Kystvaktfartøyet KV Sortland W340 seiler på vannet nær en kai. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Kystvakta deltek i leitinga etter dei utanlandske fisketuristane. Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK

I heile natt og heile laurdag har det blitt søkt etter fisketuristane som la ut på tur fredag formiddag.

Like etter klokka 18 melder politiet at kystvakta avsluttar søket for dagen, på grunn av ver og lysforhold.

– Det blir tatt fortløpande vurdering om kor tid søket skal halde fram, opplyser operasjonsleiar Espen Andrésen.

Fann båten

Fredag føremiddag reiste ein utleigebåt med fire utanlandske turistar ut for å fiske utanfor Averøya i Møre og Romsdal.

Ingen av dei kom heim, trass i at det blei mørkt.

Båten vart funnen og vart tatt til land i Kristiansund laurdag formiddag. Den fekk store skader i etterkant.

Ifølgje operatør Espen Andersen ved Hovudredningssentralen er skadane oppstått i samband med løft over til Kystvakta.

– Båten var intakt då han blei funnen, men låg med kjølen i vêret, opplyser Andersen.

Han seier båten kan ha delt seg på grunn av store mengder vatn innvendig i skroget.

Kystvakta og redningsselskapet i redningsaksjon etter at ein båt med fire fisketuristar på Averøy vart funnen
Det har blitt leita etter fisketuristane sidan fredag kveld. Båten deira vart funnen tom. Foto: Redningsskøyta Henry von Koss/Redningsselskapet

Stort traume

Politiet opplyser at dei har kontakta Kripos for å varsle dei pårørande, ein stad i Aust-Europa.

Det var åtte personar i reisefølget, men berre fire som drog på fisketur. Det kommunale kriseteam har tatt hand om resten av reisefølgjet.

Ordførar i Averøy, Ingrid Ovidie Rangønes (Ap) seier at dette er tungt og at det har vore ei vanskeleg natt.

– Kriseteamet fylgjer opp dei som er på land, og som har opplevd eit stort traume og er i ei krise, seier Rangønes.

Ho håper at leitemannskapet klarer å finne personane.

– Det er jo det her vi ikkje vil skal skje. Det er like tungt kvar gong, seier ordføraren. Ho trur dette også går inn på lokalbefolkninga i Averøy.

Kvinne foran Averøy kommunehus. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Ordførar Ingrid Ovidie Rangønes, har blitt løpande orientert om ulykka. Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK

Dårleg sikt

I heile natt har to helikopter, redningsskøyte, kystvakta og andre båtar leita.

– Nøyaktig kva som har skjedd, veit vi ikkje, seier redningsleiar Jonas Andersen ved Hovudredningssentralen.

Det var regn og 9 sekundmeter vind og det skal ha vore til dels dårleg sikt under søket i natt.

Området det blir søkt i ligg vest for øya Grip.

Tidlegare i år omkom tre fisketuristar like ved Smøla.

Redningsaksjon ved Averøya
Området det blir søkt i ligg vest for Grip. Faksimile: Flightradar24.com

Fleire i reisefølgje

Fisketurisme er populært på kysten av Vestlandet.

Politiet seier dei fire turistane har leigd båt av eit lokalt firma og bur på Averøya under opphaldet.

Det har vore skiftande ver med kraftig regn det siste døgnet.

– Det er ganske store lokale forskjellar på ver og vind, seier operasjonsleiar Eivind Klokkersund.

Operasjonsleder i politiet i Møre og Romsdal, Eivind Klokkersund
Operasjonsleiar Eivind Klokkersund ved Møre og Romsdal politidistrikt. Foto: Remi Sagen / NRK