For ti år sidan spelte Erling Braut Haaland og nokre kameratar inn låta «Kygo jo». I denne låta hyllar Haaland bergensartisten Kygo (ekte namn: Kyrre Gørvell-Dahll).
Dei siste vekene har den gamle videoen gått viralt, og det vekte også merksemda til Kygo sjølv.
I eit innlegg i sosiale medium lova Kygo å laga ein remiks av songen, dersom Haaland scora mot Brasil i åttandedelsfinalen i fotball-VM.
Haaland scora som kjend to mål i kampen, og Kygo heldt ord:
Videoen blir avslutta med ein kommentar frå Haaland sjølv:
– Det blir fort ein banger, for å seia det sånn.
Originalvideoen frå Youtube-kanalen «Flow Kingz» kan du sjå her: