En stabel med hvite esker (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Ved Stavanger krematorium har dei for liten kapasitet. Ønsket er derfor stort om eit nytt krematorium. Foto: Eirik Gjesdal / NRK

– Det har vore ein kraftig vekst dei siste åra. Nå har me over 30 kremasjonar i veka på det meste, også på laurdagar, seier kyrkjeverje Rune Skagestad i Stavanger.

Han viser køen med kister på Stavanger krematorium.

Her har dei opplevd meir enn ei dobling i talet på kremasjonar på 13 år.

Frå 500 i 2012 til over 1100 i fjor.

en person med maske og hansker som jobber på en fabrikk (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Ved Stavanger krematorium blir opp mot 6 kister kremerte til dagen. Dei jobbar også laurdagar for å ta unna pågangen. Foto: Eirik Gjesdal / NRK

Men dette er berre starten, ifølge Skagestad.

– Med tanke på framskrivingane til SSB og folk sine ønske, førebur me oss på ei tredobling i talet på kremasjonar i løpet av dei neste 10 til 15 åra.

Det betyr at dei to båreromma på krematoriet blir altfor små.

– Me må ha eit nytt krematorium i Stavanger eller så går me heilt i taket i forhold til kapasitet. I løpet av eit par-tre år må me seia nei til kremasjonar eller så må kister sendast heilt til Bergen eller Austlandet, seier Skagestad.

en mann med briller (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Rune Skagestad er kyrkjeverje i Stavanger kyrkjelege fellesråd. Han ventar ei kraftig auke i talet på kremasjonar framover. Foto: Eirik Gjesdal / NRK

Kraftig vekst i kremasjonar

Stadig fleire vel kremasjon framfor tradisjonell kistegrav (sjå faktaboks).

I 2025 var det ein nasjonal kremasjonsdel på 53,4 prosent, viser fersk statistikk frå alle dei 25 krematoria i landet.

Altså over halvparten av dei døde kroppane i landet blei kremert.

Sidan 2002 er auken på nesten 22 prosentpoeng (sjå graf under).

Det er i tråd med ønske til staten og gravplasstyresmaktene.

Årsaka er blant anna at kremasjon krev langt mindre plass på gravplassen enn kistegraver.

Urnegraver er mindre, og fleire urner kan setjast ned på same område.

Må senda kister vekk

Men den auka pågangen gjer at kapasiteten på fleire av dei 25 krematoria i landet er sprengt:

  • I Bergen står Møllendal krematorium i praksis for alle kremasjonar mellom Ålesund og Stavanger. Der blir mellom 2.500-2.600 personar kremert årleg.

– Bergen har høg kremasjonsgrad og me nærmar oss vår kapasitetsgrense. Men det kjem an på utviklingane i våre nabokommunar, seier kyrkjeverje i Bergen kyrkjelege fellesråd, Mette Svanes.

I Bergen er det planar om nytt krematorium i 2030, men finansieringa er ikkje på plass.

Mette Svanes
Mette Svanes er kyrkjeverje i Bergen. Foto: Bergen kirkelige fellesråd
  • I Innlandet er Gjøvik største krematorium med 1350 kremasjonar i 2025. Det er også eit mindre krematorium i Kongsvinger.

– Me greier ikkje å dekka kremasjonsbehovet i fylket vårt og sender mange kister til Oslo og andre plassar. Me må seia nei til ein del kommunar i Innlandet fordi me ikkje har kapasitet, seier kyrkjeverje Line Langseth Bakkum i Gjøvik.

Ho fortel at det er planar om å bygga ein kremasjonsomn til på Gjøvik, noko som vil auka kapasiteten.

  • I Oslo er Alfaset krematorium landets største med ein kapasitet på rundt 6.000 kremasjonar årleg.

– Der er det inga akutt krise. Men når kremasjonstala aukar raskt, nærmar krisa seg raskare. Me når kapasitetstaket rundt år 2040, dersom prognosane står ved lag, seier direktør for gravferdsetaten i Oslo kommune, Magne Hustavenes.

– Dersom me berre bryr oss om Oslo, klarer me oss ganske lenge. Men vår utfordring er at kommunane rundt oss tar vår kapasitet for gitt. Det er billegare å senda kistene til oss enn å bygga krematorium sjølv, seier Hustavenes.

mann på kirkegård
Magne Hustavenes er direktør for gravplassetaten i Oslo kommune. Foto: Camilla Storvollen/Oslo kommune / Camilla Storvollen

Private får avslag

Ein gjennomgang av kremasjonskapasiteten viser ein «ganske alvorleg situasjon» for fleire fylke, konkluderte ein rapport frå Hovudorganisasjonen KA i 2024.

Det er den siste nasjonale oversikta som er laga.

«Vestland, Innlandet, Østfold og Buskerud står allerede i dag uten tilstrekkelig kapasitet til å håndtere nåværende etterspørsel på en tilstrekkelig robust måte», står det i rapporten.

