Både Kristiansund BK og Start trengde desperat poeng då dei møttest til botnoppgjer i Eliteserien på Nordmøre stadion.
Dei to laga ligg nedst på tabellen.
Ei scoring frå Start-spelar Tom Strannegård på overtid sikra siger og tre poeng til bortelaget.
Resultatet blei dermed 2–1 til Start.
– Det er helt fantastisk, seier Strannegård til TV 2 etter kampen, som er Starts første bortesiger denne sesongen.
– Det er eit fortent tap, seier hovudtrenar for KBK, Amund Skiri, til kanalen.
Tok seg til hovudet
Kristiansund Ballklubb fekk den beste starten på kampen då Sander Kilen scora etter 15 spelte minutt.
Dette var også hans første mål for sesongen.
Det sette fart i bortelaget Start. Berre ti minutt seinare utlikna dei ved Erlend Segberg.
Men det var også litt dramatikk i første omgang.
Like før pause blei KBK sin målscorar, Sander Kilen, liggande etter å ha kollidert med lagspelar Wilfred George under eit hjørnespark.
Kilen tok seg til hovudet og blei liggande på bakken i nokre minutt før han til slutt kom seg på beina.
Stillinga til pause var 1–1.
To gule
I andre omgang var det ein jamn kamp mellom dei to laga.
Men så fekk KBK-spelar Júlíus Júlíusson sitt andre gule kort 73 minutt ut kampen.
Dermed måtte han gå av banen og nordmøringane måtte spele resten av kampen med berre 10 menn.
Trykket frå Start blei berre sterkare etter dette og bortelaget hadde fleire sjansar.
KBK-keeper Michael Lansing stod imot mykje av presset frå dei gulkledde.
Men på overtid fekk altså Start si andre scoring og kunne dermed ta med tre viktige poeng heim til Kristiansand.
Start ligg framleis nedst på tabellen, men er no berre to poeng bak KBK, AaFK og KFUM Oslo som ligg på plassane over. Dei andre laga speler sine kampar søndag.
– Skuffa
Eirik Hoseth, dagleg leiar i KBK, seier til Tidens Krav at han er like skuffa som alle andre over tapet på heimebane.
På spørsmålet om det kjem forsterkingar inn på laget svarer han følgande:
– I dag er det i alle fall ikkje godt nok for Eliteserien. Det er heilt sikkert. Og vindauget er opent.
Samtidig vektlegg han økonomien til klubben speler ei rolle.
AaFK håper på revansje
KBK er ikkje det einaste Eliteserielaget frå Møre og Romsdal som skal i aksjon i helga.
Også AaFK sitt herrelag ligg i botnen av tabellen. Søndag tek dei imot tabelltopp Viking på heimebane.
Tarjei Omenås, dagleg leiar i klubben, håper dei får revansje etter 6-1-tapet mot Vålerenga i sist kamp.
– Det er ein svolten gjeng som har lyst å sparke frå seg i årets Eliteserie. Vi gler oss til ei god utfordring og til å møte eit godt lag.
Omenås meiner at Eliteserien er tøff i år, men har tru på at dei skal greie å unngå nedrykk.
– Ein av fordelane med å ha eit såpass ungt lag er at spelarane tek steg. Så vi har trua på at vi skal få det til, vi skal i alle fall jobbe knallhardt for det. Vi skal bruke kvardagen til å bli betre fotballspelarar. Og så skal vi sørge for at vi har eit så konkurransedyktig lag som mogleg.
Molde i toppen
Molde Fotballklubb sitt herrelag ligg lenger oppe på tabellen, på femteplass.
Søndag møter dei KFUM Oslo på bortebane.
Molde-spelar Emil Breivik håper dei kan snu trenden etter ferien, der dei har tapt mot Brann i sist kamp, og spelte uavgjort mot AaFK i kampen før det.
– Det er ei moglegheit til å slå tilbake. Vi har hatt to tøffe etter ferien, så no er det på tide med ein opptur, seier Breivik.