Smøla-samfunnet er framleis prega av den dramatiske ulykka då tre menn frå Tsjekkia og Slovakia aldri kom tilbake frå fisketur denne veka. Dei vart funne omkomne etter ein stor redningsaksjon.

Smøla er eit eldorado for fisketuristar. Det idylliske området har 5000 holmar, skjer og øyer, og dette skaper tidvasstraumar og gode forhold for fisken.

Men det kan også vere livsfarleg.

Veiholmen
Smøla er eit eldorado for fisketuristar. Foto: Marius André Jenssen Stenberg

Skulle betre opplæringa

I 2014 vart det utarbeidd eit eige kurs på nett for utanlandske fisketuristar, for å hindre ulykker.

Det fekk ros frå styresmaktene, men blei aldri obligatorisk. Dermed var det ingen turistar som ville bruke tusenvis av kroner ekstra på opplæring og kursinga vart skrinlagt.

– Det var skuffande. Vi brukte eit par år på å utvikle opplegget, seier Gunnar Ulseth.

Han har jobba med tryggleik til sjøs i ein mannsalder og håpte at opplæringa av utanlandske fisketuristar skulle bli mindre tilfeldig.

Båt etter dødsulykke på Smøla
Båten vart henta på land etter den tragiske dødsulykka. Foto: Kurt Sivertsen

Usynlege grunner

Ein av dei beste til å navigere i farvatnet er los Odd Marvin Holberg. Han har køyrt båt på Smøla heile livet, men blir aldri utlært.

– Eg vil påstå at det er eit av dei vanskelegaste sjøområda i heile Noreg, seier den erfarne båtføraren.

Det spesielle med det store havområdet utanfor Vest-Smøla er at det er mange grunner som ikkje er synlege, men ligg 2-3 meter under havoverflata. Det ser ut som reint farvatn, og kan ligge roleg i fem minutt, før grunna plutseleg kjem til syne når det kjem ei bølge.

– Det stikk kanskje opp nokon få grunner, men det er utruleg mange som ligg rett under vatn, seier Holberg. Ikkje alle desse grunnene viser på kartet, så du kan ikkje stole på kartplottar og det elektroniske utstyret om bord.

En mann står på en båt med en innsjø eller fjord i bakgrunnen. Mannen har grått hår og er kledd i en mørkeblå genser og bukser. Han ser mot kameraet og har en mikrofon festet til genseren. En lyskaster er montert på siden av båten. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Los Odd Marvin Holberg meiner havområdet utanfor Vest-Smøla er eit av landets farlegaste. Foto: Eirik Haukenes / NRK

Kan velte

På utsida av området ligg Atlanterhavet, som gjer at det blir mykje straumar og kryssande bølger.

– Du bør helst ha avstand til grunnene, men det er ikkje så enkelt når dei ligg tett spreidd utover, seier Holberg. Det bygg seg opp store krefter med bølger rundt grunnene.

I verste fall kan båten bli hivd rundt og velta i dei enorme kreftene, eller den kan bli fylt med vatn.

Holberg trur ulykker kan skje så lenge ein held på med fisketurisme i dei vanskelege farvatna, men meiner det er viktig med meir kunnskap.

Vil ikkje krevje kurs

Det har vore tøffe dagar for båtutleigar Egil Betten. Han hadde besøk av eit turfølge på 18, som fordelte seg i fleire båtar. Då den eine båten ikkje kom på land att til kvelden sette politiet i gang redningsaksjon.

– Det er forferdeleg trist, seier han som har drive på med båtutleige i 25 år. Det einaste Betten kan krevje er at gjestane hans har båtførarbevis.

– Ein ting er å ha lappen på at du kan køyre båt når du kjem frå utlandet, men her vi held til er det heilt andre forhold, seier Betten.

Han synest det er vanskeleg som utleigar å krevje eit kurs av gjestane når det ikkje er obligatorisk. Det han ynskjer seg er ei praktisk prøve, som alle må gjennom. Det er heller ikkje alltid så lett å rå godt vaksne turistar frå å gå ut dit fisken er.

– Sjølv om eg set avgrensingar er det ikkje alltid dei forheld seg til det, seier Betten.

En eldre mann står på en båt. Bak ham er et rolig vann under en blå himmel. Han har på seg en svart genser og svarte bukser. Båten er ved en flytebrygge. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Egil Betten har drive med fisketurisme i 25 år. Han ynskjer ei obligatorisk praktisk prøve for dei som kjem til landet for å fiske. Foto: Eirik Haukenes / NRK

Fekk med seg kjentmann

Tyske Tobias Grün kom til Smøla for å prøve fiskelykka den same dagen som dødsulykka. Han syntest det som skjedde var grusomt og dei sjølve har tatt forholdsreglar.

– Vi er svært forsiktige og den første dagen heldt vi oss i skjærgården og køyrde ikkje på havet, fortel Grün. Den neste dagen fekk dei med seg ein kjentmann, som kunne vise dei farane.

Også i 2022 omkom det ein utanlandsk fisketurist på Smøla.

Mann med fiskeutstyr står på en båt. Han er iført en hettegenser og caps. Bak ham er det en småbåthavn med hus i bakgrunnen. En rød sluk henger fra fiskestangen. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Tyske Tobias Grün er turist på Smøla. Foto: Eirik Haukenes / NRK

Kan stille strengare krav

Sjøfartsdirektoratet seier at det kviler eit stort ansvar på utleigar for å sikre at den som leiger båten er skikka til å handtere og føre fartøyet. Utleigaren har også rett til å stille strengare krav enn det regelverket seier.

Dei skriv i ein e-post til NRK at dei i lys av dei siste ulykkene vil vurdere om regelverket knytt til utleige må forbetrast.

– Kan det bli aktuelt med eit obligatorisk kurs før turistane får dra ut med båten?

– Det er for tidleg å seie kva konklusjonen blir på vurderingane som no blir gjort, seier kommunikasjonsrådgivar Siv Haugvaldstad Bygnes.