Rapporten påpeikar også:

  • SSB ventar ein auke i dødsfall nasjonalt på 37 prosent, frå om lag 44.000 i 2023 til over 60.000 i 2050.
  • Kremasjonsdelen vil auka til om lag 75 prosent innan 2050.
  • Dette vil krevja kapasitet til om lag 45.000-50.000 kremasjonar årleg, medan dagens kapasitet er i underkant av 30.000.
  • Eit nasjonalt investeringsbehov er kostnadsvekta til over 1,4 milliardar kroner fram mot 2050.

I dag har Den norske kyrkja og fellesråda i nesten alle kommunar ansvaret for gravplassar og krematorium.

Sidan august 2024 har fire private aktørar søkt om å starta ti krematorium i ni kommunar.

Det viser ein oversikt NRK har fått av Barne- og familiedepartementet (BFD).

Sjå oversikt under.

Men alle søknadane har blitt avslått.

Grunn: Private, kommersielle aktørar fell utanfor løyvingsordninga i gravplasslova, ifølge departementet (les svar lenger nede i artikkelen).

Dobbel sorg

I Klepp i Rogaland ønsker Ordin Rosland og selskapet Dinsa AS å bygge eit privat, livssynsope krematorium til mellom 30 og 40 millionar kroner.

Alt på ein miljøvennlege måte med elektriske omnar.

Men det hjelpte ikkje å klaga på vedtaket. Staten seier nei.

– Eg ser ikkje grunnen til at kremering berre skal vera ei offentleg oppgåve. Private aktørar kan levera same tenesta, men med mykje kortare responstid til å etablera, utvida eller endra behov, meiner Rosland.

Ordin Rosland
Ordin Rosland og selskapet Dinsa AS ønsker å bygga eit privat krematorium. Foto: Magnus Stokka / NRK

Rogaland har i dag berre eitt krematorium og det ligg i Stavanger. Med eit nytt privat, vil kapasiteten tredobla seg, ifølge Rosland.

– På den måten kan også det offentlege sleppa å bruka pengar dei ikkje har.

Hovudgrunnen til Rosland sitt engasjement er at han synest det er uverdig at familiar skal venta i veker og kanskje månader på å få urna tilbake frå kremering.

Sjølv har han opplevd det han kallar ein dobbel sorgprosess i samband med dødsfall i familien.

Det første sorga kom med sjølve bisettinga. Den andre kom seks til åtte veker seinare i samband med urnenedlegginga.

– Det blir då ein ny sorgprosess i staden for at alt skjer i løpet av maks to veker.

Regjeringa: God nok kapasitet

Men staten seier altså nei til private krematorium.

– Dagens regelverk opnar ikkje for private krematorium. Derfor har dei også fått avslag på søknadane sine, seier statssekretær i Barne- og familiedepartementet, Helge Flø Kvamsås (Ap).

– Nå er me opptatt av å utvikla regelverket og organisera feltet på ein best mogleg måte som bidrar til gravferder på ordna og verdige former, held han fram.

Ifølge departementet er det tilstrekkeleg kapasitet på kremasjon i dag, og alle kister blir kremerte innan fristen.

Regjeringa seier det er opp til kommunane å utvida kapasiteten.

en kirkegård med mange gravsteiner (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Tradisjonen i Noreg har vore gravlegging i kister. Men kulturen er i ferd med å endra seg og nå vel fleirtalet kremasjon. Foto: Eirik Gjesdal / NRK

Høgre positive til private

Men Høgre på si side gir tommel opp til private krematorium.

– Det viktigaste er ein god prosess der dei pårørande får ei verdig avslutning og får sett eit punktum. Kven som er med og gir tenestene betyr ikkje så mykje, så lenge det blir gjort på ein god måte, seier stortingsrepresentant Margret Hagerup.

Margret Hagerup står utenfor boligen sin på Kvernaland på Jæren.
Stortingsrepresentant for Høgre, Margret Hagerup, seier ja til private krematorium. Foto: Erik Waage / NRK

Høgre-politikaren påpeikar at det finst private gravferdsbyrå i dag.

– Dei private krematoria må få vera med å bidra viss dei vil. Det er også fleire kommunar som har sagt at dei ønsker å kjøpa tenesta frå private fordi dei ikkje har kapasitet sjølv.

Men den erfarne kyrkjeverja i Stavanger er skeptisk til privatisering i sin bransje.

– Me skal ikkje kommersialisere meir innføre dette feltet. Eg meiner at det er rett at det offentlege har ansvar for gravferder og gravlegging, seier Rune Skagestad.

Regjeringa jobbar med eit forslag til endringar i regelverket for krematorium. Det skal først på høyring før det blir behandling i Stortinget.

Målet til regjeringa er å ta høgde for den kraftige veksten i talet på kremasjonar.