Tre tsjekkiske menn er framleis sakna etter at ein båt forliste utanfor øya Grip fredag.
Båten blei funnen med kjølen i vêret natt til laurdag, saman med ein av dei sakna. Dei tre siste er så langt ikkje funne.
Lokale fiskarar meiner at turistane som leiger båt i området, ikkje har strenge nok reglar, og at forholda ved Grip er for tøffe for små utleigebåtar.
– Etter mitt skjønn har ikkje han noko der å gjere. Det er så farleg og ureint farvatn rundt Inngripan og sørover og der, og på utsida også, at ukjende folk bør ikkje dra dit, seier Kåre Bjarne Fure.
Han meiner turistar ofte ikkje har føresetnader for å vite kor farleg havet er.
NRK har stilt fleire spørsmål om opplæringa og utstyr til det lokale selskapet som driv utleige. Leiinga har så langt ikkje svart.
Foreslår avgrensingar for turistane
No får dei lokale fiskarane støtte frå Redningsselskapet. Dei var involverte i søket etter båten og dei fire turistane i helga ved Grip.
Skipsførar hos Redningsselskapet, Jon-Atle Leier-Toft, seier det er sterke straumar og skiftande ver ved turisttøya Grip i havgapet.
– Det er sterke straumar og kan snu fort. Dersom ein ikkje har noko middel for å lokalisere seg og får eit problem, så er det veldig vanskeleg å finne dei. Dei kan drifte ganske langt, seier skipsførar Jon Atle Leia Toft i Redningsselskapet.
Han meiner det er eit godt forslag å avgrense kor langt turistane kan dra, og sette digital sporing på båtane.
Skal undersøke båten
Politiadvokat Emma Johansen seier dei framleis er i ein tidleg fase av etterforskinga, og at det gjenstår fleire etterforskingsskritt før dei forhåpentlegvis kan seie noko om årsaka til ulykka.
Båten i forliset var ein seks meter lang open motorbåt med 60 hestekrefter.
– Vi forsøker å kartlegge det som har skjedd. Etterforskinga blir gjort både taktisk og teknisk, med avhøyr og undersøkingar av båten, seier Johansen.
Statens havarikommisjon er varsla, men har førebels ikkje bestemt seg for om dei skal opprette gransking. Havarikommisjonen har allereie granska fleire liknande ulykker, og at det ser ut for å vere dei same utfordringane i denne saka.
– Vi ventar no og ser kva Sjøfartsdirektoratet og DSB (Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap) har til hensikt å gjere overfor bransjen som driv båtutleige, seier Dag Liseth, som er leiar for sjøfartsavdelinga i havarikommisjonen.
Dei har tidlegare kome med fleire forslag til endringar i regelverket.
Dei vil mellom anna ha strengare krav til båtutleige, og at det bør vere sporingsutstyr i båten, slik at ein kan reagere raskt dersom noko skjer.
Skal finne ut om regelverket er godt nok
Det er ikkje første gang utanlandske fisketuristar omkjem. Berre i år har sju personar mist livet, tre av dei i Smøla, ikkje så langt unna Averøy.
Sjøfartsdirektoratet har saman med Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) fått i oppdrag frå regjeringa å finne ut om det må gjerast innstrammingar i regelverket for utleige av fritidsbåtar.
– Det har dessverre vore ein del ulykke knytt til utleige av fritidsbåtar, sa Dag Inge Aarhus, kommunikasjonsdirektør i Sjøfartsdirektoratet til NRK i helga.
Aarhus seier at arbeidet så vidt er i gang, men at målet er klart.
– Vi har jo ein nullvisjon, ønsket er at alle som drar på sjøen skal komme trygt heim.
Hevdar det er frislepp
Mario Uebe driv sjølv utleige på Averøya, men hans firma var ikkje involvert i ulykka. Han sa til NRK søndag at alle som bestiller hos han, får nødvendig opplæring og at tryggleik har høgste prioritet.
Fiskar Karl Erik Eriksson meiner fleire utleigarar bør gjere meir for å følgje med og forsikre seg om at båtane er på trygg grunn.
Kollega Kåre Bjarne Fure strekar under at det hastar at styresmaktene innfører strengare reglar for fisketurismen.
– Problemet i dag er at det er frislepp. Dei får leige båtane, og så drar dei, og ingen som bryr seg om å passe på kvar dei er, seier han.