Som fast forsvarar har Tor Magnus Fagermo alltid fleire klientar i varetekt.
Han merkar godt at det har blitt vanskelegare å få tilgang til klientane i norske fengsel.
– Denne problemstillinga kjenner eg på kvar dag, seier Fagermo.
Eit styrereferat frå forsvarargruppa i Advokatforeningen viser at den krevjande situasjonen i norske fengsel truar førebuingane til alvorlege straffesaker.
Ei rekke advokatar NRK har snakka med, opplever at dei får mindre tid med klientane sine fordi fleire fengsel har korta ned på besøkstida.
Forsvararane beskriv tilgangen fleire stader som både avgrensa og uføreseieleg.
– Når vi nærmar oss ei hovudforhandling og klienten sit i varetekt, blir dette endå meir prekært, seier Fagermo.
Får konsekvensar
Fagermo har lang erfaring som forsvarar i fleire delar av landet, og meiner situasjonen var ein heilt annan tidlegare.
Då var det som regel enkelt å bestille besøk, fortel han. Vanlegvis fekk han møte dei varetektsfengsla klientane éin eller to dagar etter at han tok kontakt med fengselet.
No opererer fleire fengsel med svært avgrensa tidsvindauge for advokatbesøk, ifølge Fagermo.
Han trekker fram Halden fengsel som eksempel.
– Det har besøkstid frå klokka ni til halv elleve. Altså halvannan time, seier han.
For ein forsvarar som har fleire klientar i same fengsel, får dette store praktiske konsekvensar.
– Om eg har tre klientar i Halden fengsel, får eg i all praksis besøkt éin av dei.
– Får konsekvensar for rettstryggleiken
Forsvarargruppa i Advokatforeningen meiner at avgrensa tid med klientane kan få alvorlege konsekvensar for straffesaker.
Leiar for gruppa, Mette Yvonne Larsen, åtvarar om at sakene kan bli for dårleg førebudde dersom forsvararen ikkje får nok tid med klienten.
– Saka blir ikkje tilstrekkeleg førebudd. Ho kan dermed bli for dårleg opplyst, og i verste fall kan det føre til justisfeil, seier Larsen.
Ho meiner også at dagens situasjon har ein kostnad for samfunnet.
– Det kostar samfunnet mykje pengar når effektiviteten blir lågare, og det belastar arbeidskvardagen til forsvararane, seier ho.
Advokatforeningen meiner fengsla må sette av fleire besøksrom og auke ressursane for å sikre at forsvararane får nok tid med klientane.
Larsen varslar at Advokatforeningen no vil sjå nærare på situasjonen.
– Vi ser nærare på det no og vil ta det opp på neste styremøte, seier ho.
Det er ikkje første gong Advokatforeningen har retta kritikk mot rammevilkåra for forsvararar.
I 2024 streika advokatane i fire månader i protest mot det dei meinte var for dårleg offentleg betaling for arbeidet med straffesaker.
Kritiserer: – Det hjelper lite
Amir Mirmotahari er sjølv innsett og leiar av Fangeforeningen, som jobbar for rettane til innsette.
Han er bekymra for utviklinga og meiner mindre tid til advokatbesøk også kan få følger for rettstryggleiken.
– For dei som sit i varetekt, er dette allereie ein belastande situasjon, seier han.
Mirmotahari er sjølv tidlegare forsvarar, men har mista løyvet etter fleire alvorlege skuldingar.
Han peikar på at mange varetektsinnsette har store mengder dokument i saka si.
– Det er viktig at advokaten får nok tid til å vere godt førebudd. Ein må kunne gå gjennom dokumenta og sjå kva som er relevant, seier han.
Fangeforeningen viser til ei undersøking om kor fornøgde innsette er med advokatane sine, der manglande tid til å førebu saka saman blei trekt fram som eit problem.
– Advokatane kjem på besøk, men det blir for kort tid. Ein får ikkje sett seg ned og gjort seg ferdig før besøksavdelinga stenger, seier Mirmotahari.
Han meiner det kan skape frustrasjon og ei kjensle av ikkje å bli godt nok varetatt.
– Då sit klienten igjen med ei oppfatning av at «her blir eg ikkje tatt seriøst nok». Så kjem ein i retten og føler at det har vore ein dårleg prosess, seier han.
– Besøk frå advokatar blir prioritert
Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI) avviser kritikken. Dei har gjort undersøkingar som viser at ingen advokatar har klaga på for lite tid med klientane sine dei siste fire månadene.
– Sjølv om det kan ha førekomme uheldige episodar, så viser undersøkingane våre at dette ikkje synest å vere ei stor utfordring, seier avdelingsdirektør Line Wilberg i KDI.
Ho erkjenner at drifta deira er krevjande på grunn av store utfordringar med bemanning og økonomi, men at tilgangen til advokatbesøk er viktig for dei.
– Vi veit at fengsla arbeider godt med å få mest mogleg ut av dei ressursane dei har, og at besøk frå advokatar er besøk som blir prioriterte og lagt til rette for, seier Wilberg.
Ho ber advokatane om å sende klager om dei opplever å få for lite tid med klientane sine i førebuingane til alvorlege straffesaker.
– Det er heilt klart alvorleg om det faktisk skjer. Vi oppfordrar advokatane til å ta det opp med kriminalomsorga om dei opplever dette.
På spørsmål om Fagermo si opplysning om at han i praksis berre får besøkt éin av tre klientar dersom alle sit i Halden fengsel, fordi besøkstida er så kort, svarer KDI:
– Nei, det er ikkje slik vi ønsker at det skal vere, men som undersøkingane våre viser, blir det generelt lagt godt til rette i etaten for å gjennomføre advokatbesøk.