Portrett av en smilende mann med et regnbuefarget bånd rundt halsen utendørs. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
INSPIRERER: Kristoffer Smedstad Bjerkreim håpar å inspirere andre som står i same situasjon som han sjølv har vore gjennom. Foto: Odd Skjerdal / NRK

Kristoffer Smedstad Bjerkreim (25) var berre 15 år gammal da ulykka skjedde. Under eit hopp på ski i Hafjell landa han feil, og måtte flygast ut av skibakken.

Etter tre veker i koma på Ullevål sjukehus gjekk turen vidare til rehabilitering på Sunnaas.

– Eg måtte lære meg å gå, prate, ete og drikke – alt saman. Eg blei fødd på nytt som 15-åring, fortel Bjerkreim.

Kristoffer på sykehus etter skiulykke i 2016.
Kristoffer innlagd på Ullevål sjukehus etter skiulykka i 2016. Foto: privat

Med god hjelp frå Sunnaas sjukehus, klarte han å fullføre både vidaregåande skole og folkehøgskole.

Til slutt landa han ein jobb hos sportsbutikken XXL. Her jobbar han deltid. Han er framleis 100 prosent uføretrygda.

Bjerkreim seier at han jobbar seg oppover i stillingsprosent. Men vegen har ikkje vore heilt enkel.

– I starten høyrde folk at eg hadde ein hovudskade, og da blei eg plassert i ein bås med ein gong. Eg måtte foreslå ein del ting sjølv. Nå har eg ein jobb og trivst, seier Bjerkreim.

Vil ha fleire i jobb

Framstegspartiet har programfesta at ingen personar under 40 år skal få varig uføretrygd.

Frp-leiar Sylvi Listhaug etterlyser eit samfunn som har tru på folk, i staden for å avskrive dei på grunn av funksjonsnedsettingar.

– Med mindre det er heilt opplagt at ein ikkje greier å jobbe, skal vi ikkje gi opp nokon.Vi skal gi dei høve til å ta utdanning og komme i jobb, seier Listhaug.

Ho meiner dagens system i for stor grad leitar etter sjukdom og set unge på uføretrygd, framfor å sjå ressursane i kvar enkelt.

Bjerkreim er litt usamd med Listhaug. For han er uføretrygda ein viktig tryggleik fram til han når målet om å klare seg heilt utan.

– Då har eg kunna spare og lære meg korleis det fungerer sånn sett. Det har òg teke vekk litt av utgiftene til foreldra mine det at eg har hatt den trygda å lene meg på.

Treng ikkje fjerne rettar

Forslaget om å fjerne uføretrygda for unge møter sterk motstand hos Raudt-leiar Marie Sneve Martinussen.

Ho er einig i at det i dag er for vanskeleg for funksjonsnedsette å komme inn i arbeidslivet, men reagerer på Frp si løysing.

– Det eg reagerer på, er at Frp seier du må ta frå folk rettar for å gi dei fleire moglegheiter.

Martinussen meiner tvert imot at uføretrygda fungerer som eit heilt nødvendig sikringsnett for unge i etableringsfasen.

Kvinne med briller står utendørs ved et skilt for gående og syklende. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Raudt-leiar Marie Sneve Martinussen reagerer på utspelet til Frp. Foto: Odd Skjerdal / NRK

– Vi trur at viss folk har ein tryggleik i uføretrygda, så er det lettare å etablere seg med familie, ta utdanning og tore å prøve seg i arbeidslivet. Desse tinga er ikkje motsetningar. Du kan hjelpe fleire inn i arbeidslivet utan å ta frå dei uføretrygda, seier Raudt-leiaren.

Frp avviser at dei vil fjerne inntektssikringa, og vil heller erstatte passive ytingar med aktiv oppfølging for å få unge i jobb.

Partiet meiner det er både kostbart for samfunnet og uverdig for den einskilde å gje opp menneske som framleis har arbeidsevne.

Ikkje eit val

Anita Olsen er leiar av organisasjonen for rettane til uføre, Ofur. Heller ikkje ho er særleg begeistra over forslaget til Frp-leiaren.

– Sjukdom og varig nedsett arbeidsevne kjenner inga aldersgrense. For somme er uføretrygd nødvendig. Også før fylte 40 år, seier ho.

Olsen forklarer at det å bli ufør ikkje er eit val, og at uføre heller ville ha jobba om dei kunne det.

– Vi treng eit velferdssystem som hjelper menneske inn i arbeid når det er mogleg, og som gir tryggleik når arbeid ikkje er mogleg.

Gir håp til andre

For å hjelpe andre i same situasjon som han sjølv, bruker Kristoffer Smedstad Bjerkreim nå også tida si som mentor.

På Vestre Kjærnes gard i Våler arrangerer Sunnaasstiftelsen sommarleiren «Brain Camp Yng».

Sylvi Listhaug sykler på en liggesykkel på en grusvei i et skogsområde sammen med andre.
Partileiar Sylvi Listhaug (Frp) blei med på sykkeltur da ho besøkte sommarleiren «Brain Camp Yng» i Våler i Østfold. Foto: Odd Skjerdal / NRK

Her kan unge med erverva hjerneskade dele erfaringar, samtidig som dei er med på aktivitetar.

– Her får eg hjelpt andre barn og unge med kvardagen, og med å komme seg ut i livet igjen. Det er heilt fantastisk, seier Bjerkreim.

Sylvi Listhaug seier ho blir rørt av å høyre historiene til deltakarane. Ho meiner slike tilbod, i kombinasjon med eit Nav som ser moglegheiter, er avgjerande.

– Arbeidet dei gjer her for å gi folk sjølvtillit og la dei treffe andre i same situasjon, gir god livskvalitet. Vi treng fleire sånne tilbod, i tillegg til eit Nav som ikkje stemplar folk, seier Frp-leiaren.

Leirsjef Øyvind Lie opplever at både barn og foreldre lèt seg inspirere av Bjerkreims historie.

Mann med rødt hår og mørk jakke utendørs, med en bygning og flagg i bakgrunnen. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Øyvind Lie er leiar for «Brain Camp Yng», som blir arrangert av Sunnaasstiftelsen. Foto: Odd Skjerdal / NRK

– Når ein får barn, ser ein for seg korleis det skal bli, men så blir det kanskje heilt annleis. Når dei da møter Kristoffer og ser at han jobbar og bur aleine, kan det gi eit håp for framtida, seier Lie.

Sjølv har Bjerkreim ein krystallklar bodskap til andre som kjempar seg tilbake frå alvorleg skade:

– Det å falle er eit uhell. Å reise seg er eit val.