Sokneprest Solfrid Leinebø Seljås stadfestar at utlendingseininga har henta kyrkjeasylanten, og køyrer han vidare til Trandum før han blir sendt ut av landet.
– Eg skjelv. Vi har jo visst heile tida at dei kjem og hentar han, men vi hadde vel håpt at han skulle få innvilga amnesti, seier ho.
Kassembo har budd ulovleg i Noreg i meir enn 20 år. Dei siste åra har han site i kyrkjeasyl, som den einaste i Noreg.
Kassembo kom til landet i 2004, og oppgav då at han var 16 år gamal. Han sa at han flykta frå Burundi etter at veslesøstera og foreldra var drepne.
Men staten trur ikkje på historia hans, og han har tapt i både tingretten og lagmannsretten.
Retten slår fast at han pliktar å forlate landet og at han har brote utlendingslova grovt over lang tid. Menneskerettsdomstolen har sagt nei til å behandle saka hans.
Kassembo vil ikkje samarbeide om å reise tilbake til Burundi fordi han hevdar han er i livsfare viss han gjer det.
Første gongen
Kassembo har fram til no vore den einaste kyrkjeasylanten i landet. Å vere i kyrkjeasyl inneber at kyrkja tilbyr seg å vere ein fristad for forfølgde.
Omgrepet blei på nytt aktuelt på 1990-talet, då flyktningar som hadde fått avslag på søknaden sin søkte tilflukt i norske kyrkjer.
I 2023 bestemte regjeringa at dei skulle oppheve ein gammal regel som gav spesielle ordningar for kyrkjeasylantar. Då kunne politiet gå inn i kyrkjer og hente ut folk som søker tilflukt.
Ifølgje biskop Ingeborg Midttømme, er dette første gong nokon faktisk er henta ut etter det nye regelverket kom på plass.
– Eg trur dette er det første tilfellet, eg kan ikkje kome på at det har skjedd før, seier ho.
Vekker reaksjonar
Advokat Arild Humlen har tidlegare representert Kassembo.
– Når han skal tilbake til den staden der han og familien blei utsett for så grove overgrep, så er det klart han er engsteleg for at det kan skje igjen, seier han.
Han meiner staten har tatt feil frå starten, og at Kassembo skulle hatt vern då han først kom til Noreg.
Politiet si utlendingseining vil ikkje stille til intervju, men stadfestar at dei har pågripe ein person.
– Politiet kan pågripe personar også i kyrkjerom. Dette skjer etter dialog og med vekt på varsam framferd og minst mogleg bruk av makt, skriv seksjonsleiar Håvard Johnsen Bekk.
Eininga skriv vidare at personar som har fått endeleg avslag på søknaden om opphald har plikt til å forlate Noreg. Dersom dette ikkje skjer frivillig, er det politiet si oppgåve å gjennomføre retur.
Det er Utlendingnemda (UNE) som har hatt ansvar for å behandle saka til Kassembo. Einingsleiar Hanne Bjerkan Johansen svarer i ein e-post at saka har vore grundig behandla i forvaltinga og prøvd i domstolane.
– Kvar gong har konklusjonen vore den same: Han har ikkje krav på vern. Heilt sidan han fekk endeleg avslag i 2007 har han hatt ei sjølvstendig plikt til å forlate Noreg.
– Vårt syn har heile tida vore at Kassembo ikkje treng vern, og at våre vedtak i denne saka er i tråd med norske reglar og Noregs menneskerettslege forpliktingar.
– Vil undergrave tilliten til asylsystemet
Justis- og beredskapsdepartementet skriv til NRK at dei forstår at saka skaper engasjement.
– Eg har stor respekt for at kyrkja tek i mot og yter omsorg overfor menneske som opplever å vere i nød. At opphald i kyrkja skal kunne hindre uttransport av personar som er nekta opphald, er likevel problematisk, seier statssekretær Joakim Øren (Ap).
Synet til regjeringa er at ei ordning der personar som oppheld seg over ei viss tid i kyrkjeasyl får opphaldsløyve på dette grunnlaget, vil undergrave legitimiteten til utlendingsforvaltinga sine vurderingar og vedtak.
– Det vil også undergrave tilliten til asylsystemet og prinsippet om likebehandling, seier Øren.
I 2023 vedtok regjeringa ei eingongsløysing etter ein fastlåst situasjon for personar som i ei årrekke hadde site i kyrkjeasyl.
– Det blei gitt klart uttrykk for at løysinga ikkje ville bli gjentatt, seier Øren.
Stort engasjement
Kassembo-saka har skapt stort engasjement i lokalsamfunnet, og fleire har jobba for å halde han i landet.
Støttegruppa «Rettferd for Suel» bad nyleg om at politikarane skulle setje av pengar i revidert statsbudsjett til å gje Kassembo amnesti, og folk har gått i fakkeltog for å vise støtte.
Bjørn Prytz, som er leiar i støttegruppa, seier situasjonen er trist. Dei meiner at det er formelle feil i vedtaket til politiet.
– Vi vil stå på gjennom advokat no, for å få omgjort dette.
Han fryktar at Kassembo vil bli sendt raskt ut av landet, og førebur ein demonstrasjon utanfor Stortinget på fredag.
– Akkurat no er det ein trist dag. Vi har sett at dette ville kome før eller seinare, men vi var kanskje ikkje heilt budde på at det skulle kome politi.