Ubåtvraket U-864 har lege på havbotnen utanfor Fedje sidan 1945. Kystverket meiner no tildekking er det beste langsiktige miljøtiltaket.
Den tyske ubåten vart senka utanfor Fedje i 1945 med store mengder kvikksølv om bord.
I februar 2003 vart vraket funne utanfor øya Fedje i Vestland.
Trass i for mange diskusjonar og utgreiingar, ligg vraket framleis på havbotnen.
No står striden mellom dei som meiner vraket og kvikksølvet bør hentast opp, og Kystverket, som tilrår å dekkje til vraket og den forureina sjøbotnen for å redusere miljørisikoen på lang sikt.
Ubåten har vore på havbotn sidan den var senka i 1945.
Foto: KYSTVERKET / SCANPIX
Ei ny rapport viser at tildekking kan redusere miljørisikoen, medan fjerning av kvikksølvet inneber større risiko for spreiing og høgare kostnader.
– Rapporten gir viktig ny kunnskap om tilstanden til vraket og kva tiltak som kan redusere miljørisikoen på lang sikt. Vi skal no gå grundig gjennom tilrådingane frå Kystverket, seier fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss.
Fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss.
Foto: Gunnar Sætra / NRK
Skal vurdere rapporten
Nærings- og fiskeridepartementet vil no gå gjennom rapporten og tilrådingane frå Kystverket.
Deretter vil departementet, i tråd med vedtaket i Stortinget, bestille ei tilleggsutgreiing frå Kystverket om heving av ubåten med last og/eller fjerning av torpedoane.
For å få eit betre grunnlag for vidare avgjerder gav Nærings- og fiskeridepartementet i 2024 Kystverket i oppdrag å vurdere om delar av kvikksølvlasta kan fjernast før ei eventuell tildekking av vraket og sjøbotnen, eller om det er betre å gå direkte til tildekking.
Slik ser ubåten ut på havbotn utanfor Fedje.
Hans Petter Mortensholm, beredskapsdirektør i Kystverket, seier at kunnskapsgrunnlaget om ubåten er oppdatert.
– Vi har gjort nye kartleggingar av vraket og sett på spreiing av forureining under ein slik operasjon. Vi har fått i oppdrag frå departementet å vurdere miljørisikoen, og tilrår at tildekking er det beste tiltaket no.
Hans Petter Mortensholm, beredskapsdirektør i Kystverket.
Foto: Torstein Gamst/Pixlight
Fare for spreiing
Undersøkingane til Kystverket viser at begge alternativa kan redusere miljørisikoen vesentleg på lang sikt.
Samstundes inneber uttak av kvikksølvlasta større risiko for spreiing av forureining under sjølve gjennomføringa og høgare kostnader enn direkte tildekking.
Rapporten viser òg at det teknisk sett er mogleg å hente ut kvikksølvbehaldarar frå delar av vraket ved hjelp av fjernstyrte undervassystem.