Den 18. juni drog to utsendingar frå Vestland til Slottet i Oslo.
Målet var å overrekke fylkeskommunens nyoppretta kulturpris til Hennar Majestet Dronning Sonja, for hennar personlege bidrag til å syne fram Vestland som ein leiande kulturregion.
– Vi heidrar ein kulturambassadør utan like, sa fylkesordførar Jon Askeland då han helste heim.
Men heime i Vestland var responsen på pristildelinga i beste fall blanda.
Samanliknar med Obama-prisen
– Eg tenkte med ein gong på Nobels fredspris til Obama, seier Johan Bengtsson.
Han er tidlegare kulturleiar i Sunnfjord kommune og blant dei som spelte inn forslag til verdige prisvinnarar. I alt kom det inn 229 nominasjonar frå heile fylket.
På same måte som då Den Norske Nobelkomité gav fredsprisen til Barack Obama i 2009, meiner Bengtsson at kulturutvalet i Vestland har late seg blende av status og kjendisfaktor.
I staden for å skaffe seg audiens på Slottet og sole seg i glansen av mottakaren, burde juryen ha løfta fram dei som jobbar i det stille og ikkje får merksemd, meiner Bengtsson.
– For meg er denne avgjerda heilt uforståeleg, legg han til.
– Ei fornærming
Tidlegare teatersjef ved Sogn og Fjordane teater, Terje Lyngstad kallar prisutdelinga «ei fornærming mot hardtarbeidande kunst- og kulturarbeidarar som kvar dag skaper kulturlivet i Vestland».
– Ein kulturpris er ikkje berre ei æresutnemning. Han er òg ei anerkjenning frå fellesskapen og ofte ei kjærkomen økonomisk støtte til vidare arbeid. Den funksjonen har ikkje denne tildelinga, skriv han i ei utblåsing på Facebook.
Lyngstad presiserer at han har stor respekt for dronning Sonja sitt mangeårige engasjement for kunst og kunstnarar.
– Eg tvilar ikkje på at kulturutvalet ønskte å heidre ein person som har gjort mykje godt for kunsten. Men denne gongen heidra dei feil person, slår han fast.
– Litt spesielt å gje prisen til dronninga
Rita Tonning (Raudt) sit i fylkeskommunens utval for kultur, idrett og inkludering, som bestemte kven som skulle få prisen.
Ho ønskte i utgangspunktet ein annan vinnar, men slutta seg til fleirtalet slik at alle 15 medlemmar i utvalet kunne tale med ein røyst.
– Eg har ingenting vondt å seie om dronninga, men kulturprisen skal gå til «vanlege» folk som har gjort ein stor innsats for ulike kulturuttrykk i fylket vårt og sett Vestland på kulturkartet – ikkje til samfunnstoppar som uansett har flomlyset på seg frå før av.
Utvalsleiaren forsvarar valet
Jacob Nødseth (V) er leiar i hovudutval for kultur, idrett og inkludering.
Han seier responsen på tildelinga i det store og heile har vore «positiv», sjølv om det alltid er andre syn.
– Det er fint med kritisk debatt, det er jo kulturlivets styrke, seier Nødseth.
Han viser til at fylkeskommunen har ein anna pris som heidrar dei saktmodige kulturheltane («Frivilligprisen»), og meiner at parallellen til fredsprisen til Obama bommar.
– Den kritikken gjekk på at den ferske presidenten fekk prisen før han kunne vise til konkrete fredsresultat.
– Vår tildeling er derimot ein takk for ein formidabel innsats gjennom mange tiår, til ein snart 89 år gammal person som har stor respekt i heile Kultur-Noreg, seier utvalsleiaren.
Nødseth meiner kritikarane devaluerer den jobben som faktisk blir gjort frå kongehuset si side.
– Det som slår meg med stor tyngde når eg les noko av kritikken, er at fleire nok tar innsatsen og engasjementet til Dronninga for gitt.
– Dronninga har brukt heile livet sitt på å løfte kulturfeltet, og eg er glad for at vi kan bruke denne prisen til å takke for hennar heilt ekstraordinære og viktige innsats.