mann i ullgenser
SKUFFA: Torleif Syrstad legg ikkje skjul på frustrasjonen over situasjonen han har hamna i etter brotet med gamlelaget Team Engcon. Foto: Anders Skjerdingstad / NRK

Torleif Syrstad hadde håpa framtida skulle vere avklart for lenge sidan. I staden står langrennsløparen framleis utan lag få månader før den nye sesongen.

Syrstad vann Vasaloppet i 2024 og utklassa konkurrentane då han gjekk til topps i Birkebeinerrennet tidlegare i år.

Etter målgang under Toppidrettsveka gjekk han knallhardt ut mot sitt tidlegare lag Team Engcon.

Syrstad fortel om ein krevjande prosess etter at samarbeidet tok slutt, og meiner situasjonen har påverka både trening, motivasjon og nattesøvn.

– Situasjonen eg er i no har vore problematisk i lang tid, seier han.

Reagerer på behandlinga

Han meiner laget kom med eit kontrakttilbod som i realiteten ville gitt han lågare lønn enn han hadde hatt tidlegare.

– Dei kom med eit tilbod der eg måtte gå ned i lønn frå før. Det synest ikkje eg at eg fortente med dei resultata eg fekk. Eg takka nei til tilbodet, og då sa dei berre «jaja». Dei lét meg gå og ville ikkje forhandle med meg, seier Syrstad.

Lagsjef Jørgen Ulvang avviser dette.

– Han fekk same tilbod som han hadde før, seier Ulvang.

Konfrontert med svaret frå Ulvang forklarer Syrstad at han i den førre kontrakten med laget hadde ulik lønn i dei to sesongane. Han hevdar at lønna han vart tilbydd i vår var snittet av dei to årslønnene.

– Eg vil jo ha det same som eg hadde på år to, seier Syrstad.

mann med hjelm og briller
Syrstad håpar framleis å få på plass ein lagavtale før vinteren. Langløpsprofilen fortel at uvissa har blitt ei stor belastning dei siste månadene. Foto: Anders Skjerdingstad / NRK

Han forklarar at det er meir enn sjølve lønna som har skapt frustrasjon.

– Summen er dårleg, og då seier eg nei. Det har eg lov til å gjere, og det må dei akseptere. Men at dei ikkje tar meg inn til samtalar og vil prøve å finne ei løysing på det heile. Og at dei etterpå nektar å smørje skiene igjen, det føler eg at går altfor langt.

Hevdar overgangen blir stoppa

Syrstad stadfestar også at Team Burger King Northug er laget han ønskjer å gå til.

Ifølgje langrennsprofilen ville han signert der for lenge sidan dersom ikkje samarbeidet mellom Team Engcon og Northug-laget om smørjing hadde skapt utfordringar.

Team Burger King Northug kjøper smøretenester frå Team Engcon, men ifølgje Syrstad har gamlelaget gjort det klart at dei ikkje kjem til å smørje skia hans sjølv om han blir ein del av Northug-laget.

Det reagerer han kraftig på:

– Det er frustrerande. Eg synest det er barnsleg og usportsleg. Idrettsmiljøet er såpass lite, og eg synest ein skal oppføre seg og vere litt fair ovanfor andre. Så ja, eg er skikkeleg irritert og skuffa.

På spørsmål om smørje nekten stemmer, svarar Ulvang:

– Det kan godt stemme. Det har jo med at løparane våre skal vere fornøgd med tilbodet dei får. Og dei som legg igjen pengar i vårt team, dei skal føle at dei får noko igjen for det. Og at det er rettferdig.

Ulvang understrekar samstundes at han har forståing for at situasjonen er krevjande for Syrstad.

portrett av mann med staver
Lagsjef i Team Engcon, Jørgen Ulvang, seier han forstår at situasjonen er krevjande for Syrstad, men avviser delar av kritikken. Foto: Anders Skjerdingstad / NRK

Ifølgje Syrstad er smørjingskonflikten det største problemet.

– Det er akkurat der eg føler dei går altfor langt. Akkurat det økonomiske, at ein ikkje blir heilt einige om lønn og økonomien rundt det heile, er berre ein liten del av det.

Fryktar for framtida

No jobbar Syrstad og støttespelarane rundt han med å finne ei løysing som kan gjere det mogleg å konkurrere på toppnivå komande vinter.

Han legg ikkje skjul på at han er avhengig av eit profesjonelt opplegg rundt seg.

– Om eg må smørje skia sjølv, så blir det dårlege ski. Mine ferdigheiter rundt det er ekstremt dårlege. Eg likar berre å gå fort på ski og trene.

Sjølv om fleire har tilbode hjelp, mellom andre folk i Bull Ski & Kajakk, er han usikker på kva løysing som til slutt blir vald.

– Vi prøver å finne løysingar. Men vi må evaluere om det er bra nok til å vinne skirenn.

Langrennsløper med seierskrans rundt halsen etter målgang i Birkebeinerrennet. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Torleif Syrstad kunne juble for siger i Birkebeinerrennet tidlegare i år. No står han utan lag før den komande sesongen.

Den uavklarte situasjonen har også blitt ei personleg belastning.

– Ja, det har vore ein stor stressfaktor og ei stor belastning. Eg har måtte bruke dei rundt meg og snakke om det.

Likevel er ambisjonane dei same som før.

– Viss eg står på startstreken, så skal eg vinne. Elles er eg ikkje på startstreken.