Senterpartiet går inn i torsdagens møte mellom dei raudgrøne partia med eit klart krav:
Avgiftskuttet på bensin og diesel må forlengjast ut året.
– Folk og næringsliv treng låge transportutgifter for å kunne bu og drive næring over heile landet. Med den enorme uvisse i verdas energimarknader meiner Senterpartiet at avgiftskutta må forlengjast, seier partileiar Trygve Slagsvold Vedum.
Debatten om drivstoffavgiftene har prega norsk politikk gjennom sommaren.
Sp har kravd lengre avgiftskutt, medan fleire parti har stilt spørsmål ved om tiltaket er rett bruk av fellesskapen sine pengar.
Torsdag møtest Ap, Sp, SV, Rødt og MDG for å diskutere situasjonen vidare.
Berre éin del av biletet
Samtidig som politikarane diskuterer avgifter, opplever mange bilistar at prisen ved pumpa kan svinge med fleire kroner frå den eine dagen til den neste.
Ifølgje økonomiprofessor og drivstoffekspert Øystein Foros handlar svingingane om korleis bensinkjedene set prisane sine.
– Dette har i veldig mange år gått betydeleg opp og ned i løpet av ei veke. Det vanlege er at kjedene set opp prisane sine til meir eller mindre same nivå éin til to gonger i veka, seier Foros.
Deretter blir prisane gradvis pressa ned att gjennom konkurransen mellom stasjonane.
Foros peikar samstundes på at uro i verdsmarknaden har gjort utslaga større.
– Me har hatt store svingingar i oljeprisen, som er den sentrale råvara. Det har gjort svingingane større.
Likevel understrekar han at ein plutseleg prisauke ved pumpa ikkje nødvendigvis betyr at drivstoffet har blitt tilsvarande dyrare å kjøpe inn.
– Dette er ikkje knytt til svingingar i det ein betaler for ein liter bensin eller diesel i innkjøp. Det skjer sjølv om innkjøpsprisen til bensinkjedene ligg heilt fast.
Varierer mykje frå dag til dag
For bilistane kan prissvingingane utgjere fleire hundre kroner på ei tankfylling.
Mange reagerer på at prisane varierer med fem–seks kroner frå topp til botn i løpet av ei veke.
Kortsiktig politisk gevinst
Sjeføkonom Harald Magnus Andreassen meiner den politiske debatten om drivstoffavgiftene ikkje står i forhold til kor stor betydning avgiftskuttet faktisk har.
– Eg trur ikkje eg såg éin økonom som forsvarte dette som eit godt verkemiddel. Dersom problemet er levekostnadene til nordmenn og norske bedrifter, finst det mange andre måtar å løyse det på enn å kutte avgiftene på bensin og diesel.
Han peikar på at oljeprisen no er langt lågare enn då avgiftskuttet vart innført.
– Det er vanskeleg å forstå at det skal vere eit ekstra stort behov for kutt når me har så låge bensin- og dieselprisar som me faktisk har no.
Andreassen meiner også at sjølve drivstoffdebatten har blitt overoppheta.
– Ja, det er piska opp av politikarar som vil tene på litt kortsiktig politisk gevinst. Det kallar me ofte populisme.
Samtidig held den politiske striden fram.
Torsdag skal dei raudgrøne partia diskutere om avgiftskuttet skal leve vidare etter 1. september.