Dame med briller
STERKT: Kirsti Maltrud var på premieren på teaterstykket «Sønnen», som er sett opp av Den Nationale Scene i Bergen. Ho meiner at det var ei veldig sterk framsyning. Foto: Sofie Skumsnes / NRK

Retting: I ein tidlegare versjon skreiv vi at premieren på «Sønnen» har blitt utsett to gonger. Det riktige er ein gong.

– Det var ei veldig sterk framsyning, seier Kirsti Maltrud.

Ho sat i salen under premieren på teaterstykket «Sønnen» på Den Nationale Scene i Bergen.

Skodespelet tek utgangspunkt i rettssaka mot Marius Borg Høiby (29). Det handlar om kongehuset, makt, kjønn, rus og sex.

Maltrud var aldri i tvil om at ho ville sjå det.

– Det handlar om kongehuset og privilegium i Noreg. Dei som har nokre rettar som andre ikkje har, seier ho.

Ei annleis oppleving

«Sønnen» har vorte utsett ein gong tidlegare.

Onsdag hadde framsyninga premiere på scena.

Den skulle eigentleg vere laurdagen før, men teateret endra det til ei intern visning for teaterkritikarar og interne.

Samstundes er Noreg i sorg etter at kong Harald gjekk bort.

For nokre er tidspunktet svært uheldig, for andre er det nettopp no framsyninga er viktig.

Maltrudmeiner at enkelte delar av stykket vert opplevd annleis etter at kongen gjekk bort.

– Det var òg ganske skarpe utfall mot kongen i stykket og mot Mette-Marit. Akkurat det kan ein sitje og undre seg litt over i dag, seier ho.

Bilder fra «Sønnen» ved Den Nationale Scene
«Sønnen» har premiere på Den Nationale Scene. Samstundes er Noreg i sorg etter at kong Harald gjekk bort. Foto: Sebastian Dalseide / Sebastian Dalseide

Delte meiningar

Reaksjonane på framsyninga er langt frå eintydige.

Kulturkritikar Karen Frøsland Nystøyl i NRK har vore svært kritisk til tidspunktet for premieren.

– Det er ikkje eit dårleg stykke, det er berre så utruleg uklokt å spele det medan landet er i sorg, seier Nystøyl.

Teatermeldar Per Christian Selmer-Anderssen i Aftenposten kalte det den verste timinga i teaterhistoria.

BT sin kulturkommentator Kjetil Kopren Ullebø trur derimot timinga kan vere god.

– Kanskje det eigentleg er god timing. No har det gått nokre dagar sidan kong Harald døydde, og det er dei same orda og setningane som blir gjenteke i norsk offentlegheit. At det finst ei anna forteljing og noko anna som blir sagt på ei teaterscene i Bergen kan kanskje vere bra, seier Ullebø.

– Eg trur at dei kritikarene som har sagt at det er forferdeleg timing kanskje tar feil, i alle fall med tanke på interessen for stykket. Det ser ut som dei fleste framsyningene framover er utselde.

Teatersjef Solrun Toft Iversen har tidlegare sagt at ho skjønar at tidspunktet kan opplevast som for tett på.

– Eg er sikker på at det ikkje er i monarken vår si ånd å legge vekk ei førestilling som ønskjer å belyse viktige tema i samfunnet vårt, sa Iversen førre veke.

Teatersjef Sorun Toft Iversen ved Den Nationale Scene, på ein benk i teaterparken i Bergen.
Publikumarar som vil ombestemme seg og avbestille billetten, får lov til det, seier teatersjef Solrun Toft Iversen. Foto: Leif Rune Løland / NRK

Stor interesse

Trass debatten om timinga er interessa for «Sønnen» stor.

Framsyninga har fleire utselde visningar, og diskusjonen rundt stykket har gitt det merksemd langt utanfor teatersalen.

Kirsti Maltrud meiner at teaterstykket ikkje burde bli stoppa.

– Det er ikkje feil å spele. Stykket får ei mykje sterkare betyding.

Ho meiner at teateret må kunne snakke om kongehuset. Om ikkje ville det vore eit problem for eit ope demokrati.

Plakat av teaterstykke
«Sønnen» ved Den Nationale Scene i Bergen har skapt stor diskusjon den siste tida.Grafikk: NRK / NRK

Fokus på noko viktig

Carl Johannessen såg også stykket på premieredagen.

Han meiner førestillinga tar opp spørsmål som er spesielt relevante akkurat no.

– Det set fokus på noko veldig viktig, spesielt sidan vi er midt i ein sorgprosess, seier han.

mann med briller
– Det setter fokus på noko veldig viktig. Spesielt sidan vi er midt i ein sorgprosess, seier Carl Johannessen. Foto: NRK / NRK

Sjølv om Johannessen forstår dei som meiner tidspunktet er uheldig, er han ikkje einig.

Han meiner Noreg også må kunne diskutere kva slags monarki landet skal ha i framtida.

– Eg synest faktisk ikkje timinga er så dårleg. Vi må ikkje gløyme dette.