SISTE:
Den sakna kvinna i 80-åra blei funnen langs ein veg klokka 03.13 av ein hundeekvipasje, melder politiet.
Då hadde ho vore sakna i over eit halvt døgn.
– Kvinna har blitt tilsett av helsepersonell og har det etter forholda bra. Ho var nok litt nedkjølt og sliten, men elles i god behald, seier Eivind Klokkersund, operasjonsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt.
Mannskap frå Norsk Folkehjelp, Røde Kors og Norske redningshundar deltok i leiteaksjonen.
Sist sett rundt klokka 12.00
Leiteaksjonen etter kvinna blei sett i verk torsdag kveld.
Ektemannen til kvinna varsla politiet då ho ikkje kom heim etter å ha gått ut på ein tur rundt klokka 12.00.
Kvinna hadde då vore kledd i ei tynn jakke.
Store styrkar deltok i søket etter den sakna. Det blei etter kvart åtte grade og mørkt i området.
– Det begynner å haste å finne henne, sa Mona Kvernberg, operasjonsleiar i politiet til NRK klokka 22.30.
Ho vektla at kvinna ikkje var kledd for ei haustnatt ute.
– Vi synest det har gått mange timar, og håper å kunne klare å finne henne. Det blir berre kaldare og kaldare utover natta.
Søkte med helikopter og drone
Politiet på staden opplyste at mørket gjorde leiteaksjonen vanskelegare, men at planen var å halde fram søka utover natta.
– Vi gjer no alt vi kan for å finne den sakna kvinna. Det kjem stadig nye mannskap. Vi held trykket oppe, sa innsatsleiar Jon Tommy Flo i politiet.
Store styrker deltok i søket utover kvelden og gjennom natta.
– Åtte hundeekvipasjar, 20 frå Røde Kors og ni medlemmer frå Norsk Folkehjelp er i arbeid, sa Per Åge Ferstad, operasjonsleiar i politiet til NRK, torsdag kveld.
Eit redningshelikopter leita også i fleire timar.
I tillegg opplyste politiet at det blei brukt varmesøkjande kamera og drone, i tillegg til at folk søkte til fots i turterrenget.
Hovudredningssentralen var også varsla.
Det blei søkt over eit stort område i Sykkylven kommune.
Fekk mange tips
Torsdag kveld opplyste politiet til NRK at dei hadde fått inn mange tips om ei kvinne gåande langs hovudvegen frå hytteområdet Fjellsætra og nedover Velledalen, mot Straumgjerde, om lag 10 kilometer unna.
– Ei kvinne er observert at mange gåande langs hovudvegen, kledd slik som i etterlysinga, sa operasjonsleiar Per Åge Ferstad tidlegare på kvelden.
Observasjonane skal ha blitt gjort i tidsrommet klokka 14.30-16.30.
Populær utfartsstad
Det er hundrevis av hytter på Fjellsætra.
Området er utgangspunkt for ei rekkje fjellturar.