Knutsen under ein tarp saman med hunden Luna i Vestfjella i Aremark i Østfold. Det var meldt regn og tore, men noko anna var også på gang.

– Plutseleg høyrdest det ut som om det fall kongler overalt, seier han.

Det var avisa SA som omtalte hendinga først.

For, når det er torevêr, kan det også hagle. Det er normalt ganske små iskuler som kjem ned frå ovan. Men denne gongen var det annleis.

– Eg skjønte at det ikkje var noko småtteri, for hagla pressa tarpen ned mot hengekøya vi låg i, fortel Stian.

På videoen han tok, plukkar han opp steinharde hagl som har ein diameter på tre centimeter.

– Eg har fiska i 30 år, men aldri opplevd noko liknande, seier han.

Det kraftige haglvêret varte kanskje i fem minutt, og trefte også bilen hans som stod parkert eit stykke unna.

– Den fekk mykje bulkar og er nå til taksering av skadane, seier han.

Haglskader på bil
Taket og panseret på bilen til Stian har fått ei rekke små bulkar etter at store hagl regna ned natt til 16. august. Foto: Stian Knutsen / Privat

– Vil skje oftare

Ved Meteorologisk institutt i Oslo er Karianne Ødemark klimaforskar. Ho reagerer på størrelsen på haglet Stian Knutsen opplevde.

– Dette er stort i norsk samanheng, seier ho når ho høyrer om hendinga i skogen i Østfold.

Men byer med såpass store hagl førekjem truleg oftare enn før.

Truleg, fordi det skjer nemleg inga registrering eller dokumentering av dette i Noreg i dag.

– Det bør vi kanskje starte med! seier klimaforskaren.

Øydemark seier at vi må vere førebudde på hendingar som den Stian opplevde i skogen i Aremark.

– Vi forventar at det vil skje oftare, som følge av varmare og våtare vêr, slår ho fast.

Og kraftig hagl kjem gjerne under dei same vêrforholda som torevêr.

– Lyn og tore kjem av det same fenomenet, der lada partiklar blir løfta opp og forskjellen på lading mellom bakke og sky må utløysast, seier klimaforskaren.

Hagl over Østlandet torsdag
Hagl av meir normal størrelse i Noreg. Foto: May Kristin Meljordshagen

Bygger seg opp med varmluft

Årsaka til at hagla blir større enn før, er at varm og fuktig luft nær bakken stig oppover, og møter iskald luft lenger oppe i eit skylag.

– Når regndropar blir løfta oppover i skya, vil dei fryse til is, og så fell desse små klumpane nedover igjen, forklarer Ødemark.

Men for at hagla skal bli så store som druer eller enda større, må denne prosessen gjentakast.

– Dei små isklumpane tar fleire rundar opp i skya dersom det er sterk oppdrift av varm luft nede i skya, og aukar i størrelse.

Til slutt blir klumpane så store og tunge at dei fell mot bakken i høg fart, i form av solide haglklumpar.

Fenomenet er kraftigare i sørlegare strøk som Italia, der det er rapportert om store skadar av hagl på størrelse med små appelsinar.

Hagl på størrelse med tennisballer i Italia
Ei haglkule på størrelse med ein liten appelsin. Dette bildet er ikkje frå Noreg, men Italia, der det oppstår enorme iskuler i skyene som kjem dundrande ned. Foto: Luca Zaia / Twitter

Dekker haglskadar

Store hagl kan lage ei rekke små bulkar i taket og panseret på bilar når iskulene kjem som prosjektil ovanfrå.

Det gjaldt også bilen til Ranja Mindeberg, som stod parkert i det same skogsområdet som Stian Knutsen var i da haglet kom.

Sjå video her

Slike skadar kan vere dyre å utbetre. Men i Tryg forsikring roar pressesjef Ole Irgens med at denne typen skadar normalt blir dekt av bilforsikringa.

– Haglskadar på bil, som bulkar i panser og tak, blir dekte av kaskoforsikringa til bilen, seier han.

Kasko dekker skadar som på forsikringsspråket kjem av plutseleg, tilfeldig ytre påverknad, som hagl fell inn under.

I If forsikring minner pressesjef Anna Kvarberg Ekre om at det er lurt å ta forholdsreglar mot ekstremvêr.

– Om du kan, så flytt køyretøyet til ein garasje eller carport, men hugs at ved kraftig haglvêr bør du halde deg innandørs, legg ho til.