Engelsk fotball står veldig sterkt i Noreg samanlikna med våre skandinaviske naboar, ifølge Bernt Hjørnevik, dagleg leiar i den norske supporterklubben for Manchester United.
– Det er ein eller anna forbindelse mellom nordmenn og engelsk fotball, og den har alltid vore der, seier Hjørnevik.
– Nordmenn er tru mot England og engelske lag, legg han til.
Historisk kamp
Etter ein historisk siger mot Brasil, ventar no England for tur i kvartfinalen som finn stad i Miami i USA komande laurdag.
Hjørnevik synest at England er ein god oppfølgar til Brasil-kampen, spesielt sidan «fleire spelarar vil møte sitt andre heimland på fotballbanen».
For mange blir det ein kamp mellom Noreg og favorittspelarane frå dei engelske klubbane.
Tore Hansen, dagleg leiar i den norske supporterklubben for Liverpool, er einig i at dei engelske fotballklubbane betyr mykje for nordmenn.
– Gjennomsnittsnordmannen har eit så spesielt forhold til eitt eller anna klubblag i England. Det er vanskeleg å forklare kvifor, men sånn er det, seier han.
Berre i dei norske supporterklubbane til Manchester United og Liverpool er det til saman om lag 100.000 aktive medlemmar.
– Mange har vakse opp med å ha eit spesielt forhold til fotball-England, samtidig er det stor forskjell på klubb og landslag.
Det seier Hansen, som er tydeleg på at han held med Noreg under VM.
Haaland mot Kane
I London er britane NRK møter godt nøgde med England sin siger mot Mexico. Fleire er sikre på at Noreg ikkje har ein sjanse mot England.
– England går sigrande ut, seier Leo Hartley.
Sjølv om Hartley er trygg på at England vil vinne, er han uroa over kva Erling Braut Haaland kan finne på under kampen.
– Den store faren er Haaland. Han var fantastisk i går. Eg var imponert over spelet til Noreg, seier han om kampen mellom Noreg og Brasil.
Også Lachlan Murray er roleg før laurdagens kamp.
– Vi ser fram til å møte nordmennene i neste runde. Erling Haaland er ein stor spelar, men Harry Kane er ein enda større spelar, seier han.
Murray er sikker på at Noreg kjem til å tape kampen, og at England går sigrande ut av verdscupen.
Håpet om siger er stort blant britane:
– Den perfekte motstandaren
I Ålesund har fleire håp for det norske landslaget.
– Noreg slår England naturlegvis, så det blir ein draum. Den perfekte motstandaren for Noreg, seier Robert Valderhaug.
Også Ivar Sølberg er håpefull:
– Hjartet seier at vi slår England 2–0.
Britiske turistar i byen har andre spådommar enn nordmennene:
Britane er ikkje aleine om å sjå fram til kampdagen.
– Sjølv om vi er store tilhengarar av engelsk fotball, og for vår del Manchester United, trur eg det blir ein kamp som i VM er ei storhending, seier Hjørnevik.
Det er Liverpool-supporteren også einig i:
– Det blir ekstremt spennande. Ja, det er Noreg mot England, men det er settingen ved at det er ein kvartfinale som gjer det så spesielt og så historisk, seier Hansen.
Høyr alt om meisterskapen i podkasten Bakrommet: