Med eit pennestrok gjer regjeringa det vanskelegare for datasenter å skaffe seg billeg konsesjonskraft.
– Dette er gode nyheiter. Det svekkjer utbyggingspresset frå internasjonale tek-gigantar som snikar i kraftkøen, seier Sofie Marhaug, energipolitisk talskvinne i Raudt.
Rundt om i kraftkommunane er responsen annleis.
NRK har snakka med fleire rasande ordførarar som fortvilar over at datasenter brått og utan førehandsvarsel skal reknast som industri.
For å forstå striden må vi gå tilbake til 2018. Då slo staten fast at datasenter ikkje skulle reknast som industri.
I staden blei straumbruken definert som «alminneleg forbruk».
Konsekvensen var at kraftkommunane stod fritt til å tilby datasentera rimeleg konsesjonskraft, på lik linje med vanlege hushaldningar.
Krypto-smell i Luster
I Luster i Sogn fekk definisjonen direkte følgjer for det engelskbaserte datasenteret Bluefjords.
Fordi dei var «tenesteytande næring» (og ikkje «industri») fekk dei tilslag på å kjøpe rimeleg konsesjonskraft til 50–55 øre per kWh
Avtalen blei etter kvart eit omdømme-problem for kommunen då det kom for ein dag at opp mot ein tredel av straumen gjekk til utvinning av kryptovaluta.
No blir det slutt på denne rabattordninga.
– Sidan det ikkje lenger er mogleg å bruke konsesjonskraft til datasenter, er denne avtalen utan verdi, seier Andreas Wollnick Wiese (Sp), som er ordførar i Luster.
Han karakteriserer grepet som «distriktsfiendtleg» og eit angrep på den lokale sjølvråderetten.
– Dette handlar om vår moglegheit til å bruke eigne ressursar til å byggje gode lokalsamfunn, seier han.
– Arrogant politikk
Vik-ordførar Roy-Egil Stadheim (Ap) meiner den nye datasenter-definisjonen kjem «heilt ut av det blå».
– Regjeringa sparkar beina under oss. Vi har brukt mykje ressursar på arealplanar for å bruke krafta der ho blir produsert, seier han.
– Moderne datasenter skaper arbeidsplassar og gir varme til anna næring. No sender vi i staden verdiskapinga til sentrale strok. Det er ein arrogant og feilslått politikk.
Landssamanslutninga av vasskraftkommunar (LVK) har sendt brev til Energidepartementet der dei varslar kamp.
Dei kallar endringa eit brot på samfunnskontrakten og ein omfordeling i disfavør av distrikta.
Sjå fleire reaksjonar under.
Regjeringa: – Skil seg vesentleg frå alminneleg forbruk
Energiminister Terje Aasland viser til at straumbruken i datasenter er i kraftig vekst, og at det difor er «heilt nødvendig» å kategorisere det som industri.
– Dette er næring som bruker mykje straum og som skil seg vesentleg frå alminneleg forbruk. Derfor har regjeringa endra tolkinga og forvaltningspraksisen sin. Det meiner vi er sakleg og rett grunngitt.
Han forstår at kraftkommunar som har lagt rette for datasenter reagerer, men meiner klargjeringa er nødvendig for at kraftsystemet skal ha tillit i folket.
– Eg trur også at mange kommunar ser kvifor dette grepet er nødvendig, siger han.
For kommunar som allereie har sett datasenter i drift, lovar statsråden at det vil kome ei overgangsordning.