Har hunden eller katten din blitt akutt sjuk i Bergen, har du stolt på at hjelpa var nær døgnet rundt.
I mange år har Bergen kommune organisert ei slags legevaktordning for smådyr, der dei har hatt avtale med fleire klinikkar om å ta imot sjuke dyr utanfor vanleg opningstid.
Men denne veka har ingen veterinærar vore på vakt.
– Det har vore trygt å vite at det finst beredskap, men no er den tryggleiken vekke, seier veterinær og dagleg leiar Birte Toft ved Gården Dyreklinikk.
Veterinærane fryktar nemleg bøter dersom dei snakkar saman om vaktordninga.
Hund døydde på natta
Natt til tysdag fekk ein hundeeigar merke den akutte vaktkrisa på kroppen.
Ein hund blei akutt sjuk, men eigaren klarte ikkje skaffe hjelp.
– Hunden døydde. Dette skjedde midt på natta, då det ikkje var nokon tilgjengeleg veterinær på vakt, seier veterinær og dagleg leiar Birte Toft ved Gården Dyreklinikk.
Klinikken fekk spørsmål om dei kunne hjelpe med kremering av hunden.
– Eg trur ingen av klinikkane i denne vaktordninga ønskjer seg ein slik situasjon, seier Toft.
Bergens Tidende omtalte dødsfallet først.
Etterforskar mogleg ulovleg samarbeid
Bergen kommune har i fleire år hatt avtale med åtte klinikkar om denne ordninga.
Men 31. august gjekk avtalen ut.
– Vi har lyst ut etter ein ny vaktperiode, men har dessverre ikkje fått tilbydarar med nok kapasitet til å dekke vakta.
Det seier seksjonssjef Bjarne Aagaard i byrådsavdeling for næring, kultur og idrett.
Årsaka er ei etterforsking som held på i Konkurransetilsynet.
Dei etterforskar fleire veterinærklinikkar for mogleg ulovleg prissamarbeid i strid med konkurranseloven.
– Vi har forklart klinikkane tydeleg kvifor vi gjer det. Det er ikkje fordi dei har vore med i kommunen si vaktordning, seier nestleiar i avdeling for mat, handel og helse i Konkurransetilsynet, Magnus Friis Reitan.
Fem av klinikkane er inntil vidare med på ei midlertidig forlenging av avtalen med kommunen.
Men det er ikkje nok til å fylle heile vakta.
Gården Dyreklinikk tør ikkje å vere med vidare i ordninga.
– Vi kan ikkje inngå ein ny avtale slik situasjonen er no, seier Toft.
Har tatt felles inngangspris
Granskarane ser spesielt på om klinikkane ulovleg har avtalt ein fast «inngangspris».
Altså kva dei som kjem med sjuke dyr på kveld, natt og i helgene skal betale for den innleiande konsultasjonen.
– Vi må framstå i samla orden, for at det ikkje skal gjerast forskjell i pris. Men andre dagprisar er ikkje avtalte prisar, seier Ulf Erlandsen, veterinær og dagleg leiar ved Dyreklinikken Tertnes.
Det er ein av klinikkane som no er ute av vaktsamarbeidet.
Det kostar i dag 7670 kroner for ei undersøking på 20 minutt, ifølge han.
Konkurransetilsynet seier at det på generelt grunnlag er ulovleg med prissamarbeid etter konkurranseloven, fordi kundar betalar høgare prisar når bedrifter avtaler å ikkje konkurrere på pris.
– Det er klart ikkje nødvendig med prissamarbeid for å delta i Bergen kommune si veterinærvakt, seier Reitan.
Usikkerheit rundt vaktsamarbeid
Men for veterinærane handlar det om meir enn felles prising.
Toft seier dei ikkje veit kva dei har lov til å snakke med kvarandre om.
Ho fortel at klinikkane risikerer bøter av «betydeleg størrelse», dersom kommunikasjonen mellom dei blir definert som ulovleg.
Samtidig seier veterinærane at dei er avhengige av å snakke saman for å koordinere eit vaktsamarbeid.
– Det er enkelt å seie at deltaking ikkje er ulovleg. Men deltaking krev kommunikasjon, og rammene for den kommunikasjonen er uavklarte, seier Toft.
Trur fleire blir ramma
Erlandsen ved Dyreklinikken Tertnes trur det berre er eit spørsmål om tid før klinikkar andre stader i landet vil bli ramma av dei same utfordringane som i Bergen.
Han kallar situasjonen for «eit juridisk minefelt».
– Vi har ingen problem med å følge norske lover og reglar, men vi må ha moglegheit til å fungere innanfor reglane.
Konkurransetilsynet stadfester at det er klare avgrensingar på kva bedrifter lovleg kan snakke med konkurrentane sine om.
– I denne saka har Konkurransetilsynet vore tydelege overfor klinikkane om kva for handlingar som blir etterforska, og dermed kva klinikkane ikkje bør snakke med konkurrentane sine om, seier Reitan.
Kan bli fleire ubemanna vakter
For presidenten i Veterinærforeningen, David Persson, er det forståeleg at usikkerheit rundt reglane gjer veterinærane redde for å vere med i ordninga.
– Veterinærar går på jobb for å redde liv og hindre liding. Samtidig er dei avhengige av å samarbeide. Dei må kunne organisere vakta og vise dyr vidare når situasjonen tilseier det, seier Persson.
Bergen kommune jobbar no for å få på plass ein ny avtale med dyreklinikkane, ifølge seksjonssjefen.
Frå fredag morgon er veterinærvakta bemanna igjen. Men seksjonssjefen utelukkar ikkje at det kan bli fleire veker utan veterinærar på vakt om kvelden og natta.
– Så ventar vi på Konkurransetilsynet mens klinikkane gjer det dei kan for å halde vakta gåande i størst mogleg grad, seier Aagaard.