– Dette er ein merkedag. Med denne signeringa av kontrakten går vi frå plan til gjennomføring. No skjer det. Vi har fått ein erfaren, profesjonell, norsk entreprenør.
Det var ein stolt kystdirektør Einar Vik Arset som hadde sette seg ved bordet saman med direktør i AF Anlegg Ivar Galaaen. Det er historisk. Avtalen dei nettopp har underteikna, inneber at Stad skipstunnel skal bli bygd.
– Dette er historisk, ikkje berre fordi det er historias første eller største. Den er historisk fordi tryggleik på sjøen er svært viktig for Noreg. Havområdet kring Stad er svært vêrutsett. Men dette er også viktig for verdiskapinga langs kysten vår.
Eit utfordrande prosjekt
Ein slik skipstunnel har aldri vore bygd før. No har AF Gruppen fått ansvaret. Dei har lang erfaring med store prosjekt.
Direktør i AF Anlegg Ivar Galaaen trur dette bli ein milepæl for selskapet.
– Dette har ikkje vore gjort før. Men for oss er arbeidsoppgåve kjende. Vi trur ikkje dette blir gjennomført utan utfordringar. Då er det lurt at alle dei involverte snakkar saman undervegs for å finne dei beste løysingane.
Ei lang rekke med omkampar
Det har vore ein lang veg fram til signeringa av kontrakten. Stad skipstunnel har vore gjennom ei lang rekke med omkampar og utsettingar.
Frykta for alvorlege ulukker på Stadhavet har vore bakgrunnen for kravet om ein skipstunnel der båtane kan gå trygt gjennom.
Skipstunnelen blei lagt inn i Nasjonal transportplan (NTP) av Jens Stoltenberg si regjering i 2013. Prosjektet fekk ein prioritert plass i NTP i Erna Solberg si regjering i 2017. Då var prislappen på 2,7 milliardar kroner.
Men det er i dei årlege statsbudsjetta at pengane til bygging skal kome. Dei løyvingane har vore utsett fleire gongar.
Grunngjevinga har vore at ein må få ned kostnadane som etter kvart kom opp i 4,1 milliard kroner. Men dei mange utsettingane skuldast også intern motstand mot skipstunnelen.
«Det er håpløst og vi gir oss ikke»
Regjeringa måtte gi seg
I 2025 foreslo Jonas Gahr Støre si regjering å skrote heile prosjektet som no var kome opp i 9,4 milliardar kroner. Regjeringa fekk stortingsfleirtalet mot seg, men gjentok forslaget i mai 2026 etter at kostnaden var redusert til 8,6 milliard kroner.
No blei regjeringa tvunge til retrett. Høgre gjorde det klart at dei ville foreslå ei startløyving. I staden for å gå på eit nederlag valde regjeringa sjølve å bli med på ei semje der Stad skipstunnel fekk 150 millionar kroner i startmidlar.
Ein historisk dag
For ordføraren i Stad kommune, Judith Margrete Kvåle (Ap), var dette ein stor dag. Kommunane kring Stad har kjempe i mange år for å få bygd skipstunnelen.
Det har handla om tryggleik for båtane, men også om verdiskaping langs kysten. Det har vore mange opp- og nedturar. No er ordføraren glad for at byggearbeidet kjem i gang.
– Eg vil takke Kystverket. De har halde fast ved eit prosjekt som har kravd fagleg tyngde, og de har vist tolmod. Så vil eg ønskje AF Gruppen velkommen. De har tatt på dykk eit oppdrag ingen har gjort før. Det krev kompetanse og mot.
Første salva på nyåret
Kystdirektør Einar Vik Arset seier at dei ser fram til å kome i gang med bygginga av Stad skipstunnel. Arset peika på at dette blir eit krevjande prosjekt som dei skal få bryne seg på.
– No skal vi gjere det vi kan for å sikre trygg gjennomføring. Mykje skal på plass før den første salva går på nyåret. Det arbeidet startar no.