Jon Helgheim
POLITIMELDT: Helgheim på veg inn i Dagsnytt Atten-studio fredag ettermiddag. Foto: Ismail Burak Akkan / NRK

17. mai blei ein russ angripen av fire mindreårige gutar i Bergen sentrum.

Videoen der russen får fleire slag og spark før han går i bakken, har blitt delt i sosiale medium.

I går delte leiar av justiskomiteen på Stortinget Jon Helgheim (Frp) eit usladda bilete på Facebook, der det var mogleg å identifisere dei involverte.

– Det er eit typisk mønster. Gjengar med innvandrarbakgrunn, spesielt frå deler av Afrika, Asia og Midtøsten, angrip, ranar og banker opp einslege norske gutar, skreiv han på Facebook-sida si.

Helgheim brukte også ord som «usle» i omtalen.

Jon Helgheim Facebook-innlegg om volden på 17. mai i Bergen
INNLEGGET: Dette skreiv Helgheim på Facebook. NRK har fjerna bildet som kan identifisera dei involverte. Faksimile: Faksimile / Faksimile

Meldt til politiet

To av dei mistenkte gutane melder no Helgheim til politiet. Det seier ein av forsvararane, Alexander Gonzalo Sele, til NRK.

Det var BA som først omtalte politimeldinga fredag ettermiddag.

Sele skal levere politimeldinga på tysdag.

– Han kjem ikkje med politimeldinga for å forsvare det som skjedde på videoen, men vi tenker at det er ein dårleg vurdering å legge ut utsladda bilde av barn, når han har den posisjonen og følgjarskaren som han har, seier Sele til NRK.

Helgheim seier til NRK at han ikkje er bekymra for politimeldinga.

– Det tar eg med knusande ro. Eg har prøvd å setje fokus på eit samfunnsproblem som har fått utvikle seg over tid, som er viktig å debatere, seier Helgheim til NRK.

– Gjekk du for langt?

– Eg har delt eit innlegg som tek føre seg politikk, og det har vi lov til. Eg kjem til å halde fram med det, seier han.

Jon Helgheim
– Det tar eg med knusande ro, seier Helgheim om politimeldinga. Foto: Ismail Burak Akkan / NRK

Etter han la ut det første, usladda bildet, lasta han opp ein ny versjon som var meir sladda. Han seier at intensjonen hans blei misoppfatta.

– Eg angrer ikkje på nokon av dei tinga eg la ut, men eg justerte i tråd med det som var fornuftig, seier han.

Han meiner at han ikkje har identifisert nokon mindreårige.

– Eg har også justert det biletet, og er veldig glad for at vi i Frp tek opp viktige problemstillingar sjølv om vi får mykje motbør, seier han.

Han meiner ein må rekne med å bli filma om ein gjer noko kriminelt og slåst på open gate på høglys dag på 17. mai.

Bilde av vold på 17. mai i Bergen.
VALD: Her blir russen angripen av fleire personar. Foto: Privat / Privat

Ein av gutane som er med i videoen har tidlegare sagt at han har fått drapstrugslar.

Helgheim seier han med innlegget ville setja fokus på at gjengar med minoritetsungdom går til åtak på einslege gutar med norsk bakgrunn.

Både politi og forsvarar avviser at dei mistenkte er knytte til ein gjeng.

– Har ikkje sove sidan 17. mai

Det står framleis att avhøyr av ein del av dei involverte i saka, og det er førebels ikkje teke ut siktingar, opplyser politiet.

Advokat Jørgen Riple er forsvarar til ein av dei mistenkte gutane. Riple reagerer sterkt på innlegget til Helgheim.

– Min klient er ein mindreårig gut som på ingen måte er del av ein gjeng. Ein gut som ikkje har vore med i liknande hendingar tidlegare og som no ikkje har sove sidan 17. mai, i frykt for tryggleiken til seg og sin familie.

Forsvarer, Jørgen Riple,
Jørgen Riple forsvarer ein av dei mistenkte gutane i saka. Han seier at han har fryktar for tryggleiken mot seg og familien på grunn av trugslar. Foto: Paul S. Amundsen / NTB

Riple seier vidare at det er svært uheldig at leiaren for justiskomiteen medverkar til identifisering, utan at heile biletet er kjend.

– Dette medverkar direkte til trugslane min klient har motteke, seier han.

Meiner valden var uprovosert

Bistandsadvokat Malene Lillebostad Svendsen representerer russen som blei utsett for vald.

