Valdtekta skal ha skjedd ein novemberkveld i 2025 i Sogn og Fjordane.
I to timar skal kvinna i 50-åra ha blitt valdteken i si eiga seng.
– Eg kjempa imot, men til slutt gav eg opp og spelte med fordi eg var redd han skulle skade meg alvorleg.
Det forklarte ho i Sogn og Fjordane tingrett i dag.
Nekta å forklare seg
På tiltalebenken sit ein amerikansk statsborgar i 20-åra.
Han har tidlegare nekta straffskuld, men har ikkje ville forklart seg sidan.
Det gjorde han heller ikkje i retten i dag.
Han ville heller ikkje bruke hovudtelefonar for å lytte til tolken og slengde det av seg.
Forsvararen hans Hedda Leikvoll minna retten på at tiltalte ikkje har plikt å forklare seg, og at det ikkje seier noko om skuldspørsmålet.
Mannen sat i ei raud T-skjorte med lukka auge under store delar av tida i rettssalen. Han kasta eit og anna blikk på kvinna då ho forklarte seg.
– Frykta for livet sitt
Tiltalte hadde vore i fleire land før han kom til kvinna i november i fjor. Han kom for å jobbe mot gratis kost og losji, gjennom ei etablert ordning for dette.
Kvinna fortalde at ho hadde nytta seg av konseptet i fleire år, men at ho alltid var ekstra forsiktig når ho tok imot menn.
Men videosamtalen med amerikanaren i forkant gav henne ingen dårleg følelse.
Snarare tvert imot syntest ho han verka hyggeleg i starten.
Men då han etter kvart kyssa henne og gjorde tilnærmingar, avviste ho han.
Ho kjente seg etter kvart utrygg, fortalde ho i retten.
– Eg sa at det var best han reiste sin veg før avtalt tid. Men det nekta han.
Den kvelden valdtekta skal ha skjedd avviste ho han på ny, etter at han prøvde å kysse henne.
Då skal han ha blitt sint og gått vekk.
Inne på soverommet sitt kjente kvinna seg utrygg og sende difor meldingar til nokre venner.
Ho prøvde å låse soveromsdøra, men sleit med å få det til.
Mannen skal etter ei tid ha kome inn på rommet, kasta vekk mobilen hennar og haldt henne fast.
Kvinna fortalde at ho kjempa imot og ropte etter hjelp.
– Men då tok han handa framfor munnen min og delvisa nasen, så eg fekk ikkje puste. Eg blei redd for livet mitt.
Etter om lag ti minutt slutta ho å kjempe.
– Eg var redd han skulle ta kvelartak på meg, skade meg eller drepe meg. Eg var redd for livet mitt.
Ifølge kvinna si forklaring varte valdtekta i oppimot to timar.
I etterkant har ho slite med skuldfølelse fordi ho slutta å gjere motstand og spelte med, fortalde ho.
– Men politiet fortalde meg seinare at dei fant ein skalpell i ryggsekken hans, og det sette ein støkk i meg. Då blei eg glad eg spelte med, eller så hadde eg kanskje ikkje vore her i dag, sa ho i retten.
Har nekta å forklare seg
Den tiltalte mannen har sete i varetekt sidan november i fjor.
I vår blei han tvangsinnlagt på psykiatrisk sjukehus i Bergen for observasjon.
To sakkunnige skal i morgon forklare seg om mannen si mentale helse. Spørsmålet om tilreknelegheit blir då eit tema.
Dersom mannen blir funnen skuldig, kan det verte lagt ned påstand om tvungen psykisk helsevern i staden for fengsel.
Mannen må også svare for ein tilleggstiltale som gjeld vald mot fem offentlege tenestepersonar i Bergen fengsel. Han skal ha slege til og kasta mat på fleire av dei tilsette.
– Livet snudd opp ned
Politiadvokat Kristine Knutsen-Berge seier saka er alvorleg.
– Tiltalen gjeld valdtekt gjort med vald eller truande åtferd. I tillegg er det teke ut ein tilleggstiltale som gjeld fem tilfelle av vald mot offentleg tenesteperson.
Synne Catrin Øren er bistandsadvokat til kvinna. Ho seier dei vil legge ned krav om oppreising og erstatning.
I retten fortalde kvinna at ho livet hennar har blitt snudd opp ned.
– Eg må bygge meg sjølv opp att. Eg blir stressa over små ting, eg toler ikkje høge lydar og mykje som skjer. Eg brukar mykje energi på å halde meg saman og gret lett, sa kvinna.