Kronprinsesse Mette-Marit var på Rikshospitalet i kring tre timar. Ho blei sett gåande inn på sjukehuset saman med familien og ekstra oksygen på ryggen rundt klokka 14.

Klokka 17.15 var dei tilbake på Skaugum

Det er ikkje klart kvifor kronprinsessa var på sjukehuset.

NRK har vore i kontakt med Slottet, som foreløpig ikkje har svara på NRK sine spørsmål.

Kong Harald er torsdag på eit oppdrag som dommar ved kongens serieseilaser i Kongelig Norsk Seilforening.

– Det veit eg svært lite om, seier han på spørsmål frå NTB om sjukehusbesøket.

Kronprinsesse Mette-Marit, prinsesse Ingrid Alexandra og kronprins Haakon går ut av en sykehusdør
Foto: Ksenia Novikova / NRK

På spørsmål frå TV 2 seier dronning Sonja at ho ikkje kjenner detaljane.

– Eg håper det går bra, seier ho.

Kronprinsen tidleg heime frå Japan

Tidlegare i dag landa kronprins Haakon på Oslo lufthamn, heime frå Japan tidlegare enn opphaveleg planlagt.

Han avslutta sitt Japan-besøk ein dag tidlegare på grunn av helsetilstanden til kronprinsesse Mette-Marit.

– Me er ein familie som er viktige for kvarandre. Å vere saman er noko me finn styrke i, seier kronprins Haakon på eit pressetreff i Japan onsdag.

Kronprinsparet står ved en bil. De er i ferd med å sette seg inn i bilen.Bak dem står det flere søppelcontainere
Kronprinsessa og familien er på Rikshospitalet. Foto: Jonas Been Henriksen / NTB

Dronning Sonja hadde første oppdrag etter sjukemeldinga i dag, etter å ha vore lagd inn på Rikshospitalet i slutten av mai på grunn av hjarteflimmer og hjartesvikt.

Under dagens besøk til Trondheim kunstmuseum, fortalde ho at sjukdommen pregar familien.

– Me synst sjølvsagt ikkje at det er noko positivt. Det er veldig synd. Me får berre håpe at alt går bra, seier dronning Sonja.

En kvinne i lys drakt holder en bukett blomster mens hun går. En annen kvinne i lys drakt står til venstre og gestikulerer. Bak dem henger et maleri på en rosa vegg. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Dronning Sonja blir vist rundt i Trondheim kunstmuseum si nye utstilling av museumsdirektør Ingrid Lunnan. Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK

Heile familien samla

Kronprinsesse Mette-Marit har hatt sjukdommen lungefibrose i fleire år og har blitt dårlegare den siste tida. I fjor vart ho førebudd til å bli sett på liste for lungetransplantasjon.

– Det er ein sjukdom som utviklar seg. Og diverre er ho blitt ein del dårlegare, sa kronprinsen før han reiste frå Japan.

No er heile kongefamilien tilbake i Noreg, etter at også Ingrid Alexandra er heime i Noreg.

Ho avbraut studietilværet i Australia og drog heim til Skaugum i går.

Blir førebudd på transplantasjon

Legane har starta å førebu kronprinsessa på lunge­transplantasjon, men kronprinsen har ikkje svart på om ho er i ferd med å bli sett på venteliste for organdonasjon no.

– Det er eit medisinsk spørsmål. Legane har sine prosedyrar, og dei skal få gjere jobben sin grundig og i riktig rekkjefølgje, sa han.

No står åtte personar på venteliste for transplantasjon, og det er uklart når kronprinsessa kan få. Ventelista er ikkje ein kø, men ei oversikt for å finne ei lunge som passar.

Kronprinsesse Mette-Marit sin son Marius Borg Høiby sit varetektsfengsla og kan dermed ikkje vere saman med familien.

På spørsmål om korleis det er i ei tøff tid, svarte kronprinsen:

– Det er sjølvsagt ei side av saka, det. Men me held heldigvis kontakt også med han.

VM-reise i det blå

Kong Harald sa i førre veke at kronprinsen og kanskje prins Sverre Magnus truleg skulle dra til USA for sjå Noreg i fotball-VM.

Det seier kronprins Haakon no at er usikkert.

– Me får sjå litt på det, for det er ein balanse med sjukdommen til kronprinsessa og om me kan reise. Så får me komme tilbake til det spørsmålet. Men at vi kjem til å følgje med på fotball-VM, er heilt sikkert.