Triatletene Kristian Blummenfelt og Gustav Iden lader opp til VM på Hawaii.
PÅ GULLJAKT: Kristian Blummenfelt og Gustav Iden er klare for det store høgdepunktet i sesongen. Foto: James Mitchell / James Mitchell

4500 meter symjing. 183 kilometer sykling. Det meste i konkurransefart. Og ein løpetur på kvelden.

Dagen etter venta to timar til på sykkelsetet og 40 kilometer løping – også det i konkurransefart.

Dette var programmet til Kristian Blummenfelt og Gustav Iden førre helg. Og helga før hadde dei heller ikkje akkurat teke det med ro.

Men pytt. Laurdag ventar jo berre om lag 226 kilometer til – i Ironman-VM på Hawaii.

– To helgar på rad har vi gjort ganske ekstreme økter, fortel Blummenfelt til NRK.

Alt tyder på at duoen har prikka inn storforma.

Men sist dei prøvde seg på Hawaii, gjekk det gale.

Kristian Blummenfelt og Gustav Iden lader opp til Ironman-VM på Hawaii.
Kristian Blummenfelt. Foto: James Mitchell / James Mitchell

I 2024 enda Blummenfelt på 35. plass.

– Då spydde eg 15 gonger på veg opp til Hawi. Då fekk eg alt i retur, og med 100 kilometer igjen var det tøft å prøve å få i seg den næringa og væska som krevst, fortel han.

Laurdag kveld norsk tid prøver han igjen.

Denne gongen skulle øktene blant anna gi svar på kor høg fart dei kunne halde i varmen og den høge luftfukta på Hawaii.

– Kor mykje kostar det å gjere slike økter så tett opp mot VM?

– Sånn som no når varmen går bra, kostar det mindre. Men det er jo rundt 80–90 prosent av ein Ironman, så det tar litt i. Forhåpentleg tar det to–tre dagar, så er eg restituert igjen, fortalde han tidlegare i veka.

Kristian Blummenfelt og Gustav Iden lader opp til Ironman-VM på Hawaii.
Foto: James Mitchell / James Mitchell

Tidlegare har Blummenfelt opplevd at beina sviktar mot slutten av lange sykkeløkter i varmen. Denne gongen heldt dei heile vegen.

Også løpinga gav svært oppmuntrande svar.

– På løpinga er det ganske lik kjensle frå første fem til siste fem kilometrane. Det er ikkje sann at eg er i kjellaren på slutten.

Det er ikkje første gong Blummenfelts treningsmengder vekkjer oppsikt:

I 70.3-VM, meisterskapen på halv Ironman-distanse, i Nice i september sprang Blummenfelt halvmaraton på 1.05.12 – den raskaste løpstida i meisterskapens historie. Då blei det sølv.

– Har du nokon gong vore i betre løpeform?

– Eg trur ikkje det.

Med elleve pallplassar på dei tolv siste konkurransane og det som kan vere hans livs løpeform, skal han prøve å vinne det einaste gullet som manglar på merittlista: ein verdsmeistertittel på Hawaii.

Kristian Blummenfelt og Gustav Iden lader opp til Ironman-VM på Hawaii.
Kristian Blummenfelt og Gustav Iden har lada opp på Hawaii i nesten tre veker. Foto: James Mitchell / James Mitchell

– Det er noko heilt eige

– Det er dette løpet, saman med OL som er kvart fjerde år, som betyr mest i sporten, seier Blummenfelt.

32-åringen har blant anna vunne OL-gull, verdsserien i triatlon, to VM-gull og sett fleire verdsrekordar.

�Tokyo, Japan 20210726. 
Kristian Blummenfelt jubler for seier og OL-gull i triatlon for menn i Odaiba Marine Park i Tokyo, Japan i forbindelse med OL Tokyo 2021 mandag.
Foto: Lise Åserud / NTB
OL-GULL: Kristian Blummenfelt blei olympisk meister i triatlon i Tokyo i 2021. Foto: NTB

Han har også vunne Ironman-VM tidlegare, men det var på St. George i Utah, USA.

