Folk på vei ut av et Widerøe-fly i solskinn
FOT-RUTER: Widerøe sine fly er del av FOT-rutetilbodet som blir kjøpt på anbod. Foto: Petter Strøm / NRK

Då Samferdselsdepartementet innførte makspris på FOT-rutene 2024, vart flybillettane til mindre flyplassar i distrikta halverte.

Tanken var å gi billigare flyreiser for innbyggarane i distrikta.

Men det er ikkje berre lokalbefolkninga som nyttar flya.

Ein stor auke i turismen til mellom anna Lofoten og Vesterålen har gjort at det ofte er få sete att på dei sterkt subsidierte flyrutene.

– Vår kollektivtransport og infrastruktur er, la oss vere ærlege, fyrst og fremst er for dei som er avhengig av den for å komme seg fram og dei kan ikkje bli skvisa ut av fly og andre typar infrastrukturtilbod, seier samferdselsminister Kamzy Gunaratnam (Ap).

Samferdselsminister Kamzy Gunaratnam i Regjeringskvartalet
Samferdselsminister Kamzy Gunaratnam (Ap), er stolt over pengebruken. Som meiner dette bidrar til eit godt flytilbod i distrikta. Foto: Tom Balgaard / NRK

Ho kom i dag med eit forslag til eit nytt pilotprosjekt for bebuarrabatt på FOT-rutene.

– Me har bede Transportøkonomisk institutt greie ut eit pilotprosjekt slik at me kan teste det ut mellom andre Vesterålen og Lofoten. Der me veit det tidvis er veldig høg etterspørsel, og der lokalbefolkninga ikkje får plass på flya når dei skal kome seg til jobb, skule og sjukehus, seier Gunaratnam.

FOT-rutetilbodet kostar staten kring 2,5 milliardar i 2026 opplyser samferdsels­ministeren, som er stolt over pengebruken. Ho meiner dette bidrar til eit godt flytilbod i distrikta.

Forslaget kjem i tillegg til den allereie varsla kapasitetsauken frå 1. januar 2027 på rutene Leknes–Bodø og Svolvær–Bodø, opplyser Samferdselsdepartementet.

Men pristaket har også ført til at kring halvparten av billettane som blir kjøpt på Widerøes FOT-ruter, er bestilte som fleksibilettar.

Samferdselsminister Kamzy Gunaratnam i Regjeringskvartalet
– Me har bede Transportøkonomisk institutt greie ut eit pilotprosjekt slik at me kan teste det ut mellom andre Vesterålen og Lofoten, samferdselsminister Kamzy Gunaratnam (Ap) Foto: Tom Balgaard / NRK

Samferdselsministeren ber om innspel til korleis dei kan løyse problematikken. Utgreiinga om bebuarrabatt skal etter planen på høyring i løpet av oktober. Høyringsfristen er 15. desember lik fristen for høyringa av den transportfaglege utgreiinga av FOT-tilbodet i Nord-Noreg.

– Det må befolkninga og næringslivet fortelje meg, seier Gunaratnam.

Grunna situasjonen i Lofoten og Vesterålen åpenbare val for utgreiing av bebuarrabatt.

Men regjeringa ønsker også å vurdere om det er ruter i Finnmark kor ein bebuarrabatt kan vere aktuell og i så fall korleis ein slik ordning kan utformes.

– Samferdselsdepartementet kjem tilbake med meir informasjon om dette arbeidet når omfanget av utgreiingsarbeidet er næare avklart, seier statsråden.

Samferdselsdepartementet tek sikte på å lyse ut konkurransen om dei nye FOT-rutene i Nord-Norge våren 2027.

– Dei er nøydde til å setje handling bak orda no

Vågan-ordførar Vidar Thom Benjaminsen (H) har stor tru på bebuarprisar, men er ikkje overtydd før han ser handling.

Han synest forslaget er bra, men påpeikar at dette er noko regionen har etterlyst lenge.

– Det som gjer meg litt skeptisk, er at Arbeidarpartiet i regjering har halde på i fem år og rota med flyruta vår i Lofoten og heile Nord-Noreg. Og for kvar ting dei gjer, så blir det dårlegare og vanskelegare å fly.

ordførar Vidar-Thom Benjaminsen (H)
Ordførar Vidar Thom Benjaminsen (H) i Lofot-kommunen Vågan har stor tru på at bebuarprisar. Men er ikkje overtydd før han ser handling Foto: Hans-Jacob Omre / NRK

Benjaminsen meiner det hastar å få gjort endringar i tilbodet.

– Me har ikkje tid til at dei skal halde på i tre år for å greie ut. Dei er jo nøydde til å setje handling bak orda no.

Vågan-ordføraren er redd for at innspelsrundar, undersøkingar og pilotprosjekt vil sinke framgangen.