– Min klient seier valden kom fullstendig uventa. For han framstår hendinga som uforståeleg. Han har aldri møtt gjerningspersonane før, seier Svendsen.

En kvinne med brunt hår i hestehale ser inn i kamera. Kvinnen smiler, og har på seg en grønn skjorte.
BISTANDSADVOKAT: Malene Lillebostad Svendsen seier hennar klient seier valden kom uprovosert. Foto: Alex Coppo / NRK

Ho seier vidare at klienten hennar fekk skader i hovudet og andletet, og at det framleis blir greia ut kor alvorleg dette er.

– Valden har gått hardt inn på han, og han er sjukmeld, seier Svendsen, som legger til at dei mistenkte no har fått besøksforbod mot hennar klient.

Bistandsadvokaten er samstundes kritisk til at videoen av hendinga har blitt spreidd.

– Dette har ført til ei stor tilleggsbelasting for min klient.

– Ville ikkje gjort det på denne måten

Det er politiadvokat Linn Marie Søfteland i Vest politidistrikt som har ansvaret for valdssaka. Ho er kritisk til måten Helgheim har omtalt saka på.

– Det er kombinasjonen av ordvala hans og det at han publiserer bilete av mindreårige eg reagerer på, seier ho.

– Kva er det som er kritikkverdig ved det?

– Eg har forståing for at dette er eit politisk innlegg, og at han vil skapa debatt. Men eg tykkjer ein skal tenkja på at mindreårige er involverte, og ta noko omsyn til det.

Politiadvokat Linn Marie Søfteland i Vest politidistrikt utenfor politihuset i Bergen
POLITIADVOKAT: Linn Marie Søfteland er påtaleansvarleg i valdssaka. Foto: Nina Kausland / NRK

Søfteland gjentek at ho skjønar at dette er ein del av det politiske spelet, men seier ho ikkje ville gjort det på denne måten.

Helgheim reagerte sterkt på politiet sine utsegner då Nettavisen kontakta han torsdag:

– Politiet skal halde seg langt unna å prøva å styra kva politikarar skal meina. Mitt innlegg er reint politisk, og eg tykkjer det er sjokkerande at ein politiadvokat prøver å få meg til å bruka andre ord eller endra min politiske bodskap, sa Helgheim.

Uvisst om innlegget får konsekvensar

I går fortalde politiadvokaten til NRK at trugslane som har kome i ulike kommentarfelt kan bli etterforska.

– Ein kan seie ganske mykje innafor ytringsfridomen, men det går ei grense. Me kan ikkje utelukka at me vil oppretta straffesak for trugslane, sa Søfteland då.

Når NRK spør om innlegget til Helgheim er noko dei vil sjå på svarer ho:

– Dersom folk ytrar seg utanfor rammene av ytringsfridomen kan det føra til politimelding. Men eg veit ikkje om nokon i politiet ser på akkurat dette innlegget.

Høgre kritisk til innlegget

Mahmoud Farahmand sit i justiskomiteen for Høgre. Han meiner Helgheim gjekk for langt i det opphavelege innlegget.

En mann som ser mot kamera.
KRITISK: Mahmoud Farahmand frå Høgre seier det er politiet si oppgåve å etterforska. Foto: Vigdis Hella / NRK

– Eg meiner at å identifisere gjerningspersonar i sosiale medium, det er ikkje politikarar si oppgåve. Det meiner eg passerer ei grense, seier han, og held fram:

– Det er politiets jobb å etterforska og rettsvesenets jobb å dømma.

Samstundes meiner Farahmand at Helgheim har nokre poeng.

– Det er ikkje tvil om at folk med innvandrarbakgrunn er overrepresenterte i valdsstatistikken. Me som politikarar skal ta opp utfordringar som veljarane våre kjenner på, seier han.

Også Framstegsparti-leiar Sylvi Listhaug er oppteken av dette. Ho skriv til NRK at ein på generelt grunnlag bør vera varsam med å publisere bilete som kan identifisere eller konkludera i ei pågåande etterforsking, men:

– Det er ingen grunn til å skugga unna den viktige debatten om at svært mykje kriminalitet blir uført av unge med innvandrerbakgrunn.

– Me må kunne ta debatten om opphavet til gjerningspersonar, seier ho.

En kvinne med blondt hår, iført en lyseblå dressjakke, ser til høyre. Hun har høyre hånd på bakhodet og en lys klokke på venstre håndledd. En person i blå dress sitter foran henne. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
PARTILEIAR: Sylvi Listhaug i Framstegspartiet. Foto: Lars Martin Hunstad / NRK