For det er noko heilt spesielt med å vinne VM på Hawaii.

– Det var her Ironman starta for 40–50 år sidan. All historia og dei duellane som har vore her, gjer staden endå meir ikonisk. Og det er Hawaii alle mosjonistar òg drøymer om. Det er det som får veldig mange inn i sporten, seier Blummenfelt.

Kristian Blummenfelt og Gustav Iden lader opp til Ironman-VM på Hawaii.
Foto: James Mitchell / James Mitchell

Ein som veit korleis det er, er treningskameraten og bestekompisen Gustav Iden.

Då han vann i 2022, brukte han sju timar, 40 minutt og 24 sekund på å svømme 3,8 kilometer, sykle 180 kilometer og springe ein maraton på 42,2 kilometer.

– Det er noko heilt eige. No har jo både Kristian og Casper (Stornes) også vunne VM, men sjølv om det var VM så var det utanfor Hawaii. Eg har inntrykk av at dei får høyre det veldig mykje, at «ja, men det var ikkje Hawaii du vann», seier Iden til NRK.

Gustav Iden vinner VM i Ironman på Kona i Hawaii
Gustav Iden blei verdsmeister på Hawaii i 2022. Foto: AFP

Det tok likevel tid før Iden sjølv forstod kor stor triumfen i 2022 var.

– Men når eg vinn igjen, så skal eg klare å nyte det enda litt meir.

Spår norsk dobbeltsiger

Også Iden har fått oppmuntrande svar på dei siste treningsøktene.

Etter ein tung treningsøkt helga før, fekk han langt betre svar under den siste harde treningshelga.

No trur han det kan bli «ekstremt bra» når startskotet går laurdag.

– Eg er framleis litt bak Kristian, men eg kjenner eg køyrde rimeleg kontrollert på mange måtar, så eg har framleis nokon gir å gå på før konkurransen, seier Iden.

Og trua på norsk suksess blir delt av regjerande verdsmeister Casper Stornes.

– Eg har veldig god tru på at Gustav og Kristian kan bli nummer éin og to, seier han til NRK.

Dei to hovudpersonane er ikkje ueinige.

– Det trur eg er ein bra spådom, seier Blummenfelt.

– Det er jo ikkje nokon grunn til at det ikkje blir det, seier Iden.

Treningskameratene Kristian Blummenfelt, Gustav Iden og Casper Stornes på Hawaii før VM.
Frå venstre: Kristian Blummenfelt, Gustav Iden og Casper Stornes. Foto: James Mitchell / James Mitchell

Stornes, som vann VM føre treningskameratane i fjor, får ikkje forsvare gullet etter at han braut kragebeinet og fekk brot i ryggen i ein sykkelvelt to veker før årets meisterskap.

Millionar på spel

– Det er å vinne. Det er eigentleg det einaste som gjeld, seier Blummenfelt.

Vinn han på Hawaii, kan han også sikre sigeren i Pro Series, sesongens samanlagtserie. For å vinne samanlagt må han slå belgiske Marten Van Riel og tyske Jonas Schomburg med stor nok margin.

Det kan i så fall gje han totalt 325.000 dollar i premiepengar – rundt 3,1 millionar kroner.

Kristian Blummenfelt og Gustav Iden lader opp til Ironman-VM på Hawaii.
Foto: James Mitchell / James Mitchell

Det er ikkje pengane som står øvst på ønskelista. Det er det gullet.

– OL-gullet frå Tokyo sit framleis høgast for min eigen del, med tanke på kor mykje eg la inn mot det.

Men éin ting vil han gjerne ha på plass:

– Det er meir sånn at når eg døyr, så kan ikkje folk seie at eg ikkje har vunne Hawaii, flirer han.