– Her er litt av det som er skremmande. Me har halde på med innspela i tre år. Me har hatt møte med samferdselsministeren, den førre samferdselsministeren, mange gonger. Både partilaga, regionråda og fylka. Det er så mange innspel at de ikkje treng ein stor runde for å hente inn nye. Innspela er der. Berre byrje å høyre på dei innspela som alt er komne.

En mann tar en selfie i en flyplassgate mens reisende står i kø ved en utgang. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Vidar Thom Benjaminsen er ordførar i Vågan kommune publiserte nyleg eit innlegg i sosiale medium om tal på turistar som brukar FOT-rutene. Foto: Privat

I eit innlegg i sosiale medium skreiv han eit innlegg om turisttrafikken i Lofoten. Der talde han 21 turistar av 39 passasjerar frå Svolvær til Bodø. På turen tilbake talde ordføraren 28 turistar av 39 passasjerar.

– Eg er glad for at folk frå heile verda vil oppleve Lofoten. Særleg når dei kjem utanom den travlaste sesongen. Men flytilbodet vårt har ikkje plass til trafikken som me allereie er her, skreiv Benjaminsen.

Er positive til bebuarprisar

Varaordførar i Vågan, Marit Olsen (Ap), jublar over forslaget. Ho seier at FOT-ruteproblematikken har ført til mykje trøbbel, mellom anna når politikarane skal besøke ministrane i Oslo.

– Å få til bebuarrabatt løyser kanskje ikkje alt, men det løyser ein god del av dei problema me har i regionen, så det er heilt strålande, seier Olsen.

Varaordfører Marit Olsen, Vågan kommune står i Svolvær.
Varaordførar Marit Olsen i Vågan kommune Foto: Petter Strøm / NRK

Også næringslivet er positive til forslaget om beburarrabatt.

Kim Kjosnes som er daglegleiar av Marina Hotel i Svolvær. Han meiner at det kan vere eit godt verkemiddel.

– Det høyrest ut som ein knallidé, seier Kjosnes.

Kim Kjosnes sitt på ein benk i Svolvær i Lofoten.
Kim Kjosnes er daglegleiar av Marina Hotel i Svolvær. Foto: Petter Strøm / NRK

Har kjempa for ei løysing i fleire år

Fleire ordførar og politikarar har over lengre tid meint at noko må gjerast med situasjonen.

– Me har i praksis ein situasjon der me knapt nok kan reise ut av regionen, sa Sortland-ordførar Grete Ellingsen (H) til NRK i januar.

Det er ikkje fyrste gongen regjeringa lovar særtiltak som dette. Jens Stoltenberg lova i august 2025 at dei fastbuande i skulle få lågare flyprisar enn andre.

– Det er viktig å sjå kva me kan gjere for å gjere det billigare for folk å fly på kortbanenettet, sa finansminister Stoltenberg til NRK i fjor haust.

Men Gunaratnam og Stoltenberg er ikkje dei fyrste som har lova endringa. Ideen om «kanariprisar» strekk seg tilbake fleire år.

Folk på dei spanske Kanariøyene får 75 prosent avslag på flyreiser til og frå fastlandet. Dette for å binde landet meir saman.

Tidlegare ordførar i Lebesby kommune i Finnmark, Sigurd Kvammen Rafaelsen kom med eit forslag tilbake i 2024 om å innføre Kanariprisar som kunne gi 75 prosent avslag på flyreiser slik som dei hadde gjort i Spania.

Kva dette vil koste og når bebuarpris skal innførast er enno for tidleg å seie.

– Når trur du lokalbefolkninga kan få svar på dette spørsmålet?

– Utgreiinga gjennomførast som ein del av arbeidet med å forbetre ein ny konkurranse om FOT-rutedrift i Nord-Norge med avtaleoppstart 1. november 2028. Eg trur at me skal klare å snakke om bebuarrabatt i ganske nær framtid, seier samferdselsminister Gunaratnam.

Stortingsrepresentant Mona Nilsen (Ap) fra Nordland
Stortingsrepresentant Mona Nilsen (Ap) frå Nordaland. Foto: Raymon Engmark

– Viktig sak for Nordland

– Dette er en veldig viktig sak for oss i Nordland, og noe vi har jobba med lenge, seier stortingsreprtesentant Mona Nilsen (Ap) i en kommentar.

– Vi har over tid sett at flyene har vært fulle, noe som gjør at FOT-tilbudet her ikke funker optimalt. Vi er spente på utviklinga og resultatene fra dette prosjektet. Flyrutene våre er viktige for at folk skal komme seg til jobb, helsetjenesten, skole og hjem igjen på en god måte. Sier Stortingsrepresentant for Nordland, Mona Nilsen.