En kvinne med pannebånd og jakke smiler og holder opp et skilt der det står "I love Iveland"
FEKK SLETTA 25.000: Ho er nordlending, men elskar bygda ho bur i på Sørlandet. Nå får ho også sletta studiegjelda si. Foto: Tom Nicolai Kolstad / NRK

– Det er ei hyggeleg ordning, smiler Stine Therese Eliassen.

Ho fekk sletta 25.000 kroner av studiegjelda si fordi ho bur i Iveland, ein 45 minutts køyretur frå Kristiansand.

Dersom ho blir buande i indre Agder og ikkje flyttar til byen, der ho jobbar, er ho gjeldfri om tre år.

– Eg må nok vere i Iveland ei stund til, men det hadde eg tenkt uansett, seier Eliassen.

En kvinne smiler i en trapp foran en gammel dør. Over døra står det Resepsjon.
Stine Therese Eliassen jobbar som publikumskontakt ved Vest-Agder museet i Kristiansand, men bur i Iveland, ein snau times køyretur unna jobben. Foto: Tom Nicolai Kolstad / NRK

I statsbudsjettet for 2026 blei partia på Stortinget einige om at den nye ordninga skal omfatte 189 av dei 357 kommunane i landet.

Det utgjer over halvparten av kommunane i Noreg. Blant dei Iveland.

Eliassen er ein av nesten 1000 Lånekasse-kundar i Agder som til saman har fått sletta i overkant av 22 millionar av si studiegjeld.

Vestland på topp

Til samanlikning har yrkesaktive i Vestland fått sletta 234 millionar kroner i studiegjeld så langt i år, noko som gjer fylket til den klare vinnaren av den nye distriktsordninga.

Det viser tal frå Lånekassen.

Nordland, Trøndelag og Møre og Romsdal følgjer på dei neste plassane, der låntakarane i kvart av fylka har fått sletta over 100 millionar kroner.

Kva kommunar som er med i ordninga finn du i tabellen under.

– Glad for den store interessa

Forskings- og høgare utdanningsminister, Sigrun Aasland (Ap), er fornøgd med responsen etter første søknadsrunde.

– Eg er veldig glad for den store interessa og har tru på at gjeldslette vil bidra til at distrikta både hold på og rekrutterer kompetansen dei treng, seier Aasland.

Sigrun Aasland
Forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland (Ap) Foto: Truls Alnes Antonsen / NRK

Regjeringa håpar ordninga skal vere med å snu den negative utviklinga med fråflytting og aukande aldring i dei minst sentrale distriktskommunane.

I tillegg håpar dei å få fleire med rett kompetanse til å busetje seg i distrikta.

– Tilgang på fagfolk er avgjerande både for velferdstenestene som kommunane skal levere og for næringslivet, seier Aasland.

Skal evaluerast

Kunnskapsdepartementet opplyser at den nye gjelddsletteordninga nå skal evaluerast.

– Gjeldssletteordninga vil bli evaluert på same måte som andre deler av studiestøtteordningane, slik at vi sikrar at den treff målgruppa, og at pengebruken er hensiktsmessig, skriv departementet til NRK.

Det nyleg nedsette utdanningsstøtteutvalet (Lekve-utvalet) skal sjå på dette i sitt arbeid.

Det ligg ikkje føre planar om endringar i gjleldslettingordningane på noverande tidspunkt, opplyser departementet.

Kvinne går ved en gammel gård.
Stine Therese Eliassen skal søke om å slette ytterlegare 25.000 kroner neste år, og håpar å vere kvitt studielånet om tre år. Foto: Tom Nicolai Kolstad / NRK

– For godt til å vere sant

Stine Therese Eliassen pendlar mellom Iveland og Kristiansand, der ho jobbar som publikumskontakt på Vest-Agder-museet.

Ho har ingen planar om å flytte inn til byen. I alle fall ikkje no.

– Eg tenkjer dette er ei veldig bra ordning for å få folk til å bu på landet, men også for oss som har studert nokre fag for mykje, ler Stine Therese Eliassen.

– Fryktar du ordninga forsvinn igjen?

– Det er jo noko med det som er for godt til å vere sant, men det har jo vist seg at fråflytting ifrå til dømes Finnmark og Nord-Norge har blitt redusert når ein har fått inn den ordninga. Eg reknar med at det vil ha den same effekten på dei mindre bygdene her nede, seier Eliassaen.