gutt i skyteuniform omed pokal og kosedyr i handa. gutten er 13 år gammel
BRAGD: Sivert Hårstad (13) blei historisk på Landsskyttarstemnet. Foto: Åsne Margrete Kleiv / NRK

– Det er heilt fantastisk det han gjer! seier NRKs skyttarekspert Ola Lunde.

Eksperten måpte av det han nettopp hadde vore vitne til på standplass.

– Ein 13-åring vinn! Og heilt overlegent! legg han til.

13 år gamle Sivert Hårstad var sterkast på felthurtigkonkurransen under Landsskyttarstemnet på Lesja. Og blei med det tidenes yngste vinnar på øvinga.

Han kunne knapt tru det sjølv:

– Det er heilt utruleg. Eg hadde aldri trudd det, seier Hårstad, som i praksis kan kalle seg Noregs raskaste skyttar.

Sivert Hårstad jublar i skytterdrakt og hodetelefonbar
13 ÅR: Hårstad skal byrje i niandeklasse og blir 14 år i desember. Foto: Frode Søreide / NRK

– Kjempesensasjon

Hårstad møtte fjorårets vinnar, Inge Sunde Hvitås, i finalen. Guten, som snart skal byrje i niandeklasse, fortel at det nesten var surrealistisk å stå der.

– Eg tenkte eigentleg ikkje så mykje på det, for eg trudde ikkje det kom til å skje. Men det er rart og artig.

Lunde er klar på kor stor bragda er.

– Det er ein kjempesensasjon at ein 13-åring kan vinne det her. Det er fleire tusen som konkurrerer, seier eksperten.

– Var det noko du forventa før du kom til Lesja i år?

– Ikkje i det heile. Eg hadde aldri tenkt at ein 13-åring kunne vinne årets felthurtig, seier Lunde.

Ola Lunde
EKSPERT: Ola Lunde har vore skyttar- og skiskyttarekspert for NRK i mange år. Foto: Vidar Ruud

Nærare 2000 skyttarar deltok på øvinga, der rundt 1500 klarte å kvalifisere seg. Under konkurransen på torsdagens stemne, slo 13-åringen fleire rutinerte skyttarar.

– Han har ikkje øvd i så mange år. Her møter han folk som har drive med dette i 10, 20, 30 år og lagt ned masse timar! seier Lunde.

– Men han er uredd og teknisk kjempegod, seier eksperten som meiner Hårstad er eit «kjempetalent».

Sivert Hårstad jublar i skytterdrakt og hodetelefonbar
VANN: Hårstad slo mange rutinerte skyttarar på felthurtig. Foto: Frode Søreide / NRK

Trenar fleire timar

Talentet er kanskje ikkje heilt tilfeldig. Både mora og faren er habile skyttarar.

– Det er imponerande. Det er ikkje anna å seie, seier ein rørt Otte Hårstad.

Også mor Mona Isene er rørt når ho snakkar med NRKs reporter. Ho har sjølv vore skyttarprinsesse to gonger. Ho fortel at sonen brukar mange timar på skytebanen.

– Kvar tysdag er det ein gjeng ungdommar som trenar på felthurtig. Fleire timar, seier ho.

Mona Isene og Kim-Andre Lund
SKYTTARFAMILIE: Mor Mona Isene blei skyttarprinsesse for andre gong i 2013. Her avbilda med skyttarkongen same året Kim-André Aannestad Lund. Foto: NTB scanpix

Sonen legg ikkje skjul på at det er dei mange timane på skytebanen som har gitt resultat.

– Eg trenar mykje, bekreftar skyttaren, som allereie har sett seg nye mål.

For om nokre år vil han klare det som mor hans har gjort fleire gonger – å skyte på Kongelaget.

– Eg skal prøve å kome på Kongelaget når eg kjem i den klassa, seier han og smiler.