– Vi er uredde. Vi har små fordelar med heimebane og full stadion. Vi er veldig gode heime, seier Viking-trenar Bjarte Lunde Aarsheim.

Med ein utseld Viking stadion i ryggen skal dei mørkeblå kjempe om ein historisk plass i Meisterligaen.

Returoppgjeret mot kroatiske Dinamo Zagreb går av stabelen klokka 21 onsdag kveld.

– Det er vanskeleg å forklare korleis det vil kjennest. Kjenslene kjem litt der og då. Vi har hatt såpass lenge til å glede oss til den kampen, seier kaptein Zlatko Tripić om korleis det vil vere å spele på heimebane.

Viking-trening
NRK var til stades på Viking-trening i forkant av pressekonferansen. Foto: NRK

– Vi visste heile tida at vi skulle ha denne kampen på vår heimebane, og vår stadion. Det kjem nok til å kjennest heilt unikt når vi står der, legg han til.

Med 2–2 frå bortekampen i Kroatia, vil ein siger sende dei mørkeblå rett inn i gruppespelet i Meisterligaen.

– Kan vere til vår fordel

– Det er ein kamp der vi har alt å vinne. Vi veit at vi kan matche motstandaren. Og vi veit at på vårt beste kan vi nå dei største draumane som vi har hatt, seier Lunde Aarsheim.

Pressekonferanse VIking
Viking-trenar Bjarte Lunde Aarsheim og Viking-kaptein Zlatko Tripić på pressekonferanse på Viking stadion. Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Returoppgjeret på Viking stadion blir spelt på kunstgras, noko trenaren meiner kan bli ein fordel.

– Det er litt vanskeleg å komme i press, så ein kan få nokre rom som gjerne er litt meir synlege på kunstgras enn grasbane. Men det er eit enormt godt lag vi møter, og enormt gode fotballspelarar. Så eg trur dei kjem til å takle kunstgras fint.

– Men det kan vere dei har ei innstilling til kunstgras som tilseier at dei ikkje likar det. Så det kan vere til vår fordel.

– Svært sjeldan vi blir rundspelt

Viking sleit i opninga mot Dinamo Zagreb i oppgjeret i Kroatia. Dinamo Zagreb gjekk opp til 2–0 før ti minutt var gått.

Men Viking slo tilbake, og før omgangen var omme, hadde Viking utlikna til 2–2.

– Vi fekk ein brutal start, og slapp inn eit tidleg mål. Men samstundes så har gruppa i fleire år vore flinke til å snu kampar, seier Tripić om kampen.

Viking FK-supportere på tribunen, mange med armene i været og ropende. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Viking FK-supporterane markerte seg i Zagreb. Foto: Nikola Krstic / NTB

Han held fram:

– Det er svært sjeldan vi blir rundspelt, og eg kan ikkje hugse sist vi gjekk på eit brutalt tap. Då vi samla oss i ringen på 2–0 så blei vi einige om at vi må halde fram med kampplanen, og ikkje få panikk.

– Vi var ikkje uroa i det heile tatt, men så merkar ein trykket når ein er på bortebane. Det er jo det vi håpar å få til her heime.

Unggutar briljerte

Kaptein Tripić gir dei unge spelarane mykje av æra for suksessen dei siste åra.

I førre oppgjer var det nettopp 20 år gamle Tobias Moi som utmerkte seg på banen.

– Eg er utruleg imponert over at det er nettopp akademi-spelarar, som har vakse opp her, og som nå skal representere klubben i ein så stor kamp, og generelt i store kampar. Eg kunne ikkje skrytt meir av dei, og den mentale styrken som dei viser, seier Viking-kapteinen.

En fotballspiller i hvit drakt gir en high-five til en støtteapparatmedlem på sidelinjen. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
20 år gamle Tobias Moi herja på banen under det første oppgjeret i Zagreb. Foto: Nikola Krstic / NTB

– Tobias har vore med oss i lang tid no. Vi har sett han på trening. Vi har berre venta.

– Når han først fekk den moglegheita så var vi trygge alle saman på at han kom til gjere det skikkeleg godt. Men at han har gjort det så godt hadde kanskje ikkje alle sett for seg.

Alt å spele for

Europeiske tungvektarar som Real Madrid, Barcelona, Manchester City, Liverpool og Bayern München står på lista over moglege motstandarar viss Viking tar seg vidare til Meisterligaen.

– Dette må vi angripe med glede, og så kan vi vere den gruppa med spelarar kan skrive nok eit kapittel i historia til klubben, seier Tripić.

Viking har ikkje tatt seg forbi ei kvalifisering i Europa sidan laget deltok i Uefa-cupen (i dag Europaligaen) i 2005/06-sesongen.

Zlatko Tripic utliknar til 2–2 etter ein genial pasning frå Tobias Moi under oppgjeret i Kroatia. Foto: Nikola Krstic / NTB

Viking er sikra plass i den turneringa i år, om det skulle bli tap for Dinamo Zagreb på onsdag.

Etter at Bodø/Glimt gjekk sigrande ut i Nederland, er det mogleg med to norske lag i Meisterligaen denne sesongen.

Tanken får Viking-trenar Bjarte Lunde Aarsheim til å glise:

– Det blir heilt enormt! Då slepp vi den vanlege Meisterliga-kvelden i sofaen med TV, Cola og Taffel-Sticks.