– Det pusher deg jo til å møte opp, seier Sofie Haltstrand.
Ho går i tredje klasse på media og kommunikasjon-linja på Byåsen vidaregåande skule i Trondheim.
Sjølv om fråværsgrensa fører med seg litt stress, erkjenner ho at ho gjer at ein møter opp.
– Det hadde vore veldig enkelt å bli heime dersom ein er litt småpjusk.
Tal frå Utdanningsdirektoratet viser at fråværet i skulen for første gong sidan pandemien gjekk ned førre skuleår.
Færre har høgt fråvær
Tala direktoratet legg fram onsdag morgon viser at medianfråværet gjekk ned med 0,9 prosentpoeng i fjor samanlikna med skuleåret før.
Medianeleven gjekk frå å ha fem dagar til tre dagar fråvær. Samstundes gjekk timefråværet opp frå 20 til 22 timar.
Frå mars 2020 til og med skuleåret 2021–22 var det unntaksreglar for fråvær på grunn av koronapandemien.
Desse skuleåra kan derfor ikkje samanliknast med dei andre, skriv Utdanningsdirektoratet på sin nettstad.
Førre skuleår hadde 65 prosent av elevane i vidaregåande skule under fem fråværsdagar.
Det er ein auke på 18 prosentpoeng samanlikna med skuleåret 2023/2024.
Samstundes er det færre av elevane som har høgast fråvær. I fjor var det 6 prosent av elevane som var 20 dagar eller meir borte frå skulen:
– Stress og press er noko ein må øve på
– Vi ser ein stor reduksjon i fråværet blant elevane som går på vidaregåande og det er veldig, veldig bra, seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap).
– Vi har jobba steinhardt med dette og vi har endra fråværsreglane slik at vi er tydelegare på at vi forventar at ein er i klasserommet i undervisninga.
Ho viser til at det blei gjort fleire endringar på fråværsreglane i forkant av førre skuleår.
Mellom anna blei besøk hos fastlegen også rekna med før grensa på 10 prosent blei nådd.
– Vi ser at det å gi elevane gode rammar og vere tydelegare på forventningane gjer at dei møter opp, seier ministeren.
– Eg trur dette vitnar om ein haldningsendring i samfunnet som gjer at vi er på veg tilbake til der vi var før pandemien.
Ho oppfordrar elvar til å gå på skulen også når det ikkje freistar.
– Sjølv om det kanskje er vondt og kjipt den dagen, så er det viktig å ta seg sjølv i nakken og tenke at stress og press er noko ein må trene seg på å stå i.
– Det er viktige eigenskapar å ha med seg vidare i livet.
– Funkar for dei ressurssterke
Leiar i Elevorganisasjonen, Zaid Norzai Ahmmad, fortel at han er glad for at tala viser at fleire elevar er på skulen.
– Ein er veldig opptatt av at elevar skal vere på skulen og det er bra, men ein gløymer ofte kva det går på kostnad av.
– Det er elevar som har 14-15-16 prosent fråvær og som berre blir dytta ut av heile reknestykket, seier Ahmmad.
Han fortel at elevorganisasjonen har vore kritisk til endringane i fråværsreglane som blei gjort i fjor.
– Fråværsgrensa funkar jo for dei som er ressurssterke og ikkje har så mange problem, ikkje for dei elevane som har det tungt og synest det er vanskeleg å møte opp på skulen.
At fråværsgrensa førebur elevane på arbeidslivet er ikkje Ahmmad eining i.
– I arbeidslivet kan ein ha dialog og inngå avtalar, men på skulen no så krevjast det eit lass med papirarbeid for å kunne få til ein avtale.
Elevorganisasjonen meiner at det største problemet med fråværsregelen er at han blir praktisert ulikt i ulike fylkeskommunar og ved ulike skular, fortel leiaren.
– Så vi ønsker klarare reglar som er enklare å forstå.
– Kan ha gjort at elevar pressar seg
– VI har jobba veldig bevisst med fråvær, spesielt på yrkesfag, fortel Frode Øren, rektor på Byåsen vidaregåande skule.
Også på denne skulen var fråværstala for førre skuleår lågare enn året før.
Om det er ein trend eller berre tilfeldig er vanskeleg å seie, fortel rektoren.
– Eg veit at bransjen er veldig oppteken med fråvær med tanke på å få lærlingplass, så det er mogleg det er det som er tydeleggjort.
– Også kan det hende at dei nye fråværsreglane har gjort sitt.
Han fortel at det var forvirring rundt krava for å dokumentere fråvær i fjor haust.
– Det kan ha gjort at elevar pressa seg litt meir for å kome på skulen, det skal vi ikkje sjå bort frå.