Letaksjon etter savnet turister ved Smøla
Både helikopter og båtar deltok i aksjonen i natt. Foto: Remi Haugen

Ein fritidsbåt med utanlandske turistar blei meldt sakna like etter klokka 01:30 natt til måndag.

Dei tre hadde ikkje kome tilbake til avtalt tid og stad, og Hovudredningssentralen Sør-Noreg gjekk dermed til aksjon.

Dei tre turistane og resten av reisefølget, hadde reist ut for å fiske. Når den eine båten ikkje kom inn igjen, varsla dei andre utleigaren av båtane, som så varsla politiet.

Båten skal ha kantra, og alle tre er bekrefta omkomne.

No prøvar politiet å finne årsaka til dødsulykka.

– Vi må ta ein del tekniske undersøkingar av båten. Viss det finst mobiltelefonar, må dei sikrast. Så er det avhøyr av utleigefirma og sjekke om sikkerheitsprosedyrer er følgt, seier operasjonsleiar Sindre Molnes.

En mann i uniform fra politiet. Han har gråsprengt hår, skjegg og ser til siden. Bak ham er det et mørkt bakteppe med gjentatte "POLITIET"-logoer. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Foto: Remi Sagen / NRK

– Sidan dei ikkje kom tilbake blei det innhenta posisjonar og starta søk på vestsida av Ytre Skomsøya på Smøla, fortel vakthavande redningsleiar Steinar Vatne til NRK.

Både redningshelikopter, redningsskøyte, kystvakt, andre naudetatar og frivillige blei sett inn i leitinga, som har gått føre seg store delar av natta.

Ifølgje tal frå Sjøfartsdirektoratet, har totalt åtte personar døydd i ulykker med fritidsfartøy så langt i år. Halvparten av desse har vore på Nordmøre.

– Stor sorg

Båten som turistane leigde, kom frå utleigarselskapet Betten Rorbuer.

– Det er med stor sorg at vi i natt fekk vite at tre personar er gått bort. Våre tankar går til dei etterlatne og dei andre i reisefølget. Vi ser no fram til at politiet på best mogleg måte klargjer årsaka til forliset, skriv selskapet i ei pressemelding.

Dette er ikkje første gong øysamfunnet har opplevd liknande. I 2022 mista ein tysk turist livet etter ein fisketur, då båten kantra.

Pregar lokalsamfunnet

Smøla-ordførar Svein Roksvåg (Sp) seier at kommunen no tar vare på dei som har behov for det, både dei som har deltatt i redningsaksjonen og andre turistar.

– Det har vore ei heftig natt. Det har nok ikkje vore mykje søvn på nokon av personane som bidrog, seier han.

Kystvaktpersonell i gule vester står på et bryggeanlegg. En gul redningsbåt ligger fortøyd ved bryggen. Bak dem er det en kai med industriell infrastruktur. Solen skinner på en klar himmel. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Politiet og kystvakta samarbeider for å hente inn båten. Foto: Eirik Haukenes / NRK

Han legg til at ulykka pregar lokalsamfunnet.

– Vi er ein øykommune, og er vant til at havet er brutalt. Vi har hatt fleire ulykker i kommunen, men eg har aldri vore utfor at det har vore tre omkomne. Det er ei stor ulykke for eit samfunn som Smøla.

En mann står foran en utstilling i et rom med trevegger. I bakgrunnen finnes bilder av historiske bygninger og informasjonsplakater. Det ligger en liten modell av en rød bygning på et bord til venstre. Omgivelsene gir en følelse av kulturhistorisk kontekst.
Foto: Eirik Haukenes / NRK