avis/ber/ge v0.1.0
⌕ Søk artikler, forfattere, emneknagger… ⌘K
scraper online neste kjøring om 2 min

Skriv for å søke i artikler…

avis/ber/ge/nrk/s/1.17965605 ↩
story

Luftambulanse på veg til MC-ulykke i Sogndal

Ein motorsyklist har vore utfor ei ulykke på riksveg 13 ved Slinda, mellom Sogndal og Leikanger. Det skal berre vere førar av MC involvert, melder politiet. Motorsyklisten skal ha kommen køyrande frå Sogndal og hamna i autovernet. – Vedkomande verkar alvorleg skadd og har store smerter. Skadeomfanget er uvisst, opplyser Tore-Andre Brakstad i Vest politidistrikt. Naudetatane og luftambulanse er på veg til staden. Trafikken står i begge retningar. Rundt klokka 10.30 bekreftar operasjonsleiaren til NRK at føraren er kritisk skadd. – Føraren flys ut med luftambulanse til Haukeland universitetssjukehus, seier Brakstad til NRK. Ein bilbergar er på plass for å klarere vegen, som no opnast for manuell dirigering. Politiet opprettar sak og etterforskar på staden.

22. July 2026 kl. 06:54 (oppdatert 09:02)
Vestland Nyhetssenter Vestland MC-ulykker

v5 · scraped 25.07 05:45 · 0 blocks · original ·

We can't find the internet

Attempting to reconnect

Something went wrong!

Attempting to reconnect