Portrett av kvinne med langt mørkt hår, kledd i svart genser og jakke foran en trevegg. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Dokumentarfilmskaparen Deeyah Khan er vinnaren av Norsk kulturråd sin ærespris for 2026. Foto: Malene Laura Solheim / NRK

– Det er ei stor ære. Eg blei veldig, veldig rørt.

Det seier dokumentarfilmskaparen og menneskerettsaktivisten Deeyah Khan.

Måndag morgon var ho gjest i NRK Nyheitsmorgon etter at det blei kjend at ho vann Kulturrådet sin ærespris.

Prisen fekk ho for sin innsats for norsk kulturliv som dokumentarfilmskapar.

– Gjennom musikk, film og dialog har h fremma kunsten sin verdi i samfunnet og gitt oss språk for samtale når fellesskapet blir trua, seier leiar i Kulturrådet Kristian Seltun i ei pressemelding.

Fekk truslar

Khan har i lang tid vort kjend for sine dokumentarfilmar der ho går tett på og gjer personlege intervju med folk med ekstreme meiningar. Ho har anar frå Pakistan og fekk i mange år hets og truslar for arbeidet sitt.

i 1997 måtte ho flytte frå Noreg til London på grunn av truslane.

– Å kome tilbake og bli møtt med ein sånn pris er veldig, veldig fint. Det betyr så mykje for meg, seier Khan til NRK.

Deeyah Khan sitter i et radiostudio og snakker inn i en mikrofon. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Deeyah Khan var måndag morgon gjest i NRK Nyheitsmorgon då det blei klart at ho hadde vunne prisen. Foto: Malene Laura Solheim / NRK

Emmy-vinnar

Æresprisen til kulturrådet er langt ifrå den einaste prisen Khan har vunne.

Både i 2013 og 2018 vann ho den gjeve Emmy-prisen for beste dokumentar – høvesvis for Banaz – A Love Story og White Right: Meeting the Enemy.

Ho vann òg den britiske Bafta-prisen i 2021 for filmen America's War on Abortion.

I 2016 blei ho utnemnd til Unesco sin første goodwill-ambassadør for kunstnarisk fridom og kreativitet.

Har starta nytt prosjekt med skular

I 1997 flytta ho til London etter fleire år med hets og trakassering. Seinare etablerte ho produksjonsselskapet Fuuse og byrja å lage dokumentarfilm.

I sommar flytta ho tilbake til Noreg og har starta på eit nytt prosjekt med namnet Relate.

– Det tydar jo å kjenne seg att hjå andre, å finne noko felles mellom oss. Det starta eg fordi eg har sett at vi som samfunn og enkeltmenneske slit vi med å handtere skilnader. Den politiske retorikken, polariseringa – alt er basert på splittingar, seier ho og fortset:

– No skal eg gå inn i vidaregåande skular for å jobbe med dette og gjere mogleg for dei å ta dei vanskelege samtalane.

Prominente vinnarar

Æresprisen blei innstifta av Norsk kulturråd i 1968. Prisen skal kvart år gå til ein person som har gjort ein innsats av «vesentleg betyding» for norsk kunst- og kulturliv.

Fleire framståande kulturfolk har vunne prisen gjennom historia, deriblant Alf Prøysen, Halldis Moren Vesaas, Liv Ullmann, Helge Ingstad, Erik Bye, Jon Fosse og Mari Boine.

Prisen består no av 700.000 kroner og eit eige ærespriskunstverk.