Kåre Johan Henriksen
Den drepte var 79 år gamle Kåre Johan Henriksen. Foto: Privat

Namn og bilde blir frigitt i samråd med familien. Dei har sjølv ønska å dele det.

Bistandsadvokat for familien er Silja Eriksen. Onsdag skreiv ho følgjande i ei melding frå familien:

– På vegne av dei etterlatte kan eg opplyse at familien er sterkt prega av det som har skjedd. Dette er ein ufatteleg og djupt tragisk situasjon for dei. Dei står midt i ei akutt sorg og eit stort sjokk etter å ha mista ein kjær ektemann og far under svært dramatiske omstende.

– Familien brukar no all sin kraft på å ta vare på kvarandre og forsøke å handtere det som har skjedd. Familien har forståing for den store interessa saka vekker, men treng no tid og rom til å handtere ein svært vanskeleg situasjon.

Henriksen blei drepen natt til tysdag. Politiet rykka da ut etter at naboar hadde ringt om mykje bråk frå trappeoppgangen. Den drepne hadde prøvd å få den sikta til å dempe seg.

Ein mann i 40-åra er sikta for drapet, og er varetektsfengsla i to veker framover, men blir tatt hand om av helsevesenet.

– Gjort ein stor innsats

Kjell Arne Røvik er styreleiar i burettslaget. Det blei kjapt klart at han ville lage ei samling for bebuarane i området.

– Det er så folk skal få snakka saman. Det er eit stort behov for det, trur vi.

Røvik kjente godt til Henriksen, som også var medlem av styret i burettslaget.

– Han var ein godt kjent person i burettslaget, som har budd her lenge, og har gjort ein stor innsats på mange område. Dødsfallet har skaka mange av bebuarane.

Styreleiaren omtalar området som fredeleg og roleg, med mange eldre bebuarar og få ungar.

– Dette var overraskande og djupt tragisk. Det rører oss alle. Det minner oss om at uventa ting kan skje.

«Alvorleg psykotisk tilstand»

Mannen som er sikta for drapet er varetektsfengsla i to veker, opplyste forsvarar Ken Olav Warth til NTB onsdag kveld.

Mannen har i politiavhøyr erkjent at han har gjort seg skuldig i handlinga.

Dette kjem fram av avgjerda om varetektsfengsling frå Nord-Troms og Senja tingrett.

Det er gjennomført ei prejudisiell undersøking av sikta. Konklusjonen er at den sikta er klinisk vurdert til å vere prega av «ein alvorleg psykotisk tilstand som det er diagnostisk usikkerheit rundt».