Sist veke slo styresmaktene fast at landets einaste kyrkjeasylant skulle sendast ut av Noreg, og til Burundi i Afrika.
Han har budd ulovleg i Noreg i nær 20 år. No blir utreisa stoppa, men det er uvisst kor lenge.
Etter eit møte før helga, trur ikkje den burundiske ambassaden på at han er frå Burundi – og no slår også Borgarting lagmannsrett fast at han dermed ikkje kan returnerast dit no. Det kjem fram i ei ny avgjerd torsdag føremiddag.
Dette betyr ikkje at Kassembo får bli i Noreg for godt, men utreisa blir utsett igjen.
I mellomtida kranglar advokatane om kvar han skal vere medan han ventar på å bli sendt ut av landet.
Både tingretten og lagmannsretten har sagt at han kan reise heim til Sunnmøre mot meldeplikt til politiet, men torsdag ettermiddag blei det kjent at dette blir anka til Høgsterett.
– Vi er ikkje einige i fleirtalets vurdering i dagens avgjerd frå lagmannsretten, skriv Jon Andreas Johansen i Politiets utlendingseining i ein e-post.
Dermed skal landets høgste domstol, Høgsterett, ta stilling til om Kassembo blir midlertidig sett fri frå Trandum i påvente av å bli sendt ut av landet.
Uklart kvar han skal sendast
Suel Kassembo har budd på Sunnmøre i 20 år, og har tapt fleire rundar i retten for å få bli i landet.
Nyleg blei han henta frå kyrkjeasyl, for å bli sendt ut av landet.
– Med desse opplysningane i avgjerda er det høgst uklart kvar og når han kan sendast, seier advokaten hans, André Møkkelgjerd.
– Korleis reagerer han på avgjerda frå Borgarting lagmannsrett?
– Han er sjølvsagt veldig godt fornøgd med at han skal ut frå Trandum og kan reise tilbake.
Politiet vil no starte vidare undersøkingar for å avklare kva dei meiner er det korrekte heimlandet hans, og snakke med han så snart som råd, heiter det i rettsavgjerda frå lagmannsretten.
Møte med myndigheitene
Bakgrunnen for at det no er bråstopp i planane om retur, er eit møte mellom Suel Kassembo og burundiske myndigheiter måndag. Det resulterte i at dei slo klart fast at mannen ikkje kjem derifrå, og at han difor ikkje snakkar sant.
Bakgrunnen for at den burundiske ambassadøren ikkje trur at han er frå Burundi, står ifølgje politiet at:
- han snakkar verken kirundi eller fransk
- har ingen kunnskap om burundisk namnetradisjon
- kunne ikkje seie noko om familien sin utover foreldre
- hadde ingen kunnskap om provins, region og kvartal
Det kjem fram i avgjerda frå Borgarting lagmannsrett.
Kritisk til at han møtte utan advokat
Møtet med dei burundiske myndigheitene føregjekk utan advokat.
– Her er det gjennomført ein kort samtale på engelsk utan advokat og politi til stades, det er svært problematisk, seier André Møkkelgjerd, som er Kassembo sin advokat.
Tilsynsrådet for tvangsreturar og utlendingsinternat tidlegare har uttalt at kan vere bekymringsfullt.
Elizabeth Baumann i tilsynsrådet har tidlegare uttalt at tilsynsrådet på generell basis meiner at det bør vere advokatar til stades på slike møte.
Borgar av Burundi?
Kassembo har heile tida hevda at han kjem frå Burundi. Då han kom til Noreg, fekk dei fleste frå landet opphald – og han ville truleg òg fått det dersom styresmaktene hadde trudd på forklaringa hans.
Det gjorde dei ikkje.
I grunngjevinga for pågripinga førre veke skriv Politiets utlendingseining at han er «borgar av Burundi».
Politiets utlendingseining avviser at dette er ei stadfesting av at det betyr at han kjem frå Burundi, og Jon Andreas Johansen skriv:
– Denne informasjonen er basert på det personen sjølv har oppgitt om seg sjølv. Henvisinga til nasjonalitet i slutninga om pågriping er dermed berre ein formalitet. Det betyr ikkje at myndigheitene har bekrefta eller godkjent personens faktiske statsborgarskap.
No blir det stilt spørsmålsteikn ved kor han kjem frå på nytt, og dermed er det uvisst kor og når han skal sendast.
I ein tidlegare versjon av denne artikkelen stod det at Politiets utlendingseining stadfestar at Kassembo er borgar av Burundi. Ifølgje dei sjølv, er dette berre ein formalitet, og NRK har derfor presisert dette i artikkelen klokka 15:12.